Stortinget - Møte onsdag den 1. desember 1999 kl. 10

Dato: 01.12.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Jørn L. Stang (Frp): Jeg har enda et spørsmål til statsråd Meltveit Kleppa:

«Hoteller med millionoverskudd får støtte i form av penger av det offentlige. Rusmiddeldirektoratet har de siste to årene bevilget mer enn 8 mill. kroner i tilskudd til overnattingssteder, fordi de er alkoholfrie. Ordningen er etablert etter initiativ fra Bondevik-regjeringen.

Er dette en riktig måte å bruke skattebetalernes penger på, å subsidiere særskilte hoteller med å bruke midler som er satt av til rusforebyggende arbeid?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Forbruket av alkohol har auka dei seinare åra. For å motverka denne utviklinga, avgrensa bruken og såleis skadeverknadene av alkohol, legg Regjeringa stor vekt på rusmiddelførebyggjande arbeid. Eit breitt sett av verkemiddel er naudsynt, m.a. ulike tiltak for å fremja rusfri livsstil og rusfrie miljø. Det å yta økonomisk stønad til å etablera og vidareutvikla rusfrie miljø er eitt av fleire sentrale verkemiddel i Regjeringa sin innsats.

Ordninga med tilskot til alkoholfrie overnattingsstader m.m. vart innført i 1998 som erstatning for Statens fond for alkoholfrie overnattings- og serveringsstader. Fondet er no under avvikling, etter Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 1999. Målet med den nye tilskotsordninga er å fremja etablering av rusfrie fritidsmiljø ved å gje investeringstilskot til nyetablering og modernisering av alkoholfrie overnattings- og serveringsstader og allaktivitetshus for ungdom. Regjeringa vonar at denne nye tilskotsordninga vil stimulera til at fleire slike tiltak vert oppretta. Stortinget løyvde 4 mill. kr til den nye tilskotsordninga i 1998. Frå og med 1999 er midlar til tilskotsordninga løyvde over kap. 610.70, som no heiter Tilskot til fråhaldsorganisasjonar m.m. Gjennom overføringa av tidlegare post 74 til kap. 610.70 i 1999 vart midlar til tilskotsordninga løyvde innanfor ei større tilskotsløyving på til saman 56,6 mill.kr, som skal finansiera fleire tilskotsordningar. Rusmiddeldirektoratet kan innanfor gjeldande retningsliner prioritera løyvde midlar på posten på tvers av dei ulike tilskotsordningane, og i 1999 har Rusmiddeldirektoratet fordelt nær 4 mill. kr av løyvinga på posten, altså same sum som var øyremerkt tilskotsordninga i 1998.

Innanfor tilskotsordninga kan det altså gjevast investeringstilskot til m.a. overnattingsstader, så framt desse har ein serveringsstad utan skjenkeløyve. Det kan ytast tilskot til nyetablering, men òg til modernisering for å gjera eit tilbod meir attraktivt. Det er ikkje særskilde krav til søkjaren sin økonomi, men Rusmiddeldirektoratet vurderer m.a. om tiltaket har overlevingsevne med omsyn til drift og økonomi.

I 1998 vart det gjeve tilskot til enkelte etablerte overnattingsstader til ombygging og utviding, medan òg kafear og allaktivitetshus fekk tilskot frå ordninga. I 1999 er tilskot til ulike miljøtiltak for ungdom prioriterte i høve til tilskotsmottakarane, m.a. allaktivitetshus i kommunal regi.

Sosial- og helsedepartementet varslar i budsjettproposisjonen for 2000 ein gjennomgang av det rusmiddelførebyggjande arbeidet, også Rusmiddeldirektoratet si rolle og sin funksjon. I den samanhengen vil eg vurdera om bruken av tilskotsmidlar på dette området fungerer etter føremålet, med særleg vekt på den førebyggjande effekten.

Jørn L. Stang (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Vi fikk bare bekreftet det allmennheten allerede vet, og jeg forstår det slik at statsråden vil fortsette ordningen. Det er oppsiktsvekkende at Rusmiddeldirektoratet de to foregående år, og også det året vi er inne i, faktisk har bevilget penger til ombygging til bedrifter som går med millionoverskudd. Mange av hotellene er eiet av ulike kristne organisasjoner – eller det er velkjente, populære kaffebarer, som også statsråden var inne på. Det er å oppfatte sosialministeren dit hen at hun forsvarer denne måten å bruke skattebetalernes penger på, fordi intensjonen kun er å stimulere til overnattingssteder og serveringssteder som er rusfrie. Dette er etter min oppfatning feil. Denne type bevilgning på 4 mill. kr i året kan ikke forsvares verken faglig eller strategisk. Dessverre mener sosialministeren at denne type lite kritiske pengebruk kan forsvares også for fremtiden.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg føler behov for å gjenta siste del av svaret mitt, der eg streka under den gjennomgangen eg har sett i gang i mitt departement, som gjeld det rusmiddelførebyggjande arbeidet.

Intensjonen med det er nettopp å sjå på korleis vi kan få så mykje førebygging som mogleg av dei midlane som er til disposisjon. Det gjeld Rusmiddeldirektoratets rolle og funksjon, og det gjeld bruken av ulike tilskotsordningar. Eg ber representanten merka seg spesielt at eg vil vurdera om bruken av tilskotsmidlar på dette området fungerer etter formålet, med særleg vekt på den førebyggjande effekten.

Jørn L. Stang (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg noterte meg at hun vil se på hva forbruket egentlig går til. Det en må ta med seg i denne sammenhengen, er at de alkoholfrie serveringsstedene selv ikke kan konkretisere hva pengene er blitt brukt til. Her trengs det helt klart en oppfølging.

Med denne ordningen slår en fast at statlig støtte kan gå til de underligste ting, noe som vanlige folk reagerer på – med rette. Til tross for at hotellene går med millionoverskudd, og til tross for at det ikke er noen problemer med å fylle hotellsengene, velger man å fortsette med støtteordninger til i mange sammenhenger luksuriøse etablissementer.

Sosialministeren slår dermed fast at dette er best mulig bruk av 4 mill. kr – i året – i kampen mot rusmiddelmisbruk, og at man ikke har kontroll over hva pengene faktisk blir brukt til.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er ikkje alltid dialogen er like god frå Stortingets talarstol. Eg har ikkje slått fast noko som helst utover det at det er eit behov for ein gjennomgang av det førebyggjande arbeidet – og det er eg i ferd med. Eg har gjort greie for at bruken av desse 4 mill. kr, som er ein del av dei midlane som blir brukte til førebyggjande arbeid, er gjenstand for gjennomgang.

Eg har òg sagt i mitt fyrste svar at det allereie er ei dreiing her. I 1998 var det øyremerkt 4 mill. kr, og det var då sagt kva dette skulle gå til. I 1999 har ordninga blitt ein del av ein større post, og frå direktoratet si side er det gjort ei vriding i retning av meir støtte til allaktivitetshus for ungdom.