2. Vegformål

Vegtrafikklova § 33 nr. 5

       Samferdselsdepartementet fremja i Ot.prp. nr. 61 (1989-1990) ei tilråding om lov om endringar i vegtrafikklova av 18. juni 1965 nr. 4, sjå lov av 4. juli 1991 nr. 49. Lovvedtaket endra mellom anna ordlyden til vegtrafikklova § 33 nr. 5. Endringa blei sett i kraft frå 1. april 1992.

       Vegtrafikklova § 33 nr. 5 inneheld reglar om politiet sin rett til beslag av førarkort ved mistanke om straffbart tilhøve som kan føre til inndraging av førarkort. Tidlegare var regelen at politiet, om innehavaren ikkje samtykte i slikt beslag, berre kunne halde førarkortet beslaglagt i 3 veker utan orskurd frå forhøyrsretten. Etter endringa 1. april 1992 er regelen at politiet må oversende spørsmålet om vidare beslag til forhøyrsretten innan 3 veker. Politiet kan etter endringa altså halde på førarkortet ut over 3 veker når saka er oversendt retten innan fristen.

       Det har i ettertid blitt klart at det er ønskjeleg å avgrensa bruken av retten til å halde tilbake førarkortet, og det blir i proposisjonen gjort greie for korleis Samferdselsdepartementet og Justisdepartementet meiner at heimelen bør nyttast.

       For at lova ikkje skal praktiserast på ein uheldig måte, planlegg Justisdepartementet eit rundskriv til politiet som vil presisere politiet sin handhevingsinstruks på dette punktet.

       Etter presisering i rundskrivet vil politiet no totalt kunne halde på eit beslaglagt kort i inntil 4 veker i dei tilfella forhøyrsretten si avgjerd fyrst ligg føre etter at fristen på 3 veker er løpt ut.

       Samferdselsdepartementet meiner det ikkje er naudsynt med lovendring for å endre praksisen etter vegtrafikklova på dette punktet.

       Komiteen har ingen merknader.

Hovudavtale om statstilskott til drift av riksvegferjesamband

       I St.prp. nr. 1 (1993-1994) frå Samferdselsdepartementet blei det m.a. gjort greie for at Rederienes Landsforening og Vegdirektoratet var blitt samde om hovudavtale for riksvegferjedrifta. Samferdselsdepartementet har no godteke framlegget frå partane til hovudavtale.

       I St.prp. nr. 1 (1992-1993) frå Samferdselsdepartementet blei det informert om vanskar knytta til styremaktas vilkår om at det berre er drifta av ferjene som kan gi selskapa høve til forteneste. I visse tilfelle vil selskapa ifølgje den godkjende hovudavtala få disponert heile eller delar av salsvinsten.

       Komiteen har ingen merknader.

Flytting av riksvegferjesambandet Mortavik-Skudeneshavn til Randaberg-Skudeneshavn

       I St.prp. nr. 1 (1993-1994) går det fram at fylkestinget i Rogaland med vedtak av 8. juni 1993 har rådd til at ferjesambandet Mortavik-Skudeneshavn blir flytta til strekninga Randaberg-Skudeneshavn.

       Samferdselsdepartementet har med avgjerd av 14. januar 1994 slutta seg til tilrådinga om å flytte sambandet.

       Føresetnaden for flyttinga er at det m.a. blir innkrevjing av bompengar til Rennfast på ferja, som medfører noko høgare takstar for både kjørety og passasjerar.

       Komiteen har ingen merknader.