I Stortingets møte 23. mai 2014 ble det gjort slikt
§ 1 Formål
Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn
som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.
§ 2 Kva lova gjeld
Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet.
Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg
er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake
i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret.
Det er også eit vilkår at
a. departementet handsamar saka som ei bortføringssak
etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene
ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980
om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og
om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»),
b. politiet har registrert eit barn som sakna, eller
c. det er oppretta straffesak om barnebortføring.
Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.
§ 3 Definisjonar
Offentlege ytingar tyder i lova her
a. ytingar etter folketrygdloven, barnetrygdloven, kontantstøtteloven,
forskotteringsloven og andre lover som vert administrerte av arbeids-
og velferdsetaten,
b. stønad etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale
tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, og
c. bustøtte etter bustøttelova.
Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd
inn av arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral, med unntak
av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernloven § 9-2.
§ 4 Melding om barnebortføringar til utlandet
Dersom departementet handsamar ei sak som ei bortføringssak
etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids-
og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal
det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit
barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.
Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids-
og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn
at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad.
Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder
av teieplikt.
§ 5 Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet
Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga
og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale
i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for
dei einskilde ytingane.
§ 6 Innkrevjing av barnebidrag
Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane
så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den
attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast
endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge
bortføringa varar.
§ 7 Avgjerd om å halde tilbake ytingar og
barnebidrag til bortføraren
Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og
velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids-
og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag
som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på
vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som
eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved
vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie
for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet
og bortføraren vert påført skade.
§ 8 Innhenting av opplysningar i saker om å halde
tilbake ytingar og barnebidrag
Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal
treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som
er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår
at opplysningane er naudsynte for avgjerda og at ein ikkje kan skaffe opplysningane
på anna vis.
Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om
a. namn, adresse, alder, slektskap og sivilstatus,
b. staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva
som dei lever under,
c. den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren
og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira,
d. bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar,
og
e. tilhøva mellom foreldra og barnet.
Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak,
skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.
Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal
gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.
§ 9 Sakkunnig vurdering
Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet
som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer
om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den
sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn
opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet
sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.
§ 10 Ny vurdering
Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde
saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter §
7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått
to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake.
Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven
§ 35.
§ 11 Sperra konto
Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande
konto.
Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til
den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på
vegner av barnet, når
a. barnet er ført tilbake,
b. det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at
barnet ikkje skal tilbake,
c. vedtak er gjort om etter § 10, eller
d. det bortførte barnet har fylt 16 år.
Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet
bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege
reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra
konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra
konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.
§ 12 Ytingar og barnebidrag til den attverande av
foreldra
Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som
representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for
barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart
bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra
framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre
særlege grunnar gjer det rimeleg.
Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren
etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget
setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd
gjeld tilsvarande.
Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing
av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort
rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake.
Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande
av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for
dei einskilde ytingane.
§ 13 Saker der barnevernet har omsorga for barnet
Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge
bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga
for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter
reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld
tilsvarande.
Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter
lova nyttast mot begge.
§ 14 Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og
barnebidrag
Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane
i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane:
a. både bortføraren og den attverande av foreldra skal
reknast som part i saka ved avgjerder etter § 7,
b. avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag
skal reknast for enkeltvedtak,
c. arbeids- og velferdsetaten og sakkunnige etter § 9 har
teieplikt etter reglane i arbeids- og velferdsforvaltningsloven
§ 7, og
d. avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast
inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9
om anke til Trygderetten.
§ 15 Forskrifter
Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring
av lova, mellom anna til
a. § 4 om meldingar når barn er bortført,
b. § 7 om å halde tilbake ytingar og barnebidrag,
c. § 9 om oppnemning av og betaling til sakkunnige,
d. § 11 om sperra konto, og
e. § 12 om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra.
§ 16 Ikraftsetjing og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde.
Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde,
kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.
Olemic Thommessen |
president |