Innhold

1. Innledning

Sammendrag

I revidert nasjonalbudsjett 2020 foreslår regjeringa fleire nye endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga som ein respons på utbrotet av koronaviruset. Desse framlegga inneber at skatte- og avgiftsinntektene vert reduserte med om lag 9,8 mrd. kroner påløpt og 8,7 mrd. kroner bokført samanlikna med saldert budsjett for 2020. Følgjande endringar har provenyverknad for 2020:

  • Å redusere arbeidsgjevaravgifta svarande til 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget for mai og juni månad (tredje termin). Det gjev eit provenytap rekna til i overkant av 8 mrd. kroner bokført i 2020. Samstundes vert forfallstidspunktet for tredje termin utsett til 15. oktober 2020. I sone V («tiltakssona») og på Svalbard, der satsen er null, legg ein opp til eit tilskot på 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget, på til saman 167 mill. kroner.

  • Å innføre startavskriving for saldogruppe d (mellom anna maskinar) på 10 pst., slik at avskrivingane første året vert auka frå 20 til 30 pst. Endringa omfattar driftsmidlar som vert erverva frå og med tidspunktet framlegget tek til å gjelde. Tapet av proveny er berekna til om lag 1 200 mill. kroner påløpt og om lag 200 mill. kroner bokført i 2020. Tapet av proveny på kort sikt vil verte motsvart av lågare avskrivingar og høgare innbetaling av skatt i åra etter 2020. Departementet foreslår at tiltaket gjeld for 2020, og at ei eventuell vidareføring for 2021 vert vurdert i samband med statsbudsjettet for 2021.

  • Å utvide opsjonsskatteordninga for små oppstartsselskap. Dagens vilkår om at personar som får tildelt opsjonar under ordninga må ha vorte tilsette i selskapet etter 1. januar 2018, vert oppheva. Vidare vert ordninga utvida til å omfatte selskap med 25 tilsette eller færre og 25 mill. kroner eller mindre i driftsinntekter og balansesum. Det er anslått at framlegga vil redusere provenyet med om lag 690 mill. kroner påløpt og 550 mill. kroner bokført i 2020. Endringane må godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før dei kan ta til å gjelde.

  • Den låge meirverdiavgiftssatsen er sett ned frå 12 til 6 pst. frå og med 1. april til og med 31. oktober 2020. Ved satsreduksjonen vart det ikkje gjort justeringar i budsjettpostar på utgiftssida som vert påverka av satsen for meirverdiavgift, som til dømes løyvinga til NRK. Regjeringa foreslår no å justere ned postar på utgiftssida med samla 290 mill. kroner. Overslaget på det samla netto provenytapet for staten som følgje av redusert meirverdiavgiftssats, vert dermed 1 490 mill. kroner påløpt og bokført i 2020.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på grunn av virusutbrotet som ikkje er venta å ha provenyverknad for 2020:

  • Føretak med betalingsproblem som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka, bør framleis få høve til å utsetje betaling av skatt og avgift. Regjeringa foreslår å innføre nye og meir fleksible føresegner om betalingsutsetjing og å setje utsetjingsrenta ned frå 9,5 til 6 pst.

  • Foreldingsfristen for krav om meirverdiavgiftskompensasjon for januar og februar 2020, vert utsett til 31. august.

  • Etablere ei mellombels skattemessig saldogruppe for skip (utanfor reiarlagsskatteordninga) i nærskipsfart. Regjeringa tilrår ikkje at framlegget vert gjennomført.

I tillegg til framlegga i samband med virusutbrotet foreslår regjeringa endringar i det allmenne skatte- og avgiftsopplegget i revidert nasjonalbudsjett 2020. Desse framlegga reduserer provenyet med om lag 35 mill. kroner påløpt og om lag 25 mill. kroner bokført i 2020 samanlikna med saldert budsjett. Følgjande framlegg til endringar har verknad for provenyet for 2020:

  • Utvide meirverdiavgiftsfritaket for aviser til òg å omfatte aviser som har ei djuptgåande dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Dersom endringa vert sett i verk 1. juli, er tapet av proveny rekna til 25 mill. kroner påløpt og 15 mill. kroner bokført i 2020. Dei langsiktige verknadene på provenyet er truleg vesentleg større.

  • Oppheve Stortingets tidlegare vedtak om full elavgift for utvinning av kryptovaluta i store datasenter. På usikkert grunnlag reknar ein at framlegget reduserer provenyet med 10 mill. kroner bokført i 2020.

Etter at budsjettet for 2020 vart vedteke av Stortinget i desember 2019, har Stortinget vedteke ei rekkje endringar i samband med virusutbrotet. Fristen for å betale ei rekkje skattar og avgifter har vorte utsett. Likviditetseffekten av utsetjingane vil vere på det høgaste nivået i månadsskiftet mai/juni, då dei i sum utgjer om lag 133 mrd. kroner. Det er òg gjennomført fleire mellombelse skatte- og avgiftsletter, både generelle letter og meir målretta letter for utsette næringar. Mellom anna er den låge satsen i meirverdiavgifta redusert frå 12 pst. til 6 pst. i perioden april–oktober, flypassasjeravgifta er oppheva for flygingar i perioden januar–oktober og totalisatoravgifta er avvikla for 2020. For prosessindustrien er CO2-avgifta på naturgass og LPG fjerna frå 1. april 2020, og avgifta vert trappa opp igjen frå 2021 over fire år. Samla tap av proveny som følgje av utsett betaling og mellombels skatte- og avgiftslette er rekna til 8,1 mrd. kroner påløpt og 5 mrd. kroner bokført i 2020. I tillegg kjem ordninga med tilbakeføring av underskot som oppstår i 2020, mot overskot i 2019 og 2018. Denne ordninga får bokført verknad først i 2021. Dei vedtekne endringane og dei nye framlegga i dette reviderte budsjettet vil samla redusere skatte- og avgiftsinntektene med om lag 18 mrd. kroner påløpt og 13,7 mrd. kroner bokført i 2020 samanlikna med saldert budsjett for 2020.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Klårgjere at høvet til eigenendring av skattefastsetting ikkje omfattar ei endring av skatteregime for reiarlag

  • Auke minstegrensa for å skrive ut eigedomsskatt frå 50 kroner til 300 kroner

  • Innføre tollfritak på kjøt frå eiga jakt til eige bruk

  • Innføre fritak for meirverdiavgift på utolla køyretøy som skal brukast av ambassadar m.m.

  • Fastsetje skattereglar for supplerande stønad til uføre flyktningar

  • Overgangsordning for å handtere utleggstrekk når kommunale skatteoppkrevjarar vert overførte til Skatteetaten

I tillegg er følgjande saker omtalte:

  • Fritak for CO2-avgift på naturgass og LPG til verksemder som er kvotepliktige

  • Eingongsavgifta for varebilar og overgang til ny metode for måling av avgassar (WLTP)

  • Tollfritak på roser frå GSP+-land

  • Maksimal sats for bustad og fritidsbustad i eigedomsskatten

  • Avklaring av omgåingsregelen

Regjeringas framlegg til endringar i petroleumsskatten er omtalt i Prop. 113 L (2019–2020) Midlertidige endringer i petroleumsskatteloven. Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2019–2020) Revidert nasjonalbudsjett 2020:

  • Avvikling av 350-kronersgrensa med tilhøyrande overgangsordning

  • Oppfølging av Havbruksskatteutvalet

I proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i eigedomsskattelova

  • lov om endring i folketrygdlova

  • lov om endring i skatteloven

  • lov om endring i merverdiavgiftskompensasjonsloven

  • lov om endring i skattebetalingsloven

  • lov om endring i tolloven

  • lov om endring i merverdiavgiftsloven

  • lov om endring i SI-loven

  • lov om endring i skatteforvaltningsloven

  • lov om endring i lov 20. desember 2019 nr. 94 om endringer i skatteloven

  • lov om midlertidig kompensasjonsordning for arbeidsgivere med nullsats for beregning av arbeidsgiveravgift (Sone V og Svalbard)

og

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om avgift på elektrisk kraft

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2020

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Ingrid Heggø, Siv Henriette Jacobsen, Eigil Knutsen og Hadia Tajik, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Venstre, Ola Elvestuen, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, og fra Rødt, Bjørnar Moxnes, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er nærmere omtalt i Prop. 107 LS (2019–2020), og til merknader knyttet til hvert kapittel nedenfor i denne innstillingen. Komiteen viser videre til rettebrev fra finansministeren av 4. juni 2020. Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.