Innstilling frå næringskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Nærings- og fiskeridepartementet – BERIKTIGET

Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

I proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2016 i samsvar med pkt. 1.1 nedanfor.

1.1 Hovedpunkter i endringsforslaget

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2017 at ho, ut frå samfunnsmessige omsyn, vil ta eit medfinansieringsansvar for det føreståande arbeidet med nedbygging av dei nukleære anlegga i Noreg og handtering av norsk radioaktivt avfall. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 71,4 til 86,4 mill. kroner.

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har påtatt seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Tildeling av oppdraget med opprydding er utsett. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga frå 19,7 mill. kroner til 0 kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg har hatt innbetalingar til ein høgare valutakurs enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2016. Samstundes har nokre av kontingentane også vore lågare enn forventa. Til saman gjer dette grunnlag for en reduksjon av løyvinga. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 37,8 til 36,8 mill. kroner.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 4,7 til 4,9 mill. kroner.

Post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab

I saldert budsjett for 2016 blei det løyvd 20 mill. kroner i støtte til Mechatronics Innovation Lab (MIL). Det er førebels ikkje utbetalt noko av denne løyvinga. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Overslagsløyvinga for 2016 tek utgangspunkt i eit venta gjennomsnitt på 11 500 sjøfolk i ordninga. Utviklinga i offshoremarknaden har ført til at talet på sjøfolk omfatta av tilskotsordninga blir lågare enn venta etter at fire av seks av budsjettårets terminar er handsama og utbetalt. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 142 mill. kroner, frå 1 992 til 1 850 mill. kroner.

Kap. 911 Konkurransetilsynet

Post 1 Driftsutgifter

Konkurransetilsynet flytta inn i nye lokale i Bergen i juni 2016. Leigekontrakten til dei tidligare lokala som tilsynet hadde, varer til 31. august 2017. Konkurransetilsynet har ikkje lukkast med å få avslutta leigekontrakten eller leigt ut heile lokalet. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner, frå 96,7 til 100,6 mill. kroner.

Kap. 919 Ymse fiskeriformål

Post 60 Tilskot til kommunar, kan overførast

I 2015 fekk oppdrettarane tilbod om kapasitetsauke på 5 pst. på alle løyve, mot eit vederlag på 1 mill. kroner og strenge krav når det gjeld lakselus. I budsjettet for 2016 er det lagt til grunn at tilbodet vil bli nytta for 75 pst. av alle løyva. Eit revidert anslag tilseier at tilbodet vil bli nytta på om lag 10 pst. av alle løyve. Dette gir eit samla vederlag på 100 mill. kroner for 2015 og 2016.

Samla utbetaling over kap. 919, post 60 knytt til kapasitetsauken er berekna til 74,3 mill. kroner.

I juni 2016 fekk oppdrettarane tilbod om å gå inn på ei ordning med variabel MTB-grense gjennom året, mot eit vederlag på 1,5 mill. kroner per konsesjon. I alt 27 konsesjonar er meldt på ordninga. Dette gir eit samla vederlag på 40,5 mill. kroner. Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlaget er 80 pst., noko som utgjer 32,4 mill. kroner.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga på post 60 med 253,3 mill. kroner, frå 687,8 mill. kroner til 434,5 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 blei det gitt ei tilleggsløyving på 18,7 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 7,1 mill. kroner, frå 217,4 til 210,3 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 blei det gitt ei tilleggsløyving på 33,4 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar på euro og amerikanske dollar. Det har no vist seg at anslaga var for låge. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 372,5 til 375,2 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2016. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5,4 mill. kroner, frå 271,3 til 276,7 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for, samt utgifter knytt til ein norsk nasjonal ekspert i EU-kommisjonens generaldirektorat for konkurranse. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore lågare enn forventa hovudsakeleg som følgje av lågare kontingentinnbetalingar. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 48,8 til 46,8 mill. kroner.

Kap. 935 Patentstyret

Post 1 Driftsutgifter

Som følgje av auka aktivitet utover det som er budsjettert, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 236,8 til 239,6 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2016 er det løyvd 23,552 mill. kroner på post 21. Dei samla utgiftene for 2016 er anslått til om lag 41 mill. kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar i samband med eigarmessige vurderingar av statleg eigde selskap og vurderinga av situasjonen og utviklinga i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og sal av aksjar i Entra ASA og SAS AB, står for hovuddelen av utgiftene.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 17,8 mill. kroner, frå 23,5 til 41,3 mill. kroner.

Post 49 (ny) Kjøp av eigedom, kan overførast

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å løyve 300 mill. kroner til kjøp av eigedomen Austre Adventsfjord på Svalbard.

Post 51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS Post 90 (ny) Lån Post 95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK)

Departementet har i haust vurdert situasjonen i SNSG og saman med selskapet forhandla med SNSG sin bank om moglege rammer for å kunne føre vidare drifta i Gruve 7 og sette i verk driftskvile i Svea/Lunckefjell frå 2017. Partane har kome fram til ein avtale som føreset tilslutnad frå Stortinget. Avtalen er basert på førebelse prognosar for SNSG si finansielle stilling ved utgangen av 2016. Avtalen inneber at SNSK-konsernet vert tilført likviditet frå staten gjennom lån med pant i bustader i SNB og kapitalinnskot som vert stilt til disposisjon for SNSG. Avtalen inneber også at banken medverkar til ei løysing, og at banken vil frigje sine panterettar i driftsmidlar som er naudsynte for drifta i Gruve 7 og gjennomføring av driftskvile i Svea/Lunckefjell.

I tillegg til å inngå ein avtale med banken, vert det lagt opp til å etablere drifta av Gruve 7 i eit nytt heleigd dotterselskap av SNSK.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om ei løyving på 100 mill. kroner over kap. 950, ny post 90 Lån og 144 mill. kroner over kap. 950 post 95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Slik den finansielle stillinga i SNSG no står, vil det vere naudsynt å tilføre selskapet 94 mill. kroner i eigenkapital. Resterande 50 mill. kroner av eigenkapitalløyvinga på 144 mill. kroner er knytt til usikkerheita om den endelege finansielle stillinga i SNSG per 31. desember 2016. Denne vil bli avklart i 2017 når endeleg rekneskap for 2016 er utarbeida. På bakgrunn av dette foreslår departementet at løyvinga blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast». I tillegg vert det lagt fram forslag om ei løyving på 144 mill. kroner over kap. 950 post 51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS.

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 52 S (2015–2016) blei det løyvd 112 mill. kroner i ny eigenkapital til SNSK. Dersom dei faktiske kostnadane er mindre enn kva som blei lagt til grunn i Prop. 52 S (2015–2016), kan tidlegare løyve, med unntak av midlane til pensjon, nyttast av SNSK som ein del av oppgjeret med banken.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om kolverksemda på Svalbard og SNSK si framtidige rolle på eigna måte, jf. Stortinget si handsaming av Svalbardmeldingen, Meld. St. 32 (2015–2016).

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvingane under postane 51 og 95 med 150,5 mill. kroner, frå 138 til 288,5 mill. kroner, og at det vert løyvd 100 mill. kroner under ny post 90.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 50 Innovasjon – prosjekter, fond

For 2016 vert «Grøn skipsfart» finansiert med 40 mill. kroner over denne posten. Innovasjon Noreg reknar at 3,5 mill. kroner av midlane til kondemneringstilskot og 3 mill. kroner av tapsfondmidlane ikkje vert nytta i 2016. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner, frå 553,5 til 547 mill. kroner.

Post 72 Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, frå 306,1 til 206,1 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, frå 300 til 400 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Post 76 Miljøteknologi, kan overførast

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 250 mill. kroner, frå 464,5 til 214,5 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, dvs. frå 300 til 550 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2016. Dette inneber òg at avdraga blir auka jf. omtale under kap. 5325 post 90. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mrd. kroner, frå 42,9 til 45,4 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 90 Utlån

Nytt anslag for utlån under ordninga er 13 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonen er færre utlån til selskap knytt til olje- og gassverksemda. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 2 mrd. kroner, frå 15 til 13 mrd. kroner.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 1 Gebyrinntekter

Det har vore ein svikt i gebyrinntektene til Justervesenet i 2016. Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 8,9 mill. kroner frå 37,4 til 28,5 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 1 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2016. Dette gjeld særleg Lausøyreregistret, der tinglysing av salspant har stor auke. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 77,5 mill. kroner, frå 462,5 til 540,0 mill. kroner.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 1 Gebyr for skip og offshoreinstallasjonar i NOR

Fleire nybygg har blitt bygd som NIS-registrerte skip og som etter ferdigstilling har blitt registrert som NOR-registrerte fartøy, noko som har medført ein reduksjon i innbetalingar av fyrstegongsgebyr. Ei anna årsak er færre byggemeldingar og færre ferdigstilte nybygg samanlikna med dei føregåande åra. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 14 mill. kroner, frå 177 til 163 mill. kroner.

Post 4 Gebyr for skip i NIS

Sjøfartsdirektoratet sine inntekter vert høgare enn venta.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 43,4 til 45,9 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 5 Sakshandsamingsgebyr

Posten blir m.a. nytta til å inntektsføre innbetalingar av sakshandsamingsgebyr i samband med havbruk og ervervssøknader og innmeldingsgebyr i Merkeregisteret.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 17 mill. kroner.

Post 13 Vederlag oppdrettskonsesjonar

Det vert vist til omtale under kap. 919 post 60. Ut frå det reviderte anslaget vil det samla vederlaget for oppdrettskonsesjonar bli 81 mill. kroner i 2016. Løyvinga på posten må derfor reduserast med 620 mill. kroner.

I juni 2016 fekk oppdrettarane tilbod om å gå inn på ei ordning med variabel MTB-grense gjennom året, mot eit vederlag på 1,5 mill. kroner per konsesjon. I alt 27 konsesjonar er meldt på ordninga. Dette gir eit samla vederlag på 40,5 mill. kroner.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga på kap. 3917 med 579,5 mill. kroner, frå 746 mill. kroner til 166,5 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 3 Gebyr immaterielle rettar

Patentstyret sine inntekter vil bli høgare enn budsjettert, og Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, frå 65,7 til 75,7 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I Saldert budsjett 2016 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp av aksjar. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2015 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA. Etter at kapitalnedsetting i Yara International ASA blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 252,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

Departementet solgte 30 mill. aksjar i Entra ASA i september 2016. Salsummen utgjorde 2,5 mrd. kroner. Staten sin eigardel i Entra ASA vart dermed redusert frå 49,7 pst. til 33,4 pst.

Departementet solgte 9,2 mill. aksjar i SAS AB i oktober 2016. Salsummen utgjorde 132 mill. norske kroner. Staten sin eigardel i SAS AB vart dermed redusert frå 14,29 pst. til 11,45 pst.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke den samla løyvinga på post 96 med 2 850,6 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 2 875,6 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421 post 90 ovanfor.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 42,5 til 45,3 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

Nytt anslag er 25 mill. kroner, og årsaka til reduksjonen er i hovudsak lågare gebyrgenererande aktivitet enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 30 til 25 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å endre budsjetteringa av avdraga slik at dei reflekterer forventa innbetalingar målt i norske kroner, basert på valutakursar fastsett i Finansdepartementet sine budsjettskriv. Differansen mellom historisk valutakurs og faktisk valutakurs ved innbetaling vil føre til ein netto valutakursvinst under eksportkredittordninga på om lag 1,29 mrd. kroner i 2016.

Eksportkreditt Noreg reknar at avdrag på uteståande fordringar i 2016 vil bli om lag 3,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett. Bakgrunnen er mellom anna at selskapet får søknader om utsetting av avdrag frå selskap knytt til olje- og gass.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga på post 90 med 2,1 mrd. kroner, frå 10,2 til 8,1 mrd. kroner.

Kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Post 81 Renter av ansvarleg lån

Det ansvarlege lånet på 205 mill. kroner blei vedteke konvertert til eigenkapital 18. mai 2016. Nærings- og fiskeridepartementet gjer såleis framlegg om å løyve 6,5 mill. kroner, – 3,5 mill. kroner i renter for perioden 1. april til 18. mai og 3 mill. kroner i etableringsgebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 5612 post 81 med 6,5 mill. kroner, frå 26 til 32,5 mill. kroner.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer òg framlegg om å løyve tilsvarande beløp som eigenkapitalinnskot og tilhøyrande tapsavsetting, jf. kap. 950 postane 51 og 95.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 50 mill. kroner, frå 180 til 130 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei redusert til 12 345,5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016, er innbetalt utbyte frå selskapa 129,9 mill. kroner høgare. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 129,9 mill. kroner, frå 12 345,5 til 12 475,4 mill. kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, syner til omtale og framlegg i proposisjonen, og sluttar seg til desse.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding blir lagt fram av ein samla komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

900

Nærings- og fiskeridepartementet

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

15 000 000

frå kr 71 462 000 til kr 86 462 000

30

Miljøtiltak Søve, kan overførast, blir redusert med

19 700 000

frå kr 19 700 000 til kr 0

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med

1 000 000

frå kr 37 857 000 til kr 36 857 000

71

Miljøtiltak Raufoss, blir auka med

200 000

frå kr 4 700 000 til kr 4 900 000

903

Norsk akkreditering

1

Driftsutgifter, blir auka med

9 000 000

frå kr 41 572 000 til 50 572 000

909

Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

73

Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med

142 000 000

frå kr 1 992 000 000 til 1 850 000 000

911

Konkurransetilsynet

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 900 000

frå kr 96 732 000 til kr 100 632 000

23

Klagenemnda for offentlege innkjøp, blir auka med

500 000

frå kr 9 915 000 til kr 10 415 000

915

Regelrådet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

3 100 000

frå kr 10 286 000 til kr 7 186 000

919

Ymse fiskeriformål

60

Tilskot til kommunar, kan overførast, blir redusert med

253 300 000

frå kr 687 820 000 til kr 434 520 000

72

Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar, blir redusert med

800 000

frå kr 3 000 000 til kr 2 200 000

74

Erstatningar, kan overførast, blir auka med

1 000 000

frå kr 2 100 000 til kr 3 100 000

922

Romverksemd

70

Kontingent i European Space Agency (ESA), blir redusert med

7 100 000

frå kr 217 400 000 til kr 210 300 000

71

Internasjonal romverksemd, blir auka med

2 700 000

frå kr 372 500 000 til kr 375 200 000

73

EU sine romprogram, blir auka med

5 400 000

frå kr 271 300 000 til kr 276 700 000

924

Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

70

Tilskot, blir redusert med

2 000 000

frå kr 48 800 000 til kr 46 800 000

frå kr 5 800 000 til kr 8 300 000

935

Patentstyret

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 784 000

frå kr 236 834 000 til kr 239 618 000

950

Forvalting av statleg eigarskap

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

17 800 000

frå kr 23 552 000 til kr 41 352 000

49 (ny)

Kjøp av eigedom, kan overførast, blir løyvd med

300 000 000

51

Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, kan overførast, blir auka med

150 500 000

frå kr 138 000 000 til kr 288 500 000

90 (ny)

Lån, blir løyvd med

100 000 000

95

Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, kan overførast, blir auka med

150 500 000

frå kr 138 000 000 til kr 288 500 000

2421

Innovasjon Noreg

50

Innovasjon – prosjekter, fond, blir redusert med

6 500 000

frå kr 553 500 000 til kr 547 000 000

72

Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast, blir redusert med

100 000 000

frå kr 306 100 000 til kr 206 100 000

73 (ny)

Tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft, kan overførast, blir løyvd med

2 200 000

76

Miljøteknologi, kan overførast, blir redusert med

250 000 000

frå kr 464 500 000 til kr 214 500 000

90

Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med

2 500 000 000

frå kr 42 900 000 000 til kr 45 400 000 000

2429

Eksportkreditt Noreg AS

90

Utlån, blir redusert med

2 000 000 000

frå kr 15 000 000 000 til kr 13 000 000 000

Inntekter

3902

Justervesenet

1

Gebyrinntekter, blir redusert med

8 900 000

frå kr 37 400 000 til kr 28 500 000

3903

Norsk akkreditering

1

Gebyrinntekter og andre inntekter, blir auka med

9 000 000

frå kr 35 432 000 til kr 44 432 000

3904

Brønnøysundregistra

1

Gebyrinntekter, blir auka med

77 500 000

frå kr 462 550 000 til kr 540 050 000

3910

Sjøfartsdirektoratet

1

Gebyr for skip og flyttbare innrettingar i NOR, blir redusert med

14 000 000

frå kr 177 090 000 til kr 163 090 000

4

Gebyr for skip i NIS, blir auka med

2 500 000

frå kr 43 476 000 til kr 45 976 000

3911

Konkurransetilsynet

1

Klagegebyr, blir auka med

404 000

frå kr 996 000 til kr 1 400 000

4

Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege innkjøp, blir auka med

100 000

frå kr 200 000 til kr 300 000

86

Lovbrotsgebyr, blir auka med

300 000

frå kr 100 000 til kr 400 000

87

Overtredelsesgebyr, blir redusert med

100 000

frå kr 100 000 til kr 0

3917

Fiskeridirektoratet

5

Sakshandsamingsgebyr, blir redusert med

1 000 000

frå kr 18 064 000 til kr 17 064 000

13

Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar, blir redusert med

579 500 000

frå kr 746 000 000 til kr 166 500 000

3935

Patentstyret

03

Gebyr immaterielle rettar, blir auka med

10 000 000

frå kr 65 716 000 til kr 75 716 000

3950

Forvalting av statleg eigarskap

96

Sal av aksjar, blir auka med

2 850 650 000

frå kr 25 000 000 til kr 2 875 650 000

5325

Innovasjon Noreg

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med

2 800 000 000

frå kr 42 500 000 000 til kr 45 300 000 000

5329

Eksportkreditt Noreg AS

70

Gebyr m.m., blir redusert med

5 000 000

frå kr 30 000 000 til kr 25 000 000

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med

2 110 000 000

frå kr 10 200 000 000 til kr 8 090 000 000

5574

Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

71

Avgifter immaterielle rettar, blir auka med

3 000 000

frå kr 151 000 000 til kr 154 000 000

72

Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur, blir redusert med

3 855 000

frå kr 30 655 000 til kr 26 800 000

73

Årsavgift Merkeregisteret, blir redusert med

1 550 000

frå kr 9 550 000 til kr 8 000 000

74

Fiskeriforskingsavgift, blir auka med

33 800 000

frå kr 198 500 000 til kr 232 300 000

5612

Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

81

Renter av ansvarleg lån, blir auka med

6 500 000

frå kr 26 000 000 til kr 32 500 000

frå kr 17 900 000 til kr 22 900 000

5625

Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

80

Renter på lån frå statskassa, blir redusert med

50 000 000

frå kr 180 000 000 til kr 130 000 000

5656

Aksjar i selskap under NFD si forvalting

85

Utbyte, blir auka med

129 900 000

frå kr 12 345 500 000 til kr 12 475 400 000

II
Tilføying av stikkord

Stortinget samtykkjer i at løyvinga i statsbudsjettet for 2016 under kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab, tilførast stikkordet «kan overførast».

III
Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2016 kan gi tilsegn om tilskot utover gitt løyving, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Formål

Samla ramme

2421

Innovasjon Noreg

72

Forskings- og utviklingskontraktar

400 mill. kroner

76

Miljøteknologi

550 mill. kroner

Oslo, i næringskomiteen, den 8. desember 2016

Geir Pollestad

leder og ordfører