Stortinget - Møte tirsdag den 29. mars 2022

Dato: 29.03.2022
President: Svein Harberg

Søk

Innhold

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Stortinget går då til votering over sakene nr. 2–12 samt sak nr. 20 på dagens kart.

Votering i sakene nr. 2–6

Presidenten: Sakene nr. 2–6 er andre gongs behandling av lovsaker og gjeld lovvedtaka 52 til og med 56.

Det ligg ikkje føre nokon forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed godtekne ved andre gongs behandling og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.

Votering i sak nr. 7, debattert 29. mars 2022

Innstilling fra valgkomiteen om suppleringsvalg til Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentariske forsamling (Innst. 219 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 7

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Som nytt medlem av Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentariske forsamling velges i stedet for Terje Sørvik: Even Eriksen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 8, debattert 29. mars 2022

Debatt om utenriksministerens utenrikspolitiske redegjørelse

(Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 22. mars 2022)

Presidenten: Presidenten vil føreslå at utanriksministeren si utanrikspolitiske utgreiing vert å leggja ved protokollen. – Det er samrøystes vedteke.

Votering i sak nr. 9, debattert 29. mars 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Årsrapporter fra Stortingets faste delegasjoner til internasjonale parlamentariske forsamlinger for 2021 (Innst. 191 S (2021–2022), jf. Dokument 13 (2021–2022))

Debatt i sak nr. 9

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 13 (2021–2022) – Årsrapporter fra Stortingets faste delegasjoner til internasjonale parlamentariske forsamlinger for 2021 – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 10, debattert 29. mars 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om evaluering av Norges deltakelse i krigen i Syria og Irak (Innst. 209 S (2021–2022), jf. Dokument 8:72 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 10

Presidenten: Under debatten har Bjørnar Moxnes sett fram to forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Det vert votert over forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å gjennomføre en evaluering i egnet form av Norges bidrag i anti-ISIL-koalisjonen.»

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 89 mot 13 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.03.54)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av Norges bidrag i anti-ISIL-koalisjonen i egnet form innen avslutningen av den norske militære innsatsen.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 88 mot 13 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.04.10)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:72 S (2021–2022) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om evaluering av Norges deltakelse i krigen i Syria og Irak – vedtas ikke.

Presidenten: Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 86 mot 14 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.04.36)

Votering i sak nr. 11, debattert 29. mars 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kathy Lie, Grunde Almeland og Tobias Drevland Lund om å sikre barn individuell klagerett etter barnekonvensjonen (Innst. 179 S (2021–2022), jf. Dokument 8:56 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 11

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Kathy Lie på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre

  • forslag nr. 2, frå Kathy Lie på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en utredning av fordeler og ulemper ved ratifikasjon av tredje tilleggsprotokoll til FNs konvensjon om barns rettigheter av 1989, basert på de sakene som allerede er behandlet av FNs barnekomité. Utredningen skal foreta en vurdering av hensynet til barnets beste i spørsmålet om ratifikasjon, og leveres Stortinget i løpet av 2022.»

Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 81 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.05.09)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om ratifikasjon av tredje tilleggsprotokoll til FNs konvensjon om barns rettigheter av 1989 og på den måten sikre at Norge tar del i individklageordningen under barnekonvensjonen.»

Kristeleg Folkeparti har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart med 81 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.05.26)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:56 S (2021–2022) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kathy Lie, Grunde Almeland og Tobias Drevland Lund om å sikre barn individuell klagerett etter barnekonvensjonen – vedtas ikke.

Presidenten: Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 80 mot 21 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.05.55)

Votering i sak nr. 12, debattert 29. mars 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Hans Andreas Limi, Silje Hjemdal, Bengt Rune Strifeldt, Carl I. Hagen og Christian Tybring-Gjedde om å nedsette en uavhengig bistandskommisjon (Innst. 214 S (2021–2022), jf. Dokument 8:83 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 12

Presidenten: Under debatten har Christian Tybring-Gjedde sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen nedsette en uavhengig bistandskommisjon. Forslag til kommisjonens mandat og sammensetning legges frem for Stortinget i forkant av nedsettelsen.»

Det vert votert alternativt mellom forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:83 S (2021–2022) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Hans Andreas Limi, Silje Hjemdal, Bengt Rune Strifeldt, Carl I. Hagen og Christian Tybring-Gjedde om å nedsette en uavhengig bistandskommisjon – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet vart tilrådinga vedteken med 87 mot 14 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.06.42)