Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Hansen, Sigvald Oppebøen (21 - 24 av 24)

  • Spørretimespørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.10.1997

    Besvart: 29.10.1997 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Om ei avklaring frå departementet i høve til ein søknad frå Otto Treiders Handelsskole om å få utvide med ei avdeling i Skien
  • Spørretimespørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.05.1997

    Besvart: 04.06.1997 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    I 1996 blei det vedteke å kalke Nisser i Telemark som ein del av den nasjonale handlingsplanen for kalking av Arendalsvassdraget. Planen gjekk ut på å kalke Nisser i 1996 og 1997, og vidare Fyresvatn i 1998 og 1999. Kalking av Nisser har nådd sitt mål etter det fyrste året. Planen var å bruke 4,4 mill. kroner i 1997. Vil statsråden bidra til at desse ubruka løyvingane allereie i år kan brukast på kalking av Fyresvatn?
  • Spørretimespørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til finansministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.02.1996

    Besvart: 14.02.1996 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "Eg er kjend med at Toll- og avgiftsdirektoratet i desse dagar vurderer ny organisering i distriktsforvaltinga. I den samanheng er det vurdert å slå saman Telemark/Vestfold og Buskerud tolldistrikt. Distriktstollstaden i Drammen blir då oppretthalde, men distriktstollstaden i Skien blir lagt ned og blir kun eit av 5 tollstadar i tolldistriktet med det som konsekvens at halvparten av årsverka blir borte. Vil finansministeren bidra til at så ikkje skjer?"
  • Spørretimespørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 06.02.1995

    Besvart: 15.02.1995 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Frå Telenor Media ligg det føre ei innstilling om å legge ned opplysningssentralen i Seljord. Meiner statsråden at dette i så fall er i tråd med St.meld. nr. 67 for 1991-92 og Stortingets vedtak om ein distriktsmessig profil i juni 1994, og kva kan statsråden gjere for å hindre ei eventuell nedlegging i Seljord?"