Representantforslag frå stortingsrepresentantane Tore Storehaug, Olaug V. Bollestad, Geir Jørgen Bekkevold, Torhild Bransdal om utjamning av nettariffane

Dette dokument

  • Representantforslag 14 S (2017–2018)
  • Sidetall: 1

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Innbyggjarane i Noreg opplever at det er store variasjonar i kva dei må betale i nettleige avhengig av kvar dei bur i landet. Altså er det vesentlege skilnadar på kva du må betale for samanliknbart forbruk i ulike delar av landet. Ifølge Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er landssnittet på nettleige (inkludert mva. og forbruksavgift) pr. kWh på 53,9 øre viss ein omreknar til eit forbruk på 20 000 kWh. På same tid er nettleiga pr. kWh 71,2 øre i Sogn og Fjordane og 62,4 øre i Nord-Trøndelag, medan ho er 50,5 øre i Oslo og 50,6 øre i Akershus.

Ei fordeling på selskapsnivå gir endå større skilnadar, der Lærdal Energi AS har den høgaste nettleiga i landet med 86,6 øre pr. kWh, medan Hafslund Nett AS på det sentrale østlandsområdet har nettleige på 50,5 øre pr. kWh.

Forslagsstillarane meiner at forskjellane i nettleiga er problematisk og rammar innbyggjarane i kraftfylka og distrikta unødig hardt. Tilgang på strøm er naudsynt i eit moderne samfunn, og når nett-tenestene er naturlege monopol der kundane ikkje kan velje ein annan leverandør, er det ei offentleg oppgåve å sikre like, eller likare, prisar i heile landet.

Forslagsstillarane meiner vidare at det er riktig at ulike modellar for dette blir utgreid, slik at ein finn ei løysing som er enkel for både forbrukarar, nettselskap og andre interessentar.

Forslagsstillarane meiner at ei slik utgreiing også må inkludere korleis ei framleis samfunnsøkonomisk effektiv drift og bygging av nett blir sikra i eit system der nettariffane blir jamna ut.

Forslag

På denne bakgrunn set forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utgreie ulike modellar for utjamning av nettariffane i Noreg og komme attende til Stortinget med løysingar for korleis dette kan bli gjort.

10. oktober 2017

Tore Storehaug

Olaug V. Bollestad

Geir Jørgen Bekkevold

Torhild Bransdal