7.1 Samandrag

7.1.1 Tilbakekrevjing av feilutbetalte ytingar

Departementet foreslår at lova om supplerande stønad får ein paragraf som gir heimel for å krevje attende feilutbetalte ytingar dersom stønadstakaren forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Mønsteret er den tilsvarande regelen i bidragsinnkrevjingslova § 14 nr. 2 snarare enn dei meir kompliserte reglane i folketrygdlova § 22-15.

Forslaget inneber vidare at beløp som vert krevde attende kan bli avrekna i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald, men slik at avrekninga er avgrensa til 10 pst. av dei aktuelle terminbeløpa. Dette tilsvarar ordninga etter folketrygdlova § 22-16 (sjå òg den same lova § 22-15 tredje leddet).

Ein viser til § 13 i lovforslaget.

7.1.2 Finansiering

Det vert lagt til grunn at utgiftene til supplerande stønad skulle dekkjast av det ordinære statsbudsjettet. Dette er mellom anna vesentleg for å få unntak frå eksportkravet i EØS-avtalen. Departementet foreslår at dette vert slått fast i den nye lova § 14, som er utforma etter mønster av barnetrygdlova §§ 20 og 21.

7.1.3 Handsaminga av saker

Ein viktig del av reglane for handsaming av saker om supplerande stønad er omtalte i kapittelet om kontroll (kapittel 5 i innstillinga). Det er òg bruk for andre reglar, som i store trekk kan byggje på dei tilsvarande reglane i folketrygda. Departementet foreslår:

  • a) I § 15 i den nye lova vert det bestemt at reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av sakene, men med dei unntaka som framgår av lova (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 21-1).

  • b) I § 16 vert det bestemt at Rikstrygdeverket avgjer saker etter lova, men slik at avgjerda kan bli delegert til anna organ i trygdeetaten (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 20-2). Rikstrygdeverket vil vurdere nærare om desse sakene skal avgjerast lokalt på trygdekontoret eller om handsaminga skal leggjast til anna organ med sikte på å sikre særleg kompetanse på dette området. Det einskilde trygdekontoret vil ofte ha få slike saker.

  • c) I § 17 vert det bestemt at søknad om supplerande stønad skal setjast fram for trygdekontoret på bustaden, som har plikt til å hjelpe til med å fylle ut det aktuelle skjemaet (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 21-2, sjå òg forvaltningslova). Det vert presisert at søkjaren må møte personleg i samband med søknaden.

  • d) I § 22 vert det bestemt at saker etter lova kan ankast inn for Trygderetten. For saker etter folketrygdlova framgår dette av same lova § 21-12, som inneheld ei rekkje andre reglar om anke og klage. Etter forslaget til § 22 i lova om supplerande stønad skal desse reglane gjelde så langt dei høver. Departementet har vurdert om ei anna ordning for anke eller klage kunne vere aktuelt for saker om supplerande stønad, men har ikkje funne grunnlag for dette.

  • e) I § 23 vert det vist til andre saksbehandlingsreg­lar mv. i folketrygda, som skal gjelde for saker om supplerande stønad så langt dei høver. Dette gjeld folketrygdlova §§ 20-8 (revisjon), 21-9 (teieplikt), 21-10 (behandlingstid og plikt til skriftleg melding om vedtak), 21-11 (heimel for Rikstrygdeverket til å gjere om vedtak i underordna organ), 22-1 (utbetaling til den som har rett til ytinga), 22-6 (utbetaling til sosialkontoret eller andre når stønadstakaren ikkje kan disponere ytinga sjølv) og 22-18 (utbetalingsmåten for ytingar).

7.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, støttar forslaga i proposisjonen.