Stortinget - Møte onsdag den 18. november 1998 kl. 10

Dato: 18.11.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

John I. Alvheim (Frp): Jeg skal få lov til å stille den ærede sosialminister følgende spørsmål:

«I Dokument 8:66 (1995-96) fremmet jeg i mars 1996 forslag om å sørge for riktig praktisering av samordningsloven slik at ingen kan tape på å ha opptjent pensjonspoeng i Folketrygden. I innstillingen sa en enstemmig komite i forslag til vedtak blant annet at forslaget «oversendes Regjeringen for vurdering og oppfølging i forbindelse med arbeidet med Samordningsutvalgets innstilling og lovforslag i denne forbindelse».

Når kan vi forvente nytt lovforslag fremlagt?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Dei viktigaste forslaga frå Samordningsutvalet var desse: Å ta samordningsreglane inn i regelverket for dei ulike pensjons- og trygdeordningane slik at samordningslova kan opphevast, og å leggja etterlatnepensjonane frå tenestepensjonsordningane om til nettoordningar på sikt.

I visse høve kan ein tapa på å tena opp tilleggspensjon i folketrygda, såkalt negativ effekt. Samordningsutvalet peika på at dette spørsmålet kan løysast ved å innføra ei fridelsløysing eller ei standardisert bruttoordning. Fridelsløysinga vart avvist av Stortinget i 1989 og 1992. Utvalet rådde til å føra vidare gjeldande ordning.

Samordningsutvalet sitt forslag om å oppheva samordningslova og innpassa reglane om frådrag i regelverket for tenestepensjonsordningane kan vera den framtidige løysinga for ei lov som har vore i miskreditt og er lite forstått. Sjølv om lova blei liberalisert i 1989, er det framleis misnøye.

Utvalet sitt forslag blei sendt på høyring i desember 1995. Departementet gjekk då inn for å oppheva samordningslova. Det blei vist til at ein då får samla reglane om bruttopensjon og dei frådraga som skal gjerast, på ein stad for kvar ordning.

I høyringa våren 1996 gjekk alle forvaltarane av dei offentlege pensjonsordningane samla imot å oppheva samordningslova. Av omsyn til einskapen mellom pensjonssystema i offentleg sektor fann Statens Pensjonskasse, dei kommunale pensjonskassene og Rikstrygdeverket det mest tenleg at samordningsreglane framleis var samla i ei lov. Likevel blei det peikt på at ei rammelov for offentlege pensjonsordningar kunne vera eit alternativ.

Oppfølginga av innstillinga frå Samordningsutvalet har synt seg å ta mykje tid av di det trengst ei heilskapleg handtering av tenestepensjonsordningane for statleg og kommunalt tilsette. Finansdepartementet fylgjer truleg dette opp til våren.

Så attende til det spørsmålet representanten Alvheim tar opp: Reglane om samordning kan i visse høve føra til at den samla pensjonen blir mindre når tilleggspensjonen i folketrygda aukar for den som har tent opp tenestepensjonen. Dette gjeld særleg attlevande som får tilleggspensjon delvis på grunnlag av det ektefellen har tent opp.

Samordningsutvalet meinte det beste var å føra vidare gjeldande ordning. Same spørsmålet har òg vore vurdert av Høgsterett i den såkalla Lassung-saka i 1994. Høgsterett kom då til at samordningslova hadde vore praktisert rett.

I høyringa til Samordningsutvalet si innstilling våren 1996 var det altså stor tilslutnad til å føra vidare gjeldande ordning.

Eg tar sikte på å leggja denne problemstillinga fram for Stortinget på nytt som ei særskild sak. Eg vonar å få til dette før jul slik at Stortinget kan handsama saka våren 1999. Stortinget kan då vurdera det spørsmålet representanten Alvheim har teke opp, men separat frå spørsmålet om å avvikla samordningslova.

Eg har merka meg at ein m.a. kan tapa på å ha omsorgspoeng i folketrygda. Dette ynskjer eg å sjå nærare på.

John I. Alvheim (Frp): Jeg takker sosialministeren for svaret. Jeg er enig med sosialministeren i at dette ikke er noen helt enkel sak, den er meget komplisert, men dog: Den tiden som nå er brukt på denne gjennomgangen og et eventuelt nytt lovforslag, kan etter mitt skjønn ikke aksepteres.

I 1997 svarte daværende sosialminister at lovforslaget om en eventuell endring skulle forelegges Stortinget ved årsskiftet 1997/1998, og ved et spørretimespørsmål den 27. mai i år uttalte nåværende sosialminister at man tok sikte på å legge frem et lovforslag eventuelt til høsten. Nå er høsten snart over og vinteren er like om hjørnet, men jeg registrerte nå at sosialministeren sa at hun forventet at et lovforslag ville bli fremmet for Stortinget innen utgangen av året. Jeg ber bare om at dette blir bekreftet fra denne talerstol her og nå.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Samordningsutvalet begynner si innstilling med å seia fylgjande:

«Samordningsloven inneholder det mest kompliserte og vanskeligst tilgjengelige regelverket vi har i vårt rettssystem.»

Eg kan stadfesta at eg har fått mi rikelege erfaring med å gå gjennom det førehandsarbeidet som så langt er gjort. Det er også slik at vi i departementet har brukt tida frå mai og utover hausten til ytterlegare innhenting av synspunkt og til vurderingar. Eg er utolmodig etter å leggja fram ikkje minst for Stortinget, som eg sa, ei vurdering av den sida som gjeld omsorgspoeng, og eg gjer no det eg kan for å halda det løftet som eg har gitt om å få fram saka før jul.

Presidenten: Vi går da videre til spørsmål nr. 10. Dette spørsmålet, fra representanten Torbjørn Andersen til kommunal- og regionalministeren, vil bli besvart av helseministeren som rette vedkommende.