År 2006 den 13. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
gjerast følgjande endringar:
§ 3 skal lyde:
Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på faste
eigedomar i heile kommunen, eller i klårt avgrensa område
som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik
utbygging er i gang. Kommunestyret kan velja å skrive ut
eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4
andre leden andre og tredje punktum. Utskriving
av eigedomsskatt på verk og bruk kan òg skje i
tillegg til utskriving av eigedomsskatt i klårt avgrensa
område som heilt eller delvis er utbygde på byvis
eller der slik utbygging er i gang.
§ 4 første punktum skal lyde:
Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane
ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.
§ 5 ny bokstav h skal lyde:
§ 7 bokstav e vert oppheva.
§ 11 første ledd andre punktum vert oppheva.
§ 13 første ledd første punktum
skal lyde:
Første året det vert utskrive eigedomsskatt
i ein kommune, må
skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av
takstverdet.
§ 13 første ledd femte punktum
vert oppheva.
Endringane under I blir sette
i kraft straks med verknad frå og med skatteåret
2007.
Overgangsreglar
Ved ikraftsetjing av endringane under I gjeld følgjande
overgangsreglar:
Ved utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2007
i dei kommunane som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heile
kommunen, skal skatten vera utskriven før 1. juni 2007.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |