Vedtak til lov om forsvunne personar

I Stortingets møte 17. mars 2015 ble det gjort slikt

vedtak til lov om forsvunne personar

1. Lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. blir oppheva.

2. I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. skal nytt kapittel XIII A lyde:3. I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker skal § 222 andre punktum lyde:

Reglene i lov om forsvunne personar § 6 får anvendelse så langt de passer.

4. I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr blir § 10 første ledd nr. 8 oppheva.

Kapittel 1. Allmenne føresegner

§ 1 Kva lova gjeld

Denne lova gir reglar om forvalting av eigedelane til ein person som er forsvunnen. Lova gir òg reglar om korleis ein skal gå fram for å avgjere om ein person skal reknast for å vere død, verknaden av ei slik avgjerd og reglar om attendeføring av personen sine eigedelar dersom personen seinare kjem til rette.

§ 2 Jurisdiksjon og lovval

Ei sak etter lova her om at ein person skal reknast for å vere død, kan reisast i Noreg dersom den forsvunne personen hadde vanleg bustad her da han eller ho forsvann.

Om den forsvunne ikkje hadde vanleg bustad i Noreg, kan det likevel reisast sak her om han eller ho har late etter seg formue i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Det same gjeld om saka av andre grunnar er knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at ho blir reist her, og det blir godtgjort at det ikkje er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir føremålstenleg å avgjere saka.

Saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt, skal avgjerast etter norsk lov.

§ 3 Verneting

Ei sak om at ein person skal reknast for å vere død, skal reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting.

Saker som blir reist i Noreg etter § 2 andre ledd første punktum fordi den forsvunne har formue i Noreg, skal reisast i Oslo rettskrins. Eig den forsvunne fast eigedom i Noreg, skal saka likevel reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den faste eigedomen ligg.

Saker som blir reiste i Noreg etter § 2 andre ledd andre punktum, skal reisast i Oslo rettskrins.

Kapittel 2. Forvalting av buet til ein forsvunnen person o.a.

§ 4 Melding om forsvinning

Om ein person som hadde vanleg bustad i Noreg, er forsvunnen, skal ektemaken, sambuaren, slektningane eller offentleg myndigheit melde frå til tingretten der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting. Andre som kjenner til forsvinninga, kan òg gi slik melding.

§ 5 Oppnemning av verje

Om ikkje retten straks gir orskurd etter § 8, skal retten melde frå til fylkesmannen om forsvinninga.

Fylkesmannen oppnemner ei verje om dette trengst for å tryggje interessene til den forsvunne. Dersom den forsvunne har ektemake eller sambuar eller ein fullmektig til å ta seg av interessene sine, bør fylkesmannen gjere vedtak om at ektemaken, sambuaren eller fullmektigen skal tryggje interessene til den forsvunne om dei er eigna til det.

Fylkesmannen fastset om verja skal ha betalt for oppdraget, og kor mykje. Denne betalinga og utlegg i samband med oppdraget som verje skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne personen.

Reglane i lov om vergemål gjeld tilsvarande så langt dei høver.

§ 6 Forvalting av eigedelane til den forsvunne

Eigedelane til den forsvunne skal forvaltast som eigedelane til personar under verjemål.

Om det let seg gjere, skal verja ta arvingane med på råd ved viktige avgjerder som sal av fast eigedom eller større utbetalingar.

§ 7 Avgrensa utbetaling

Fylkesmannen kan gjere vedtak om ei avgrensa utbetaling av den forsvunne sine eigedelar jamvel om det ikkje straks kan givast orskurd etter § 8, dersom den forsvunne hadde plikt til underhald av ektemake eller barn eller ei slik utbetaling trengst av andre grunnar.

Kapittel 3. Orskurd om død

§ 8 Dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død

Om ein person er forsvunnen under slike omstende at det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, kan tingretten straks treffe avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.

Krav om avgjerd etter første ledd kan setjast fram av ektemaken, sambuaren, arvingen eller andre som kan vise til at dei verkeleg treng ei slik avgjerd. Kravet skal setjast fram skriftleg.

Retten treff avgjerda etter første ledd ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver.

§ 9 Dødsorskurd i andre høve

Om ein person er forsvunnen under slike omstende at personen høgst sannsynleg er død, kan det reisast sak om at den forsvunne skal reknast for å vere død, når det har gått eitt år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.

Det kan likevel straks reisast sak som nemnd i første ledd, dersom personen forsvann i samband med ein naturkatastrofe, ei anna stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen er død.

I andre tilfelle enn dei som er nemnde i første og andre ledd, kan sak om at ein person skal reknast for å vere død, reisast når det har gått fem år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.

Retten treff avgjerda ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver. Orskurden skal gå ut på at personen skal reknast for å vere død, eller at kravet ikkje blir tatt til følgje.

§ 10 Framsetjing av krav om dødsorskurd etter § 9

Sak etter § 9 skal reisast ved at krav om dødsorskurd blir satt fram skriftleg for tingretten. Ektemaken, sambuaren eller arving til den forsvunne kan krevje slik orskurd. Andre kan krevje orskurd etter § 9 første og tredje ledd dersom dei kan vise til at dei verkeleg treng ei avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.

§ 11 Handsaming av saker etter § 9

I sak etter § 9 skal tingretten kalle den forsvunne inn etter reglane i domstolloven § 181 med eit varsel på minst tre månader. Innkallinga skal oppmode den som har opplysingar om den forsvunne, om å gi opplysingane til retten. Retten skal av eige tiltak søkje å skaffe opplysingar som kan sikre ei rett avgjerd.

Retten skal gi melding til verja eller fullmektigen til den forsvunne om innkallinga. Om det let seg gjere, skal retten òg gi slik melding til dei som kan setje fram krav etter § 10.

Sakskostnadene skal dekkjast av staten om ikkje retten avgjer at dei skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne.

§ 12 Rettsmiddel

Den avgjerda går imot, dei som er nemnde i § 10, og verja eller fullmektigen kan anke orskurd etter § 8 eller § 9 og krevje at saka blir opna på nytt.

§ 13 Dødsdagen

Ein orskurd etter § 8 eller § 9 skal fastsetje den dagen den forsvunne personen skal reknast som død. Dette skal om mogeleg vere den dagen den forsvunne mest truleg døydde, og elles den siste dagen i den månaden ein tidlegast kunne reise sak etter § 9.

§ 14 Rettskraft

Ein rettskraftig orskurd etter § 8 eller § 9 verkar for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle forhold der det har noko å seie om den forsvunne er i live eller ikkje etter den dagen orskurden fastset som dødsdagen.

Ei avgjerd etter § 2 andre ledd første punktum har berre verknad for denne formuen.

Kapittel 4. Verknaden av ein orskurd om død

§ 15 Handsaming av buet og skifte

Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er blitt endeleg, skal buet til den forsvunne handsamast som om den forsvunne var død på dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13. Fristane i skifteloven gjeld i desse tilfella frå det tidspunktet det tidlegast var mogeleg å få buet skifta.

Er nettoformuen til den forsvunne mindre enn fire gonger grunnbeløpet i folketrygda, kan ektemaken eller arvingane krevje at buet skal handsamast som om den forsvunne var død utan dødsorskurd så snart fristen etter § 9 første ledd er gått ut. Tingretten fastset i så fall dødsdagen etter reglane i § 13.

§ 16 Skifte etter fem år

Er det gått fem år sidan det siste tidspunktet da ein visste at den forsvunne var i live, utan at eigedelane som er til forvalting etter § 6, er skifta, skal den som forvaltar eigedelane, gi melding til tingretten. Tingretten skal handsame eigedelane som om den forsvunne var død. Buet skal delast mellom dei som er arvingar etter den forsvunne når femårsfristen går ut. Arvingane skal varslast ved innkalling etter reglane i skifteloven § 72. Om ingen melder seg som arving, gjeld arvelova § 46 tilsvarande.

§ 17 Verknader for ekteskapet

Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er rettskraftig, er ekteskapet oppløyst dersom ektemaken etter den forsvunne giftar seg på nytt. Dette gjeld jamvel om avgjerda seinare blir oppheva eller endra. Har ektemaken ikkje gifta seg på nytt, står ekteskapet ved lag om det viser seg at den forsvunne lever.

Kapittel 5. Attendeføring fordi den forsvunne har kome til rette o.a.

§ 18 Frist for attendeføring

Den forsvunne kan innan 20 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje eigedelane sine att frå dei som arva han eller henne. Om forsvinninga var frivillig, er fristen 10 år.

Dei rette arvingane kan innan 10 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje arv utlevert om det blir godtgjort at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det som var lagt til grunn ved delinga av buet.

§ 19 Kva som skal førast attende

Ingen arving har plikt til å gi att meir enn han eller ho har mottatt. Er den mottatte arven avhenda eller forbrukt, er arvingen ansvarleg for verdien på det tidspunktet tingen blei avhenda eller forbrukt, men ikkje for meir enn verdien av ein like god ting av same slag på tidspunktet da kravet blir sett fram. Kravet skal setjast ned eller falle bort når det er urimeleg på grunn av levekåra eller stoda elles at arvingen skal svare fullt ut for eigedelar som han eller ho ikkje lenger har. Er arven gått tapt utan at arvingen er skuld i tapet, er arvingen friteken for plikta til attendeføring.

Inntekt som er tent opp av formuen før kravet om attendeføring er sett fram, treng arvingen ikkje å gi attende.

Er ein eigedel avhenda, skal den som har tatt over eigedelen, levere eigedelen attende etter reglane i første og andre ledd dersom han eller ho ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet.

§ 20 Utbetalt forsikring

Ein forsikringssum som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att jamvel om det viser seg at den forsvunne lever, eller at han eller ho døydde på eit slikt tidspunkt at forsikringssummen ikkje skulle vore utbetalt. Dette gjeld likevel ikkje om det er klårt urimeleg at den som har fått utbetalt summen, får behalde han. Når det er gått 20 år sidan dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, kan forsikringssummen uansett ikkje krevjast attende.

Dersom forsikringssummen kan krevjast attende, kan kravet setjast ned eller falle bort etter reglane i § 19 første ledd. Beløp som selskapet ikkje kan få attende frå mottakaren, skal gå til frådrag i det forsikringsselskapet har plikt til å dekkje.

Forsikringsselskapet kan rekne forsikringsforholdet som opp- og avgjort ved den utbetalinga som er skjedd på grunnlag av dødsorskurden. I så fall overtar personen som har kome attende, kravet til forsikringsselskapet.

§ 21 Pensjon og andre offentlege stønader

Trygdeytingar, livrente eller annan offentleg eller privat stønad som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att frå mottakaren, jamvel om det viser seg at den forsvunne lever. Det som er utbetalt, skal gå til frådrag i krav på stønad frå personen som har kome att, for den tida han eller ho har vore forsvunnen.

§ 22 Oppheving av orskurd om død

Retten kan oppheve ein orskurd om død etter stemning frå personen som etter orskurden er rekna som død.

Kapittel 6. Sluttføresegner

§ 23 Når lova gjeld frå. Overgangsføresegner

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Lova gjeld for avgjerder som blir trefte etter iverksetjinga av lova jamvel om forsvinninga skjedde før. Ei etablert ordning for forvalting av eigedelane til den forsvunne skal førast vidare etter den nye lova, om ikkje fylkesmannen fastset noko anna. Reglane om attendeføring av eigedelar etter kapittel 5 i lova her gjeld om den forsvunne kjem att etter iverksetjinga av lova.

Kongen kan fastsetje overgangsføresegner.

§ 24 Endringar i andre lover

Frå den tida lova trer i kraft blir det gjort følgjande endringar i andre lover:

Kapittel XIII A. Fråverande arving.

§ 75 a. Ein arving skal ikkje reknast med under skiftet om det ikkje er sikkert at arvingen har overlevd arvelataren, jf. § 72 første ledd.

Viser det seg seinare at arvingen overlevde arvelataren, kan arvingen eller – om arvingen er død – hans eller hennar arvingar innan ti år etter arvefallet krevje arven frå dei som har fått han. Gjeld det arv i eit bu som er overteke av den attlevande ektemaken eller sambuaren etter reglane om uskifte i kapittel III og kapittel III A, blir fristen rekna først frå det tidspunktet den attlevande ektemaken eller sambuaren døyr. Har den attlevande ektemaken eller sambuaren skift tidlegare, skal fristen reknast frå det tidspunktet skiftet var slutt. Er arvingen ved orskurd sagt å vere død, jf. lov om forsvunne personar §§ 8 eller 9, gjeld fristen i same lov § 18 dersom han går ut før fristen som er nemnd foran. Kravet om attendeføring følgjer elles reglane i lov om forsvunne personar § 19.

§ 75 b. Er ein arving forsvunnen etter at arven er fallen, eller er arvingen fråverande utan kjend opphaldsstad, skal arvingen få arven utlagd på skiftet om ikkje anna følgjer av § 75 c. Reglane i lov om forsvunne personar kapittel 2 om forvalting av den forsvunne sine eigedelar og oppnemning av verje gjeld tilsvarande.

§ 75 c. Er arven til ein forsvunnen arving som nemnd i § 75 b, mindre enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda, og det heller ikkje er kjend at arvingen har annan formue, skal arvingen ikkje få arven utlagd når han eller ho har ektemake, sambuar eller slekt som har rett til arven etter lova, eller han eller ho har rådd over heile arven ved testament. Arven skal då gå til dei som var arvingar etter den forsvunne eller fråverande då arven fall. Ein forsvunnen eller fråverande arving kan ikkje krevje attende arv som er utlagd etter første punktum

Olemic Thommessen
president