Innhold

15. Tollfritak for roser fra GSP+-land

Sammendrag

Som andre industriland gjev òg Noreg lågare toll til utviklingsland gjennom GSP-ordninga (Generalized system of preferences). Ordninga er einsidig og kan trekkjast tilbake eller endrast av Noreg. Den norske GSP-ordninga vart etablert i 1971 og har vorte endra fleire gonger.

Utgangspunkt for tollpreferansar etter GSP-ordninga er OECD si liste over utviklingsland som mottek offisiell støtte (DAC-lista). Lista deler inn land i fire grupper ut frå den økonomiske situasjonen deira, slik: 1) minst utvikla land (MUL), 2) andre låginntektsland, 3) lågare mellominntektsland og 4) høgare mellominntektsland. Den norske GSP-ordninga gjev MUL og andre låginntektsland med mindre enn 75 mill. innbyggjarar toll- og kvotefridom for alle varer. Lågare mellominntektsland med mindre enn 75 mill. innbyggjarar vert skilde ut i ei eiga gruppe kalla GSP+, medan andre lågare mellominntektsland og høgare mellominntektsland vert rekna som vanlege GSP-land. GSP+ og vanlege GSP-land får ulike gradar av tollreduksjon på landbruksvarer. Normalt vert lista oppdatert kvart tredje år.

Tollen på avskorne roser er todelt. I perioden 1. november–31. mars er det tollfritak for alle land (varenummer 06.03.1110 i tolltariffen). I tida 1. april–31. oktober er allmenn tollsats 249 pst. (varenummer 06.03.1120). Gjennom GSP-ordninga har GSP+-landa i dag ein toll på 150 pst. for desse varene, medan vanlege GSP-land har ein tollsats på 211,7 pst. Samstundes har nokre land gjennom frihandelsavtalar fått lågare toll på roser. Til dømes får EU og EFTA-landa ein tollsats på 150 pst. i sumarhalvåret, dvs. same tollsats som GSP+ har per i dag.

Kenya er i dag det største leverandørlandet av roser til Noreg, følgd av Etiopia og Tanzania. Ei viktig årsak til dette er at landa har tollfritak gjennom den norske GSP-ordninga. Som følgje av økonomisk framgang vil Kenya ved neste revisjon av DAC-lista truleg få endra status frå låginntektsland til GSP+-land. Neste revisjon av lista er venta hausten 2020. Med verknad frå 2021 vil i så fall roser frå Kenya få ein toll på 150 pst. i perioden 1. april–31. oktober. Med ein slik tollsats vil det truleg ikkje verte importert roser frå Kenya.

GSP-ordninga inneber at utviklingsland som kjem opp i ein høgare inntektskategori, skal miste tollfordelane sine, til fordel for utviklingsland i lågare inntektskategori. Landa i lågare inntektskategori betrar dermed si relative konkurransekraft. For roser vil auka toll for Kenya kome Etiopia og Tanzania til gode, då dei to landa vil behalde tollfritaket sitt fordi dei framleis vil vere MUL. På den andre sida er tollpreferansar gjennom GSP-ordninga meint som hjelp til å byggje opp eigen industri og økonomisk vekst. Det vil vere uheldig om auka toll som følgje av den økonomiske veksten i Kenya, skulle medføre at den store eksporten av roser til Noreg stoppar opp. Landets blomeeksport tapar dessutan store inntekter som følgje av virusutbrotet. Tollauke på roser kan svekkje Kenyas økonomi ytterlegare. Regjeringa ønsker difor ikkje auka toll på roser frå Kenya.

Den norske GSP-ordninga byggjer på objektive kriterium, noko som inneber at samanliknbare land i same inntektskategori skal behandlast likt. Tollreduksjon for roser bør difor omfatte alle GSP+-land, og ikkje berre Kenya. Per i dag er det ingen GSP+-land som eksporterer roser til Noreg. Ei tollendring for roser vil først ta til å gjelde frå og med 2021. Regjeringa vil difor kome attende i budsjettet for 2021 med framlegg om at toll på avskorne roser mv. (varenummer 06.03.1120) frå GSP+-land vert redusert til null i perioden 1. april–31. oktober. Omsynet til føreseielege vilkår for roseeksportørane i Kenya og for importørane i Noreg tilseier at endringa vert varsla i god tid.

Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at Norge gjennom GSP-ordninga gir toll- og kvotefritak for alle varer til MUL og andre lavinntektsland med mindre enn 75 mill. innbyggere. GSP-ordninga innebærer at utviklingsland som kommer opp i en høyere inntektskategori, skal miste tollfordelene sine, til fordel for utviklingsland i lavere inntektskategorier. Dette bidrar til at land i lavere inntektskategori bedrer sin konkurransekraft. Disse medlemmer ønsker å stå fast på dette prinsippet, og går derfor mot forslaget om tollfritak for roser fra GSP+-land.