Stortinget - Møte torsdag den 18. juni 2015 kl. 10

Dato: 18.06.2015

Dokumenter: (Innst. 394 S (2014–2015), jf. Prop. 137 S (2014–2015))

Sak nr. 15 [22:05:47]

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Talere

Votering i sak nr. 15

Presidenten: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlem av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Torill Eidsheim (H) [22:06:41]: (ordførar for saka): Som saksordførar vil eg først få takke komiteen for eit veldig godt samarbeid og velvilje for å få denne saka raskt behandla no før sesjonsslutt. Det er eg overtydd om at bilistane på E39, innbyggjarane og næringslivet i Sogn og Fjordane og ikkje minst i Førde set veldig stor pris på.

Samferdselsdepartementet legg i Prop. 137 S, Førdepakken, fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av vegnettet i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Det omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg og kommunal veg.

Vegnettet i Førde sentrum er ikkje dimensjonert for dagens trafikk. Det er tidvis problem med å avvikle trafikken på ein trygg og effektiv måte. I rushtida er det tett og saktegåande trafikk. Transportkorridoren E39 går gjennom Førde sentrum og møter rv. 5, som går ut til Florø.

Løysinga for trafikksituasjonen i Førde sentrum har både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv. På lang sikt er det planar om å føre gjennomgangstrafikken på E39 utanom Førde sentrum. I mellomtida er det lagt opp til at prosjekta og tiltaka i Førdepakken skal gje betre vilkår for både gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk. Dette vil ein oppnå m.a. ved å skilje gang- og sykkeltrafikken frå biltrafikken. Det er eit mål å etablere eit samanhengande sykkelvegnett. Det vil også bli bygd avlastingsvegar. Fleire av prosjekta vil leggje til rette for utbygging og utvikling i og nær sentrum.

Det er lokalpolitisk tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Førdepakken. Ein samla komité samtykkjer i at det etablerte bompengeselskapet skal få løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane.

Det ligg an til at bygging av det første prosjektet vil starte omtrent samtidig med at innkrevjinga av bompengar startar opp, altså ei såkalla parallellinnkrevjing. Med dei finansieringsføresetnadene som er lagde til grunn for Førdepakken, er det føresett ein bompengeperiode på tolv år. I samsvar med bompengeavtalen vil retten til å krevje inn bompengar falle bort når selskapet har oppfylt sine forpliktingar. Ved opphøyr av innkrevjinga vil eventuelle overskytande midlar bli stilte til rådvelde for Statens vegvesen og kan disponerast til riksveganlegget i det området der bompengane er kravde inn.

Prinsippvedtaket blei gjort i Førde kommune i 2011, og ein har på under fire år fått prosjektet klart for realisering. Det er ein milepæl i seg sjølv.

Eg har lyst til å rette ein takk til dei eldsjelene lokalt som har jobba for at E39 og Førde skal få ei raskast mogleg løysing på dei trafikkutfordringane dei står overfor. Eg er glad for at vi i dag kan gjere eit vedtak for Førdepakken, slik at Sogn og Fjordane får sett i gang med eit etterlengta prosjekt og tiltak.

Magne Rommetveit (A) [22:11:03]: Dagen i morgon, siste møtedagen i denne sesjonen, er i hovudsak sett av til at me skal debattera revidert nasjonalbudsjett og saka om den akutte situasjonen for syriske flyktningar. Difor kjem ikkje denne siste ordinære saka på dagens kart, bompengeproposisjonen om Førdepakken, éin dag for tidleg. Om me i transport- og kommunikasjonskomiteen og her i Stortinget har måtta venta lenge på å få saka, er det jo først og fremst for dei som bur og ferdast i Førde og i distriktet rundt, at dette er ein dag for glede.

Det noverande vegnettet i Førde sentrum er ikkje dimensjonert for den trafikken som går gjennom sentrum i dag, og det er heller inga framtidsretta løysing. I rushtida er det tett og saktegåande trafikk, og det er også problem med trafikktryggleiken.

Førdepakken er difor ein lenge etterlengta tiltakspakke, som no vil gje betre vilkår for både gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken, noko ein m.a. vil oppnå ved å skilja gang- og sykkeltrafikken frå biltrafikken, og målet er å få til eit samanhengande sykkelvegnett. I tillegg vil det også verta bygd avlastingsvegar, og fleire av prosjekta i pakken vil leggja til rette for vidare utbygging i og nær sentrum.

Trafikksituasjonen i Førde sentrum vil verta monaleg betre når desse tiltaka er gjennomførte, men samtidig er det viktig også å ha blikket retta mot det framtidsretta og meir langsiktige grepet, som inneber at gjennomgangstrafikken på E39 vert ført utanom Førde sentrum.

Det er brei lokal- og regionalpolitisk tilslutning til opplegget for delvis bompengefinansiering av Førdepakken. Førde kommune og alle omkringliggjande kommunar står saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune bak denne søknaden – ein søknad der det vert lagt til grunn at statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar skal vera med i tillegg til bompengar.

Det er her, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka, på ein veldig god måte lagt opp til at dei som passerer bomstasjonane, også får ta del i den samla nytten som Førdepakken vil gje, samtidig med at det også er lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei er med på å betala. Så her vert det ein brei dugnad.

Transport- og kommunikasjonskomiteen legg i sine merknader vekt på at bompengeinnkrevjinga skal vera effektiv, og at kostnadene knytte til innkrevjing og finansiering er så låge som mogleg. I tillegg til at heile komiteen meiner at låge kostnader vil kunna koma bilistane til gode gjennom lågare bomtakstar eller kortare innkrevjingsperiode, har Arbeidarpartiet og Senterpartiet ein tilleggsmerknad til dette, der me peikar på at eventuelt lågare innkrevjingskostnader også bør kunna nyttast til å få meir veg ut av prosjektet, dersom lokale styresmakter skulle ønskja dette. Dette vil også koma bilistane og kollektivtrafikken til gode.

Eg er glad for at me i dag, altså ikkje ein dag for tidleg, kan gjera endeleg vedtak om Førdepakken, og eg vil ønskja alle involverte all lukke med det viktige arbeidet som no får ei endeleg avklaring, og som eg håpar no kan setjast i gang så snart som mogleg.

Liv Signe Navarsete (Sp) [22:15:03]: Førdepakken er eit stort og etterlengta vegprosjekt for å betre tilhøva for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil også verte ei oppgradering av vegane i sentrum. Bompengar er ei vesentleg kjelde til finansiering av prosjektet, som har ei kostnadsramme på heile 1,65 mrd. 2015-kroner, i tillegg til midlar frå Førde kommune og fylkeskommunen.

Det er bra at prosjektet no er lagt fram, og det er ikkje ein dag for tidleg, som òg den førre talaren sa. Dette prosjektet har vore planlagt, tenkt på og prosjektert over lang tid. Førde er ein by i vekst, og E39, som i dag går gjennom byen, er av elendig kvalitet. Både opprusting av E39, lokale vegar og nye system for sykkel og gange vil få store positive verknader for vidare utvikling av Førde.

Så skulle ein tru at alle gleder seg over dette grepet, men nei. Den 3. mai i år sa Framstegspartiets gruppeleiar i fylkestinget i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, til NRK:

«Landsmøtet har samrøystes slått fast at bompengar ved bruk av bypakkeordninga ikkje blir aktuelt for Førde.

Førdepakken har prøvd å ta ein snarveg ved å knyte seg til bypakkeordninga, men no har landsmøtet slått fast at berre dei ni største byane har den type miljøproblematikk som gjer at dei kvalifiserer til ordninga.»

Han sa òg at med eit slikt vedtak frå landsmøtet vert det bortimot umogleg for regjeringsmedlemer eller stortingsrepresentantar frå Framstegspartiet å gå inn for bompengar:

«No har vi styringa i både Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Det er lite som tyder på at det vil kome noko positiv innstilling derifrå.»

Det sa Frank Willy Djuvik. Og då saka endeleg vart lagd fram, hevda han at heile Framstegspartiet var skuffa både lokalt og sentralt, og at det hadde vore kjempa ein veldig kamp frå Framstegspartiet si side både i storting og regjering for å unngå denne saka. Han skulda på Høgre og samarbeidspartia.

Men det er no samferdsleministeren som har lagt fram saka, og han er til og med nestleiar i Framstegspartiet. Då burde ein vel lagt fram saka utan bompengar, slik den raud-grøne regjeringa gjorde med Kvivsvegen, som ligg litt lenger nord på E39, og der me tok bort bompengane som i utgangspunktet var planlagde.

Det kling holt når Djuvik hevdar at også samferdsleministeren har arbeidd hardt for at denne pakken skulle finansierast utan bompengar, dvs. utan den milliarden som no ligg inne. Eg ber statsråden i innlegget sitt gjere greie for kva andre alternativ som har vore vurderte i prosessen, og om nokon av desse alternativa var utan bompengar. Og kvifor vel ein likevel å leggje fram ei bompengesak?

Eg registrerer at statsråden i pressemeldinga si viser til at regjeringa vil stille med rentekompensasjon til nokre prosjekt. Om Førdepakken vert eit av desse prosjekta, veit me ingenting om i dag. Men kvifor gå vegen om rentekompensasjon? Ein hadde vel fått betre utnytting av midlane ved å gi dei direkte til prosjektet utan å gå vegen om låneopptak, med dei kostnadene som det nødvendigvis måtte medføre.

For Førde og Sunnfjord betyr vedtaket me skal gjere i Stortinget i kveld, at ein kan setje i gang eit prosjekt som vil gi alle trafikantar i Førde-området ein betre kvardag. Samferdsle er viktig for utvikling, og det er godt å få nok eit prosjekt der planane starta opp under den raud-grøne regjeringa, vedteke i Stortinget. Det er berre så synd at det tydelegvis skjer med sterk motvilje frå statsråden og partifellane hans.

Senterpartiet står saman med Arbeidarpartiet om ein merknad der me peiker på at lågare innkrevjingskostnad kan gi meir veg og bør gjere det. Det er mange og gode prosjekt, både store og mindre, i denne pakken. Men slik eg kjenner Sunnfjord og Førde-området, veit eg at det her òg er endå fleire prosjekt som kan få del i midlar viss det vert midlar tilgjengeleg. Det bør ein leggje opp til kan skje.

Men uavhengig av bompengar eller ikkje bompengar – det kan vere mange meiningar om det, både her i denne salen og lokalt – det er ein gledas dag for Førde, for Sunnfjord og for Sogn og Fjordane når Førdepakken no passerer Stortinget, at det vert gjort eit positivt vedtak som gjer at ein kan setje i gang eit prosjekt som eg er heilt sikker på vil bety mykje for utviklinga i Førde-byen og i regionen.

Heikki Eidsvoll Holmås (SV) [22:19:57]: SV slutter opp om innstillingen i komiteen. Jeg kunne bemerke det samme om det som handler om takster basert på lavere regneteknisk rente. Det gjorde jeg i forrige sak. I begge de to siste sakene har det stått en merknad fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet om at muligheten lavere takster gir, også kan utnyttes til vei dersom det er lokalpolitisk ønske om det. Til det vil jeg gjerne si at de kan godt bruke pengene til andre ting enn vei også. De kan godt bruke dem til sykkelvei, til en forsering av sykkelveisatsingen i Førde – det er en flott plass, som ligger godt til rette for sykkel, det må jeg bare få sagt – og til kollektivtrafikk, som i den forrige saken. Det ville jeg bare si. Det blir bra, dette.

Jeg synes det er bra at flere av kommunene i Norge, flere av byene i Norge, tenker helthetlige kollektivløsninger når de henvender seg til staten, istedenfor at de blir avspist med at nei, det eneste du kan få penger til fra staten, det eneste du kan få løsninger til fra staten, er veibygging. Skal man få utviklet gode bo- og bymiljøer å leve i, er nettopp det å tenke helhetlig fortetting helt sentralt.

Jeg er veldig glad for at Fremskrittspartiets nestleder også i denne saken overkjører sine lokalpolitikere fra Fremskrittspartiet for å sørge for en bedre løsning, i tråd med det som det store flertallet i lokalmiljøene ønsker.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:22:04]: Gode veier er viktig. Det binder lokalsamfunn sammen, det binder byer og bo- og arbeidsregioner sammen. For Førde kommune betyr Førdepakken at man får bedre framkommelighet. Førde er det mest folkerike stedet i fylket, har mange arbeidsplasser og er et tyngdepunkt for handels- og næringsvirksomhet. Veiene i sentrum er ikke dimensjonert for dagens trafikk. Med slekt i Sogn og Fjordane kan jeg bekrefte det. E39 går gjennom sentrum og møter rv. 5, som går til Florø. Det er også veldig mye lokaltrafikk som transporterer dette, så en får altså gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk som skaper utfordringer.

Førdepakken omfatter 20 prosjekter og tiltak på riksvei, fylkesvei og kommunal vei som skal sikre en god trafikkflyt gjennom Førde sentrum og øke sikkerheten for gående og syklende. Det vil bli bedre vilkår for både lokal- og gjennomgangstrafikk, og det er lokalpolitisk tilslutning til pakken. Så er det nok uenighet om hvordan dette skal finansieres, men det er en kjent konflikt mellom noen av partiene.

Pakken innebærer bygging av nye veilenker, bygging av gang- og sykkelvei, opprustning og utviding av eksisterende veier samt opprustning av eksisterende gang- og sykkelveier. De siste prosjektene er Angedalsvegen–Hafstadvegen, E39/rv. 5 Fjellvegen som hovedgate, samt fv. 481 Angedalsvegen på strekningen Førdehuset–Prestefossbrua–Skora.

Den økonomiske rammen er på 1,65 mrd. 2015-kroner, finansiert med en kombinasjon av bompenger, statlige, kommunale og fylkeskommunale midler. Bompengeopplegget er diskutert. Alle vet at det er ett parti som ikke liker bompenger, vi har tapt i denne saken, men får redusert det. Samtidig er det en bompengereform som Stortinget behandlet på mandag, som gir rom for å kunne redusere takstene.

Jeg synes det er gledelig at Stortinget slutter seg til at det arbeidet skal skje. Jeg synes også det er en interessant, kuriøs side ved debatten at de to partiene som var imot bompengereformens del om en rentekompensasjon, er de to partiene som i denne debatten har dratt opp ønsket om lavere bompenger. De har altså et ønske som de ikke selv er villige til å finansiere. Det framstår som ganske populistisk og lite realitetsorientert. Men det er alltid lov å endre mening. Hvis Arbeiderpartiet og Senterpartiet endrer standpunkt om rentekompensasjonsordningen, synes jeg det er veldig hyggelig, og jeg ser gjerne at de fremmer et forslag i Stortinget om det.

I alle fall: Nå kommer vi i gang med å bygge bedre veier også i denne regionen, og det tror jeg alle bilistene er fornøyd med, selv om en kan være misfornøyd med måten det finansieres på.

Presidenten: Det åpnes for replikkordskifte.

Liv Signe Navarsete (Sp) [22:25:16]: I innlegget mitt utfordra eg statsråden til å seie litt om kva for andre alternativ som har vore ute i prosessen. For med mindre ein skal anta at fylkestinget sin gruppeleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane er totalt uinformert i sine uttaler og ikkje har kontakt med det som skjer sentralt, så har han vore overtydeleg på at ein har leita med lys og lykt etter andre løysingar. Difor spør eg igjen: Kva andre alternativ har vore vurderte i prosessen? Var nokre av dei alternativa utan bompengar, og kvifor vel ein i så fall likevel å leggje fram ei bompengesak?

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:26:03]: Jeg tror ikke det er en nyhet for noen her at Fremskrittspartiet er imot bompenger og mener at en burde finansiere infrastruktur og bygging i landet ved å investere litt mer av oljeformuen. Det ville sannsynligvis gitt en bedre avkastning på kapitalen enn ved å låne den ut gjennom å kjøpe lavrenteobligasjoner fra andre land.

Så er det jo sånn at vi skal også få vedtatt det som blir fremmet. Det betyr at regjeringen må inngå kompromiss i tråd med de budsjettene som er blitt vedtatt i Stortinget, og det vi tror vi får flertall for. En har jo registrert at mange av partiene i Stortinget ikke vil være med og bruke mer skattepenger på å redusere bompengetakstene, og i denne saken kom en da fram til den fordelingen som ligger her. Samtidig betyr det at bompengereformen som nå er vedtatt, selv om Senterpartiet og Arbeiderpartiet protesterte på innholdet i den, gir økonomisk handlingsrom til å kunne redusere takstene eller redusere nedbetalingstiden, sammenlignet med det som lå til grunn for de lokalpolitiske vedtakene.

Liv Signe Navarsete (Sp) [22:27:07]: Eg registrerer at eg ikkje fekk noko svar på spørsmålet mitt. Difor skal eg stille eit anna spørsmål, for rentekompensasjon er tydelegvis svaret på det meste.

Den raud-grøne regjeringa tok vekk bompengar på enkelte prosjekt, bl.a. Kvivsvegen, som òg er ein del av E39. Ein kan jo spørje seg kvifor ein ikkje gjer det i staden for å gå vegen om rentekompensasjon. Meiner statsråden at ein ved å gi rentekompensasjon får betre utnytting av pengane enn ved å gi dei direkte til det enkelte prosjektet over statsbudsjettet?

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:27:45]: Jeg synes det er fascinerende å få spørsmål om kutt i bompenger fra et parti som har protestert hver gang regjeringen har foreslått å kutte bompenger. Det som en spør om her, er en selv ikke villig til å være med og finansiere.

Jeg skal likevel si at dagens regjering – med Høyre og Fremskrittspartiet – sammen med Kristelig Folkeparti og Venstre i Stortinget har klart å redusere bompengeandelen på en rekke veiprosjekter ved å øke statlige bidrag. Vi har på sju–åtte strekninger også fjernet bomstasjonene helt. Det er en vurdering vi gjør fra gang til gang, ut fra hva vi tror det er mulig å få Stortinget til å være med og finansiere. Det er jo slik at hvis en kutter bompenger, betyr det at en må øke den statlige andelen, for det er ingen som bygger veien gratis. Vi har mange steder fått til lavere bompengeandel enn det som den forrige regjeringen la opp til.

Hvis Senterpartiet ønsker et enda større bompengekutt, synes jeg det er en hyggelig utvikling. Det er litt trist at det ikke kom fram da Stortinget behandlet bompengereformen mandag. Da protesterte Senterpartiet og Arbeiderpartiet mot at regjeringen legger opp til å redusere bomtakstene.

Liv Signe Navarsete (Sp) [22:28:52]: Eg vil gjerne stille spørsmålet igjen, for eg fekk ikkje svar – eg fekk ikkje svar på det fyrste spørsmålet og fekk heller ikkje svar på det andre spørsmålet.

Meiner statsråden at ein gjennom å kompensere for renta, altså ha ein rentekompensasjon, brukar pengane betre – får meir veg for pengane – enn om ein hadde løyvd dei direkte til prosjektet over statsbudsjettet?

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:29:20]: Rentekompensasjon er en ordning der en får redusert bomtakstene i alle prosjekter som er med i ordningen. Det er en måte å stimulere bompengeselskaper til å slå seg sammen på – for å redusere administrasjonskostnader, for å få større finansiell tyngde, og dermed kunne redusere rentekostnader. Så ja, det gir faktisk lavere bompengeutgifter for innbyggerne, og en får mer igjen for pengene enn om en bare hadde gått inn og bevilget litt i enkelte prosjekter.

Jeg synes det er interessant at Senterpartiet tar opp denne tematikken, all den tid de selv var imot rentekompensasjonsordningen. Tatt i betraktning at rentekompensasjonsordningen vil gjøre at bomtakstene blir lavere på stort sett alle veiprosjekter, sammenlignet med det Senterpartiet la opp til i regjering, har bilistene mye å være glade for, nemlig for at de fikk et regjeringsskifte.

Magne Rommetveit (A) [22:30:20]: Eg vil ikkje spørja statsråden om noko som helst, eg vil heller fortelja han noko. Det er for å prøva å oppklara runden med statsråden frå i stad, då han sa at Arbeidarpartiet ønskte veldig at ting skulle bli billegare. Alle vil gjera ein god «deal», men poenget vårt er at viss det blir rimelegare, skal ein ikkje berre kunna redusera bomtakstar, og ikkje berre kutta ned på nedbetalingstida, men ein kan òg utvida og gjera fleire tiltak. Det kan vera sykkel-, gang-, og kollektivtiltak – eller veg. Utover det vil eg på denne siste kvelden ønskja statsråden ein god sommar.

Presidenten: Da har statsråden tatt imot fortellingen og sommerønsket. Ønsker statsråden ordet?

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:31:29]: Ja, jeg kan ønske en god sommer tilbake. Jeg ser fram til den. Mandag skal jeg begynne å kjøre E39, for nettopp å oppleve hele strekningen fra Trondheim til Kristiansand. Jeg konstaterer også at i fortellingen som jeg nå har blitt fortalt, bekrefter Arbeiderpartiet at selv når dagens regjering ønsker å redusere bomtakstene, ønsker Arbeiderpartiet helst ikke å ha lavere bomtakster. De vil heller bruke pengene til andre ting. Det er et syn på om hvorvidt en bør la innbyggerne få lov til å beholde mer av egne penger eller om det alltid er sånn at politikerne burde disponere pengene.

På den ene siden får vi altså kritikk fra opposisjonen for at vi ikke reduserer takstene nok, og når vi gjør det, får vi kritikk for at vi faktisk bruker pengene til å redusere takstene, og ikke bruker dem til andre ting. Det betyr at opposisjonen egentlig prøver å ri mange hester på én gang – mest for å være kritisk mot regjeringen, ikke så mye for det faktiske innholdet i saken. Det synes jeg er litt trist med hensyn til en god debatt.

Magne Rommetveit (A) [22:32:31]: Det me har sagt, og det me har skrive – det står svart på kvitt i begge dei to siste sakene – er at dersom ein ønskjer det lokalt, skal ein òg ha moglegheit for å få gjort fleire tiltak. Det er ikkje noko me seier at Arbeidarpartiet ønskjer å bestemma over, det er det lokaldemokratiet som skal bestemma.

Elles vil eg anbefala E39 frå Trondheim og sørover, eg køyrde den vegen i fjor. Det var litt kluss med ferjene nokre gonger, men elles er det stort sett bra og veldig mykje fint å sjå på. Køyr forsiktig, og god sommar vidare.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen [22:33:14]: Jeg ser fram til det, jeg har allerede begynt å prøvespise sveler for å finne fram til den rette kombinasjonen av smør og annet oppå. Jeg kan også glede meg over at det er flere ferjeavganger etter at dagens regjering overtok enn det var mens regjeringen som representanten Rommetveit støttet, styrte. Sjansen for å treffe en ferje og få plass er betydelig større nå. Det tror jeg også gir ro i sinnet for en reisende på veien.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Rasmus Hansson (MDG) [22:33:58]: Det har tidligere i kveld vært uttrykt bekymring både for at jeg ikke forstår dialekter fra de sørvestre deler av kongeriket, og for at jeg ikke er i stand til å sette meg inn i andre deler av transportpolitikken i Norge enn den som angår hovedstaden, til tross for at jeg har bodd de siste 30 årene av mitt liv i Akershus. Men derfor er det en glede nå å kunne fremme et forslag for å forbedre Førdepakken. Det er mye bra med den pakken, fordi det er begått bra politisk håndverk, og det er en prisverdig satsing i pakken på både sykkelveier og myke trafikanter som gjør at de som allerede går og sykler i og rundt Førde, kommer til å få en del bedre forhold. Det er vi glade for.

Samtidig har Førdepakken det samme problemet ved seg som mange andre veiprosjekter knyttet til byer og tettsteder i Norge – det er ikke satt opp noe klimaregnskap for Førdepakken, og det er grunn til å frykte at Førdepakken vil bidra til mer veitrafikk og mer biltrafikk inn og ut i Førde sentrum. Lettere framkommelighet med bil, der som andre steder i landet, vil gjøre at flere kjører bil. Det mangler også en analyse av om utbygging av gang- og sykkelvei sammen med innføring av parkeringsordninger og økt kollektivtransport egentlig vil løse trafikkutfordringene. Om man sammenligner med nabobyene Florø og Sogndal, har de f.eks. parkeringsordninger som fungerer godt, og som det med fordel kunne vært vurdert tilsvarende løsninger for i Førdepakken.

Derfor har Miljøpartiet De Grønne fremmet et løst forslag i denne saken, hvor vi igjen ber regjeringen om å forutsette at prosjektene som skal finansieres gjennom Førdepakken, ikke fører til økt biltrafikk inn til Førde sentrum.

Jeg tar med dette opp det forslaget jeg har fremmet.

Presidenten: Representanten Rasmus Hansson har tatt opp det forslaget han refererte til.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Ingrid Heggø (A) [22:36:16]: Eg er veldig glad for at vi står her i dag og skal fatta endeleg vedtak om Førdepakken. Det er faktisk veldig etterlengta. Det noverande vegnettet i Førde sentrum er ikkje i nærleiken av å vera dimensjonert for den trafikken som går gjennom sentrum i dag.

Førdepakken vil gje betre vilkår for både gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Førde skal jo verta sykkelbyen vår i Sogn og Fjordane, og målet er eit samanhengande sykkelvegnett – ja, dette vert veldig bra!

Det er brei lokal og regionalpolitisk tilslutning til opplegget for Førdepakken, som vert eit spleiselag med statlege midlar, fylkeskommunale og kommunale midlar og i tillegg bompengar.

Eg er også svært fornøgd med tilleggsmerknaden frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet der det vert sagt at eventuelt lågare innkrevjingskostnader også bør kunna nyttast til å få meir veg ut av prosjektet dersom lokale styresmakter skulle ønskja det.

Hadde dette fått fleirtal, hadde det vore endå gildare å stå her i dag, for dette ville også ha kome bilistane og kollektivtrafikken til gode. Men eg er veldig nøgd med at Framstegspartiet sin gruppeleiar i fylkestinget ikkje fekk gjennomslag i si eiga regjering. «Dette er eit stort nederlag for heile partiet», sa Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet i ei pressemelding då tilrådinga vart lagd fram. Framstegspartiet sin frontfigur i Sogn og Fjordane har prøvd å stoppa Førdepakken frå dag éin, og, som også representanten Navarsete sa, det toppa seg då Djuvik triumferande etter landsmøtevedtaket i Framstegspartiet vedkomande ordninga med bypakke berre i dei ni største byane kunne erklæra: «Dette vedtaket har nok gravlagt Førdepakken ein gong for alle». Vi kan i dag berre konstatera: Han tok feil. Heldigvis har han ikkje gjennomslag sentralt.

Eg vil nytta høvet til å takka komiteen for veldig kjapp handsaming av denne pakken. Eg vil takka ein samla stortingsbenk for å ha stått på i denne saka. Det gjeld også Høgre-representanten Lødemel – bra jobba av alle! Her har vi stått samla, og det viser seg at då får vi det til.

Bjørn Lødemel (H) [22:38:47]: I dag handsamar Stortinget Førdepakken – ei stor og viktig sak for Førde kommune og for Sunnfjord-regionen. Det er jobba godt og målretta med denne saka frå Førde kommune si side, med ordførar Olve Grotle i spissen, og frå bompengeselskapet. Saka har fått ei rask og god handsaming i departementet og i regjeringa.

Arbeidet med Førdepakken tok for alvor til hausten 2011, og det har heile tida hatt god støtte og entusiasme frå dei aller fleste. Bypakken har hatt stor administrativ og politisk støtte i Førde kommune, i kommunane i området og i fylkeskommunen. Regjeringa og Stortinget si godkjenning av Førdepakken er eit viktig handslag til vekst og utvikling i Førde-regionen. Gjennom Førdepakken skal det byggjast gang-, sykkel- og bilvegar dei neste åtte åra for over 1,65 mrd. kr i 20 ulike vegprosjekt. Kostnadene skal dekkjast dels av offentlege løyvingar frå staten, fylkeskommunen og Førde kommune og dels frå bompengar. Bompengedelen skulle ein sjølvsagt ha vore forutan, men det er ein avgjerande og nødvendig faktor for at vegpakken kan bli realisert.

Førdepakken representerer så store investeringar at det i seg sjølv gir eit positivt bidrag til optimisme, utvikling og vekst i Førde. Dei ulike vegprosjekta er så omfattande og mange at dei i sum vil endre og modernisere Førde i sitt uttrykk som by – ikkje minst gjeld dette store satsingar på mjuke trafikantar, noko som vil gje Førde eit mildare og venlegare andlet. Førdepakken passer såleis godt inn i det viktige arbeidet som går føre seg for å gjere byen trivelegare og meir attraktiv.

Førdepakken løyser mange av trafikkutfordringane i Førde og vil sikre at byen vil få god og framtidsretta trafikkavvikling dei næraste åra. På same måte vil det bli mykje lettare å byggje og utvikle eigedommar i Førde, særleg i sentrum, der eit krevjande trafikkbilete har lagt fantastiske og rettslege hindre for investeringar og gode byutviklingsprosjekt.

Førde kommune har også nyleg fått godkjent ein kommuneplan, der mange av tiltaka i Førdepakken er med. Dermed er også dei planmessige sidene ved Førdepakken godt ivaretekne.

Eg vil nytte høvet til å gratulere Førde kommune med ordførar Grotle i spissen, og bompengeselskapet, for godt utført arbeid og ønskje lykke til med gjennomføringa av dei enkelte tiltaka i Førdepakken.

Eg vil også nytte høvet til å takke komiteen og Stortinget for rask og effektiv handsaming av Førdepakken, og for ei samrøystes innstilling i tråd med forslaget frå bompengeselskapet.

Olemic Thommessen hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Kjell-Idar Juvik (A) [22:41:56]: Jeg vil også starte med å takke saksordføreren og resten av komiteen for raskt levert arbeid med en pakke som Førde har ventet på. Det er selvfølgelig en gledens dag, ikke minst for Sogn og Fjordane og Førde.

Det er ikke til å legge skjul på at mange av oss var bekymret da vi leste Firdaposten den 3. mai, der vi så en som ikke hadde samme navn som meg, selv om noen uttaler det sånn – Djuvik, med «D», vil jeg presisere – sa at han ville torpedere Førdepakken. Det regner jeg med at alle i Sogn og Fjordane har fått med seg, og i likhet med tidligere talere skal vi være glade for at han tok feil, og at ministeren etter skriftlig spørsmål fra meg holdt lovnaden om at saken skulle komme før sommeren.

Jeg hadde vært enda mer fornøyd med avslutningen før sommerferien her på Stortinget hvis vi hadde hatt enda en pakke til behandling i dag, men som man ikke rakk å legge fram, og det er Veipakke Helgeland sør, men den er vel straks på vei.

Jeg er også veldig glad for at det vi har beviset på her, er det motsatte av det Jegstad sa i sitt innlegg når det gjelder sykkelsatsingen vi har. Det viser faktisk at det er både rom og behov for sykkelsatsing utenfor de største byene også. Det er dette et godt eksempel på. Jeg har selv vært i Førde, og der ligger det selvfølgelig veldig godt til rette, med disse forslagene, for å kunne gjøre den til en enda bedre sykkelby.

Beklageligvis har vi ikke klart å få flertall for et viktig prinsipp. Vi klarte det i Bodøpakken, og det burde ligget som et prinsipp, men jeg registrerer at Fremskrittspartiet og Høyre har fått med seg Kristelig Folkeparti og Venstre på det prinsippet, og det går på at man ikke åpner for at de lokale myndighetene kan få bruke differansen på renten til flere tiltak hvis de ønsker det. I dette prosjektet er det særdeles viktig, for her ligger det 20 tiltak. Mange av dem ligger under beløpet som man kanskje får i den rentedifferansen på 55 mill. kr, noe som gjør at man nå kanskje må droppe noen av dem, istedenfor å bruke dem på gode tiltak. Det blir i hvert fall ikke mer vei eller mer kollektiv av det forslaget.

Så synes jeg noe har blitt vist med tydelighet i dag: Her banker vi gjennom to nye bomprosjekter. Jeg registrerer at det er noen nye også som skal være med på det. Det er i hvert fall en klar melding ut til den kommende valgkampen og det kommende kommune- og fylkestingsvalget om at man bør registrere at det ikke bare er på Stortinget at vi av og til opplever litt forskjell mellom Fremskrittspartiet og regjeringen. Vi ser det ikke minst tydelig mellom kommunene, regjeringen og Stortinget, når vi vet hvor kraftig de er ute og sier at de sier nei til bompenger, men så er det noe helt annet som skjer. Det bør man ta med seg inn i valgkampen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 15.

Votering i sak nr. 15

Presidenten: Under debatten er det satt fram ett forslag. Det er forslag nr. 1, fra Rasmus Hansson på vegne av Miljøpartiet De Grønne.

Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å forutsette at prosjektene som finansieres gjennom Førdepakken ikke skal bidra til økt biltrafikk i Førde sentrum.»

Votering:Forslaget fra Miljøpartiet De Grønne ble med 97 stemmer mot 1 stemme ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 23.10.08)Komiteen hadde innstilt:
  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane. Vilkåra går fram av Prop. 137 S (2014–2015) og Innst. 394 S (2014–2015).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  • 3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fastsetje takstar basert på lågare rekneteknisk rente i tråd med føringane i Prop. 137 S (2014–2015) og Innst. 394 S (2014–2015).

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.