Stortinget - Møte tirsdag den 15. mai 2018

Dato: 15.05.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 275 S (2017–2018), jf. Meld. St. 7 (2017–2018))

Innhold

Sak nr. 7 [15:38:35]

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017 (Innst. 275 S (2017–2018), jf. Meld. St. 7 (2017–2018))

Talere

Magne Rommetveit (A) [] (ordførar for saka): Eg vil i dette innlegget ikkje gå inn på dei enkelte forslaga som kontroll- og konstitusjonskomiteen har hatt merknader til, men heller starta med å understreka at Stortinget gjennom sitt virke har instruksjonsmynde overfor regjeringa, og at regjeringa er pålagd ei plikt til å gjennomføra Stortinget sine vedtak, så langt det lèt seg gjera.

Dersom ein enkelt statsråd eller regjeringa lèt vera å utføra pliktene sine i samsvar med Stortinget sine vedtak, kan og bør det få til dels alvorlege konsekvensar. Dersom dette viktige prinsippet i systemet vårt vert brote, vil me etter mi meining øydeleggja det som har vore intensjonen i Grunnlova, nemleg at makta skal liggja hos folket gjennom dei folkevalde forsamlingane.

Samtidig er det heilt openbert at regjeringa har eit ansvar for å sørgja for å rettleia Stortinget og gje Stortinget dei opplysningane som er nødvendige for at Stortinget skal kunna treffa mest mogleg korrekte vedtak. Det er jo ikkje slik at alle desse vedtaka kjem på bordet den dagen Stortinget fattar ei avgjerd. Som regel er vedtaka resultat av ein forholdsvis lang prosess, der også regjeringa og medlemene i regjeringa er kjende med kva som går føre seg. Det pålegg difor faktisk regjeringsmedlemer å gjera merksam på det i Stortinget, i stortingssalen, dersom eit vedtak etter deira oppfatning ikkje er mogleg å gjennomføra, slik Stortinget har ambisjonar om.

Ofte vert politiske sigrar feira når forslag får gjennomslag i salen. I kva grad vedtaka faktisk vert følgde opp, vert ofte gjeve mindre merksemd. Meld. St. 7, som me her har til handsaming, representerer difor ei viktig påminning og gjev ei god oppsummering av status for gjennomføring av dei enkelte vedtaka. Det faktum at over hundre vedtak som er fatta i denne salen i perioden 2015–2016, framleis ikkje er sette i verk, byggjer opp under behovet for at nokon systematisk undersøkjer korleis Stortinget sine oppmodingsvedtak vert følgde opp.

Nokre vedtak lèt seg likevel ikkje så lett gjennomføra. For dei tilfella er det grunn til å understreka at det berre finst éin måte å gjera om eit stortingsvedtak på. Det er ved at Stortinget sjølv gjer eit anna vedtak, eller at Stortinget sjølv tolkar korleis vedtaket skal gjennomførast. Så dersom regjeringa ikkje finn det mogleg å gjennomføra eit vedtak Stortinget har pålagt regjeringa å gjennomføra, ligg det faktisk ei plikt på regjeringa til å koma tilbake til Stortinget og søkja å invitera Stortinget til å gjera eit anna vedtak.

Lat meg understreka at det er grunn til å vera bekymra for den sterke auken i talet på instruksjonsvedtak som me har fått dei siste åra. Det er heilt opplagt at den store mengda med vedtakspunkt – heile 459 i perioden 2016–2017 – gjev grunn til å stilla spørsmål ved om balansen mellom storting og regjering i realiteten vert rokka ved.

Når ei regjering ikkje har eit tilstrekkeleg sterkt parlamentarisk grunnlag i Stortinget, vil det naturlegvis vera mogleg for Stortinget å samla seg om fleirtalsvedtak på tvers av forslaga frå regjeringa. Faren er at det blir mange slike «anmodningsvedtak», eller oppmodingsvedtak, som eg vil kalla det – altså vedtak som Stortinget har fatta og gjeve signal om at slik ønskjer ein det, men som altså ikkje vert gjennomførte. Dersom det vert for mange i denne kategorien, er eg redd for at det på sikt kan føra til at folk mister trua på politikken og på folkestyret vårt.

Etter mitt syn kunne ein del av dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har fatta, med fordel vore formulerte som «utredningsvedtak», eller utgreiingsvedtak, som det vel rettare bør kallast på mi målform. Det vil då vera vedtak der regjeringa vert bedd om å greia ut spørsmål, setja dei inn i ein større samanheng og koma tilbake til Stortinget anten med forslag eller stortingsmeldingar i forståing med dei signala som er gjevne av Stortinget.

Ser me framover på leit etter ein betre praksis, er det grunn til å spørja seg om ikkje Stortinget også kan vera meir bevisst på måten me fattar oppmodingsvedtak, kva slags slike vedtak me fattar, og kva retning me gjev dei. I eit lengre tidsperspektiv bør me også diskutera forholdet mellom storting og regjering og sørgja for at me legg forholda til rette slik at regjeringa faktisk tør seia nei når regjeringa meiner det, og ikkje lata som ein er for det og så koma tilbake og forsøka å viska ut kvaliteten i det vedtaket som er fatta.

Meld. St. 7 om oppmodings- og utgreiingsvedtak, som me altså har til handsaming i dag, omfattar berre periodane 2015–2016 og 2016–2017, og seier altså ikkje noko om eventuelle tidlegare restansar. Komiteen bad difor statsministeren om ei oversikt over ikkje gjennomførte vedtak frå hausten 2013 til og med våren 2015. I svarbrevet frå statsministeren går det fram at 27 vedtak frå denne perioden framleis ikkje er følgde opp.

Lat meg til slutt gjenta det eg starta med: Det må ikkje vera nokon tvil om at når Stortinget først har fatta eit oppmodingsvedtak, har regjeringa å halda seg til dette. Vil ein ikkje det, får ein heller koma til Stortinget og be om at Stortinget eventuelt gjer eit anna vedtak.

Heilt til slutt ei stemmeforklaring: Arbeidarpartiet kan ikkje røysta for forslaget frå Senterpartiet, SV og Kristeleg Folkeparti slik det no er formulert, der det vert føreslått at Stortinget ber regjeringa leggja representantforslaget i Dokument 8:123 S for 2016–2017 til grunn for oppfølging av stortingsvedtaka 1035,1036, 1037, 1038, 1039 og 1040.

Dersom forslagsstillarane endrar forslaget til at det er vedtaket som skal leggjast til grunn, vil Arbeidarpartiet kunna støtta dette.

Hans Fredrik Grøvan (KrF) []: Nå har saksordføreren nettopp gått gjennom denne saken på en god måte, så jeg skal være veldig kort, som forslagsstiller. Men jeg vil knytte en kommentar til forslaget vi fremmer sammen med Senterpartiet og SV. I sitt innlegg signaliserte representanten Rommetveit, som også er sakens ordfører, at Arbeiderpartiet kunne støtte forslaget dersom en viser til innstillingen og ikke til forslaget.

Poenget for Kristelig Folkeparti er å sørge for at den politikken som er vedtatt av Stortinget i sakens anledning, og har sitt grunnlag i Dokument 8:123 S for 2016–2017, gjennomføres i tråd med intensjonen. I denne sammenhengen er det selvsagt Stortingets vedtak vi skal forholde oss til, og for oss er det i denne sammenhengen uproblematisk å vise til innstillingen og ikke til forslaget og nettopp det som er Stortingets vedtak. Det blir da å presisere forslaget slik: «Stortinget ber regjeringen om å legge innstilling 427 S (2016–2017) til grunn (…)» – og så videre i samsvar med forslaget. Jeg tar opp forslaget slik det nå er referert.

Presidenten: Representanten Hans Fredrik Grøvan har tatt opp forslaget – med den foretatte rettelse – han refererte til.

Svein Harberg (H) []: Det er ikke behov for noen stor gjennomgang i denne saken, det har saksordføreren gjort på utmerket måte, og jeg har lyst til å gi honnør til saksordføreren for særdeles ryddig behandling av saken. Dette er en krevende sak. Som det er referert til i meldingen, er det mange anmodningsvedtak, og det er nok en del ting vi kanskje bør diskutere når det gjelder håndteringen av det for framtiden. Det er et viktig dokument for oss i kontroll- og konstitusjonskomiteen, når det gjelder det å sørge for at disse vedtakene blir fulgt opp. Det er også viktig at fagkomiteene, som har lagt grunnlaget for den politikken som blir vedtatt, blir involvert i disse sakene. Det tror jeg vi skal se på framover.

Med den endringen i Kristelig Folkepartis forslag som nå ble lagt fram, synes jeg det er naturlig at også Høyre støtter det forslaget. Det var jo en enstemmig komité bak det vedtaket. Så er det også varslet.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eg vil også takke saksordføraren for godt arbeid og for å finne ei bra prinsipiell linje for korleis handtere kontrollkomiteen si rolle i desse spørsmåla. Oppmodingar og utgreiingar står veldig sentralt i det generelle arbeidet i Stortinget. Det er eit uttrykk for folkeviljen.

Det er stor forskjell om vi har ei mindretalsregjering eller ei fleirtalsregjering. Ein situasjon med fleirtalsregjering kjem i mykje større grad til uttrykk gjennom det som kjem frå regjeringa. Har vi ei mindretalsregjering, er det nettopp gjennom oppmodingsvedtak og utgreiingsvedtak dette kjem til uttrykk. Ein kan sjå at utviklinga her er svært knytt til den parlamentariske situasjonen vi faktisk har.

Enkelte vedtak blir vatna for mykje ut – kanskje allereie ved inngangen, altså ved forslaget, men også gjennom komitébehandlinga, slik at vi endar opp med oppmodingsvedtak som er veldig uklare, og der det berre står at ein skal greie ut og vurdere noko. Dermed gjer ein det vanskeleg for Stortinget faktisk å følgje det opp på ein fornuftig måte, og det er sjølvsagt enkelt for regjeringa å kvittere det ut ganske raskt.

Men klare vedtak må følgjast opp, og den kanskje største bekymringa i den blekka vi behandlar i dag, er at klare vedtak anten ikkje blir følgde opp, blir forsøkte omgått eller forstått på ein annan måte, eller at det blir brukt veldig lang tid på faktisk å vedta dei. Om dette varer ved, står vi i ein alvorleg parlamentarisk situasjon ved neste krossveg. Det er heilt uakseptabelt. Dette kan ikkje halde fram over tid – at vi får ein situasjon der Stortinget blir oppfatta som brysamt. Det har vi rett og slett både ei grunnlov og klare reglar i Stortingets forretningsorden mot å oppfatte Stortinget som.

Til slutt vil eg seie at vi har veldig mange eksempel på ulike typar tolking her. Eit eksempel er at da Stortinget bad regjeringa innføre årlege krav til rapportering i barnevernet, blei det forstått av regjeringa som at ein skulle vurdere om dette skulle lovfestast på ein eller annan måte. Det var ikkje det Stortinget bad dei om å gjere, Stortinget bad om at det skulle innførast årlege rapporteringar i barnevernet. Vi har mange ulike typar eksempel.

Den saka vi behandlar i dag, spring jo rett ut av forretningsordenen § 14 nr. 8 b. Dette er saka om oppmodings- og utgreiingsvedtak skal kvitterast ut eller ikkje. Det er ikkje i budsjettet, i revidert nasjonalbudsjett eller andre stader. Der pågår det sjølvsagt diskusjonar om oppfølging av oppmodingsvedtak, men det er i denne saka det skal kvitterast ut.

I det vidare trur eg ikkje vi kjem til å få ein reduksjon i oppmodings- og utgreiingsvedtak. Det er berre å sjå på den parlamentariske situasjonen, som truleg ikkje vil endre seg vesentleg i løpet av året som kjem, og da vil denne situasjonen vare ved. Da trur eg det er viktig at vi ved neste krossveg ser på totaliteten i dette og ser på om regjeringa faktisk leverer i stort og smått ut frå dei bestillingane som kjem frå Stortinget.

Mazyar Keshvari (FrP) []: Jeg vil benytte anledningen til å takke saksordføreren for et godt samarbeid og en grundig jobb. Jeg setter spesielt stor pris på de refleksjonene saksordføreren hadde rundt det prinsipielle for vårt demokratiske virke, som jeg tror er veldig viktig at vi tar inn over oss. Det er det verdt å bruke litt tid på, uansett om vi er i posisjon eller opposisjon.

Dernest vil jeg gi en stemmeforklaring. Fremskrittspartiet støtter også forslaget slik det foreligger nå.

Statsråd Tor Mikkel Vara []: Anmodnings- og utredningsvedtak er en mulighet Stortinget har til å pålegge regjeringen å følge opp enkelte saker og utredninger. Antall anmodningsvedtak har økt vesentlig de siste årene, og på Justis- og beredskapsdepartementets område er det mange anmodningsvedtak.

Trygghet og rettssikkerhet for borgere og land er et grunnleggende hensyn for meg og mitt departement å ivareta. Det er også grunnleggende forutsetninger for en demokratisk rettsstat. Jeg har derfor stor forståelse for at Stortinget interesserer seg for det brede saksfeltet som omfatter dagens justis- og beredskapsfelt, og jeg har respekt for at Stortinget pålegger regjeringen å følge opp saker og utredninger på områder Stortinget finner særskilt viktig.

Det er flere anmodningsvedtak som ikke er tilstrekkelig kvittert ut eller under oppfølging, og jeg ser at noe av kritikken som rettes mot departementet, er at det brukes for lang tid på å følge opp enkelte anmodningsvedtak. Det er selvfølgelig viktig at de ulike anmodningsvedtakene følges opp så raskt som mulig, og at Stortinget får god tilbakemelding på oppfølgingen så raskt som mulig. Vi prioriterer dette arbeidet i departementet og jobber for å følge opp vedtakene raskt. Men antallet anmodningsvedtak har økt vesentlig, og dette har administrative konsekvenser for departementet. Vi må ha forståelse for at en del anmodningsvedtak kan være kompliserte å følge opp, og for å ivareta kvalitative krav om innhold og prosess vil de enkelte sakene kreve at departementet må arbeide med sakene over tid. Jeg vil ikke her trekke fram enkelte anmodningsvedtak, men jeg ser at det gjenstår å kvittere ut bl.a. saker som gjelder oppfølging av politireformen, oppfølging av voldsfeltet og enkelte saker på utlendingsfeltet.

Jeg vil i regjeringens forslag til statsbudsjett for 2019 komme nærmere tilbake til oppfølgingen av nye anmodningsvedtak og de enkelte anmodningsvedtakene som ikke er tilstrekkelig fulgt opp. Det er viktig for meg å understreke av Stortingets vedtak skal følges opp og rapporteres tilbake til Stortinget så raskt som mulig på en egnet måte.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.