Innhold

7. Utsatt frist for foreldelse av krav om merverdiavgiftskompensasjon

Sammendrag

Etter merverdiavgiftskompensasjonsloven § 3, jf. § 2 får kommunar, fylkeskommunar og einskilde private og ideelle verksemder kompensert meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester, med nokre unntak. Søknad om kompensasjon for betalt meirverdiavgift i januar og februar hadde leveringsfrist 14. april. For kommunar og fylkeskommunar gjeld ein særleg kort frist for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon; kravet som gjeld januar og februar, vert forelda allereie 10. juni. Viss kravet fell bort fordi fristen ikkje vert overhalden, kan det få store konsekvensar for økonomien i einskilde kommunar.

Tiltaka som er sett i verk som følgje av virusutbrotet, påverkar arbeidet til fylkeskommunane og kommunane. Regjeringa ønskjer å avhjelpe arbeidspresset i kommunane og fylkeskommunane, og gjer framlegg om at departementet får høve til å gje reglar i forskrift om avvikande tidspunkt for forelding av krav om meirverdiavgiftskompensasjon i nokre situasjonar.

Framlegget vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet. Departementet viser til framlegg til endring av merverdiavgiftskompensasjonsloven § 10. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.