6. Endringar i lov 12. desember 2003 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

6.1 Sammendrag

Frå 1. januar 2004 er det innført ei generell kompensasjonsordning for meirverdiavgift i kommunesektoren.

Den generelle kompensasjonsordninga er heimla i lov 12. desember 2003 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. (kompensasjonslova). Etter departementet si vurdering er det ønskeleg å gjere enkelte mindre endringar i denne lova.

For det første ønskjer ein å presisere at kompensasjonslova også gjeld ved innførsel av varer frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen. Meirverdiavgiftslova § 62 slår fast at meirverdiavgift skal betalast ved innførsel av varer frå utlandet. Om meirverdiavgifta ved kjøp av varer frå utlandet ikkje vart kompensert, ville kompensasjonsordninga ulovleg kunne motivere til kjøp av varer i Noreg. Departementet foreslår derfor at kompensasjonslova § 3 får eit nytt andre ledd som fastslår at det òg ved import av varer frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen vert ytt kompensasjon for meirverdiavgifta. Ved import av til dømes datamaskiner frå Sverige vil ei verksemd som har rett på kompensasjon få kompensert meirverdiavgifta på same måte som om maskinene var kjøpt i Noreg.

Når det gjeld kjøp av tenester frå utlandet, ønskjer ein òg å presisere at kompensasjonslova gjeld. Ved innførsel av tenester er meirverdiavgiftsplikta regulert av meirverdiavgiftslova § 65a, jf. forskrift 15. juni 2001 nr. 684 (Forskrift nr. 121) om plikt til å betale meirverdiavgift ved kjøp av tenester frå utlandet. Dette vert omtalt som avgift innbetalt ved snudd avregning. Dersom denne meirverdiavgifta ikkje vart kompensert, kunne kompensasjonsordninga verke ulovleg favoriserande på kjøp av tenester frå Noreg. Departementet foreslår på denne bakgrunn at det går fram i kompensasjonslova § 3 andre ledd at det òg vert ytt kompensasjon for den meirverdiavgifta ein betaler ved kjøp av tenester frå utlandet.

For eitt tilfelle er det naudsynt å utvide den tida som går før eit krav på kompensasjon blir forelda. Dette gjeld for dei verksemdene som kan sende inn krav på kompensasjon ein gong i året, jf. kompensasjonslova § 6 tredje ledd. Til dømes kan ein tenkje seg at ei verksemd som vel å sende inn årsoppgåve for 2004 gløymer å ta med eit krav. Verksemda kan då ta dette kravet med på neste oppgåve, jf. kompensasjonslova § 9. Neste oppgåve verksemda vil levere (for heile 2005) kan først leverast 1. januar 2006, jf. kompensasjonslova § 7 andre ledd. Då er det gløymde kravet forelda, jf. kompensasjonslova § 10 første ledd.

For å unngå ein slik situasjon kan ein utvide den tida som kan gå før eit krav vert forelda for dei verksemdene som kan levere inn årsoppgåve. Departementet foreslår derfor at det i kompensasjonslova § 10 vert gitt eit nytt andre ledd der det går fram at krav frå slike verksemder må setjast fram innan to år rekna frå utgangen av det kalenderåret kompensasjonskravet oppsto.

Ein treng òg å innføre eit tvangsgrunnlag for utlegg for dei tilfella det har blitt utbetalt for mykje i kompensasjon.

Det følgjer av kompensasjonslova § 11 at dersom det er utbetalt kompensasjon i strid med denne lova eller forskrift heimla i denne lova, skal det uriktige utbetalte beløp tilbakebetalast. Dette påbodet inneheld ikkje nokon heimel for å tvangsfullbyrde kravet. Departementet meiner at meirverdiavgiftslova § 59 heller ikkje gir tilstrekkeleg heimel som tvangsgrunnlag for slike krav som er nemnde i kompensasjonslova § 11.

Departementet meiner at ein heimel som etablerer eit særleg tvangsgrunnlag, jf. tvangslova § 4-1 tredje ledd, jf. § 7-2 bokstav e, bør takast inn i kompensasjonslova. Dersom det ikkje vert gitt særleg tvangsgrunnlag for dei krava som spring ut av kompensasjonslova § 11, må ein drive dei inn med tvang gjennom den alminnelege namsmannsordninga etter at det er skaffa eit vanleg tvangsgrunnlag. Departementet meiner dette ville vere lite føremålstenleg.

På denne bakgrunn foreslår departementet at kompensasjonslova § 11 får eit nytt andre ledd der det går fram at dei krava som spring ut av første ledd med tillegg av renter, er tvangsgrunnlag for utlegg. For å effektivisere inndrivinga foreslår departementet at krava etter § 11 er tvangskraftige, sjølv om grunnlaget er klaga på eller teke inn for domstolane.

Departementet legg til grunn at forslaga til endringar i kompensasjonslova ikkje gir vesentlege provenyverknader eller administrative verknader.

Departementet viser til forslaga om nytt andre ledd i kompensasjonslova §§ 3, 10 og 11.

Departementet foreslår at endringane blir sett i kraft straks.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.