Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Britt Hildeng (A): «Byrådet i Oslo har foreslått å sette eldreomsorg i tre bydeler ut på anbud som ledd i en omfattende plan for privatisering av hovedstadens eldreomsorg. Byrådet ønsker videre å delegere vide privatiseringsfullmakter på dette og andre områder til underliggende etater og bydeler.

Hvor langt mener statsråden at kommuner kan gå i konkurranseutsettingsvirksomhet innen helse- og omsorgssektoren?»

Kirsti Kolle Grøndahl hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Konkurranseutsetjing av pleie- og omsorgstenester reiser fleire spørsmål. Sjølv om privat drift er velkjent gjennom t.d. privat pleie og ideelle organisasjonars drift av alders- og sjukeheimar, vil ei utsetjing av tenester føra med seg nye utfordringar for kommunane dersom kommersielle firma kjem inn i sektoren.

Det er i dag ikkje rettslege skrankar korkje i kommunehelsetenestelova eller sosialtenestelova mot å overføra driftsansvar for pleie- og omsorgstenester til private firma.

I lov om kommunar og fylkeskommunar § 12 nr. 3 heiter det:

«Kommunestyret fastsetter selv kommunedelsutvalgenes arbeidsoppgaver. Kommunedelsutvalg kan tildeles avgjørelsesmyndighet i alle saker vedrørende kommunedelen hvor ikke annet følger av lov.»

Eg viser òg til kommuneloven § 23, som gjeld vidare delegering av fullmakter:

«Kommunalt og fylkeskommunalt folkevalgt organ kan gi administrasjonssjefen myndighet til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning, hvis ikke kommunestyret eller fylkestinget har bestemt noe annet.»

Dette vil gjelda tilsvarande for bydelsadministrasjonen i Oslo. Tolking av kva som er av «prinsipiell betydning» når det gjeld konkurranseutsetjing av pleie- og omsorgstenesta, er ei sak for bystyret.

La meg likevel understreka:

Kommunane har ikkje høve til å konkurranseutsetja forvaltningsoppgåver og utøving av mynde. Kommunane skal ta hand om:

  • tildeling av tenester etter lovverket og lokale vedtak

  • utforming og kontroll av tenestene etter lovverket, politiske vedtak og detaljerte kontraktar med den som er ansvarleg for drifta

  • finansiering av tenestene

Pleie- og omsorgssektoren har liten tradisjon for detaljert omtale av eigne tilbod og kvalitetskrav. Dersom kommunen vel å konkurranseutsetja denne sektoren, er det naudsynt å setja i verk eit grundig arbeid med å presisera omfanget av dei tenestene ein ynskjer å få levert, og kva kvalitet tenestene skal ha.

Mellom anna må desse tilhøva vurderast:

  • Kommunen må til kvar tid utvikla og halda på kompetanse innanfor områda økonomi, juss, forhandling og sjølvsagt pleie og omsorg.

  • Kommunen må som ansvarleg for kontrakten og som arbeidsgjevar kunna handsama omlegging og eventuelt nedlegging av kommunale tiltak.

  • Kommunen må òg vera budd på og ha kapasitet til å handsama eventuelle akutte problem i det private tenestetilbodet.

Eg ynskjer at kommunane aktivt drøftar alternativ til privatisering/konkurranseutsetjing. I Voksenåserklæringa har vi lagt vekt på modernisering og fornying av offentleg sektor. Den store satsinga på pleie- og omsorgssektoren i samband med handlingsplanen for eldreomsorga vil gje eit godt grunnlag for eit offentleg tenestetilbod også i tida som kjem.

Tenestene på dette området er av personleg karakter. Det gjer dei spesielt sårbare. I samband med handlingsplanen for eldreomsorga går det no føre seg eit lyft over heile landet på denne sektoren. Bygningar og personell er sette i fokus. Kvaliteten i tenestene må drøftast nærare.

Regjeringa tek sikte på å gje ei nærare utgreiing om konkurranseutsetjing av pleie- og omsorgstenester i kommuneøkonomiproposisjonen for år 2000. Proposisjonen vert lagd fram i mai.

For ytterlegare å bidra til den grenseoppgangen som er naudsynt, vil eg òg syta for at Stortinget får høve til ei drøfting av grunnprinsippa, verdigrunnlaget og kvaliteten i pleie- og omsorgstenesta.

Britt Hildeng (A): Jeg vil takke for svaret, men jeg vil understreke at omfanget av konkurranseutsettingen i Oslo er meget stort. Det er eldreomsorg pr. i dag for 157   mill. kr og 470 årsverk som settes ut på anbud, med velsignelse fra Venstre og Kristelig Folkeparti. Dette dreier seg ikke bare om kommende virksomheter, men om virksomheter som allerede er i drift, og byrådet har definert dette som det første skritt til å sette hele Oslos eldreomsorg ut på anbud. Et slikt prosjekt vil ha en økonomisk ramme på 3 milliarder kr. Dette skaper stor usikkerhet.

Jeg har lyst til å spørre statsråden om hun vil gi Thorbjørn Jagland rett i hans advarsel om at en koalisjon av Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre ville kunne komme til å gå i kompaniskap (presidenten klubber) med Høyre og Fremskrittspartiet i deres privatiseringsiver. Og jeg vil be om …

Presidenten: Taletiden er omme.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Når spørsmålet så direkte er knytt til meiningar frå Arbeidarpartiet sin parlamentariske leiar, føler eg behov for å seia at det undrar meg at den førre regjeringa ikkje i sterkare grad trekte grenser i høve til konkurranseutsetjing.

I balansepunktet mellom kommunalt sjølvstyre og statlege retningslinjer er det behov for klarare grenser enn det det vart lagt opp til frå den førre regjeringa. Eit arbeid på dette feltet er igangsett i departementet. Og som sagt, dette vil det bli høve til å koma tilbake til både ved behandlinga av kommuneøkonomiproposisjonen og òg i ein debatt som eg vil leggja til rette for og som gjeld innhald og kvalitet i tenestene.