Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Trond Lode, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til at lovfesting av den redaksjonelle fridomen har vore eit aktuelt tema i lengre tid, jf. m.a. NOU 1995:3, St.meld. nr. 18 (1996-1997) og St.meld. nr. 57 (2000-2001). Komiteen merkar seg at departementet har justert det noverande lovframlegget etter at sentrale høyringsinstansar var svært negative til framlegget slik det låg føre under første høyringsrunde, og at framlegget som no ligg føre, tek omsyn til denne kritikken. Komiteen er nøgd med dette. Komiteen merkar seg vidare at lovframlegget etter departementet si vurdering ikkje er i strid med gjeldande § 100 i Grunnlova.
Komiteen vil vidare vise til at Redaktørplakaten per i dag har stor gjennomslagskraft som avtalerettsleg instrument, og at prinsippet om redaksjonell fridom er slått fast eller føresett i ulike sær- og lovreglar. Prinsippet om redaksjonell fridom er også slått fast i sedvane og praksis i mange europeiske land, sjølv om det ikkje er lovfesta.
Komiteen er einig med
departementet i at det er gode grunnar for å lovfeste prinsippet
om redaksjonell fridom. Komiteen merkar
seg at alle høyringsinstansane som har uttalt seg om behovet for lovfesting
av redaksjonell fridom, stør dette i prinsippet, og at fleire peiker
på at det ligg monaleg lovgivingskraft i det å få forankra dette
prinsippet i lovverket. Samtidig merkar komiteen seg
m.a. uttalen frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Norsk Redaktørforening
(NR) om at framlegget bør vera første ledd i arbeidet med å få på
plass ein breiare medieansvarslov, som også er betre oppdatert andsynes
den teknologiske utviklinga, og særleg i høve til elektroniske medium.
Komiteen meiner det var
rett av departementet å utvide lovframlegget med omsyn til kva type
medium som skal omfattast av lova etter kritikken som kom i første
høyringsrunde, og er tilfreds med at forslaget no også omfattar
store deler av veke- og fagpressa. Lova vil med dette omfatte dagsaviser
og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon
og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt. Tilsvarande
avgrensing vil også gjerast gjeldande for elektroniske medium med same
føremål. Etter komiteen si meining er
det viktig at denne avgrensinga ikkje vert tolka innskrenkande,
m.a. jf. diskusjonen knytt til redaktøransvaret i høve til elektroniske
medium.
Komiteen legg til grunn at ein etter
ei tid vil evaluere lova for å sjå om innretninga er tilfredsstillande
- særleg i høve til elektroniske medium - eller om det er behov
for justeringar.
Komiteen vil i denne samanhengen
framheve at det er naudsynt med ei avklaring på spørsmålet om redaktøren
sitt ansvar i høve til uredigerte nettdebattar, og vil be departementet
kome tilbake med ei vurdering av dette så snart som mogleg.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg diskusjonen knytt
til redaktøransvaret for ein open kanal i det digitale bakkenettet,
og at departementet meiner at lovforslaget ikkje vil hindre konsesjonæren
frå å legge redaktøransvaret på den einskilde produsenten eller programskaparen
i nettverket - såkalla sjølvstendig redaktøransvar.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg diskusjonen knyttet til redaktøransvaret for en åpen kanal i
det digitale bakkenettet, og mener det må legges til grunn at også
en åpen kanal i det digitale bakkenettet må ha en redaktør som har
det overordnede redaktøransvaret. Disse medlemmer mener
det vil være svært uoversiktlig og vanskelig for den enkelte fjernsynsseer
og samfunnet å forholde seg til et situasjon der programsegmenter
på kanskje ned til 5-10 minutter har en selvstendig redaktør.
Komiteen merkar seg vidare
diskusjonen knytt til rekkjevidda av det lovmessige vernet og ser at
det mellom anna kan vere uklart kva som vert definert som "redaksjonelle
spørsmål". Komiteen er einig med departementet
i at det ikkje er mogleg å skissere heilt presise rammer for den
redaksjonelle fridomen, men at Redaktørplakaten vil kunne gi rettleiing
med omsyn til den nærmare rekkjevidda for redaktørens avgjerdsmakt
etter lova.
Komiteen merkar seg at
ingen av høyringsinstansane går uttrykkeleg mot å lovfeste plikta
til å ha redaktør for alle medium som er omfatta av lova, men at
fleire høyringsinstansar meiner det vil vere formålstenleg å ta
inn ein definisjon av omgrepet "redaktør" i lovteksten. Komiteen er einig i dette og stør departementet
sine vurderingar.
Komiteen meiner at det
ikkje er naudsynt å skipe eit eige organ for å føre tilsyn med reglane
i lova, og viser til omtala i proposisjonen. Komiteen legg
til grunn at ein vil vurdere om det er behov for nye sanksjonsreglar
når lova etter ei tid skal evaluerast, jf. ovanfor.