År 2001 den 29. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett
vert gjort følgjande endringar:
§ 2 a skal lyde :
Barn under 18 år, som ikkje får
norsk borgarrett etter §§ 1 eller 2, får
norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg
farskapen i samsvar med reglane i lov 8. april 1981 nr
7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt
ved dom, og faren var norsk borgar då barnet vart fødd.
Dersom faren døydde før barnet vart fødd,
men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare
vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar
då han døydde. For farskap som fylgjer
av utanlandsk lov gjeld reglane i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn
og foreldre § 67.
Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret
for barnet, gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen
fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeven
inn dersom det har fylt 12 år.
§ 8 skal lyde:
Norsk borgar som er født i utlandet, misser den norske
borgarretten når han fyller 22 år såframt
han før den tid aldri har budd i riket og heller ikkje
har hatt tilhald her som tyder på samhøyrsle med
Noreg, såframt han då ikkje vert utan
borgarrett i noko land. Men søkjer ein slik borgar,
før han fyller 22 år, om å få ha
retten, kan Kongen eller den han gjev fullmakt la søkjaren
få brev på det. Reglane i leden her gjeld ikkje såframt
han har misst den norske borgarretten etter § 9 a andre
leden første punktum.
Misser nokon norsk borgarrett etter denne paragrafen, misser
likeeins borna hans den norske borgarretten som dei har frå han,
såframt barnet då ikkje vert utan
borgarrett i noko land.
Lova tek til å gjelde
frå den tid Kongen fastset.
Jorunn Ringstad |
Olav Gunnar Ballo |
president |
sekretær |