Stortinget - Møte tirsdag den 18. desember 2001 kl. 10

Dato: 18.12.2001

Dokumenter: (Innst. S. nr. 72 (2001-2002), jf. Dokument nr. 8:19 (2001-2002))

Sak nr. 8

Innstilling frå kommunalkomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om at kommunane og fylkeskommunane blir tilført ekstra midlar for 2001 som fylgje av auka pensjonskostnader

Talere

Votering i sak nr. 8

Reidar Sandal (A) (ordførar for saka): Det har vore eit sterkt fall i aksjemarknaden tidlegare i år. Følgjene av det har vore mange. Kommunar og fylkeskommunar har også merka dei negative konsekvensane. Dei har fått ei tilleggsrekning på auka pensjonskostnader. Den utgjer om lag 3 milliardar kr.

Det er dette som er bakgrunnen for det forslaget som representanten Meltveit Kleppa har fremma, og som no er til behandling. Forslagsstillaren peiker på at kommunesektoren får behalde auka skatteinntekter på 1,7 milliardar kr. Dermed manglar om lag 1,3 milliardar kr som kommunane sjølve må dekkje. Meltveit Kleppa ønskjer at staten skal gi ei ekstraløyving på det sistnemnde beløpet.

Økonomien i mange kommunar og fylkeskommunar er pressa. Dersom meirkostnaden til pensjonar må dekkjast innanfor dei økonomiske rammene som låg føre ved behandlinga av budsjetta for 2001, vil det føre til reduksjonar i tenestetilbodet.

Kommunalkomiteen meiner at dei auka skatteinntektene i sektoren skal vere igjen i kommunar og fylkeskommunar. Regjeringa Stoltenberg la opp til at 1,7 milliardar kr, som var den stipulerte meirinntekta ved framlegginga av statsbudsjettet, skal tilfalle kommunesektoren.

I skriv til komiteen peiker kommunal- og regionalminister Solberg på at skatteinntektene for kommunar og fylkeskommunar også har auka etter 1. oktober. Dei er no ytterlegare oppjusterte med 1,2 milliardar kr og utgjer om lag 2,9 milliardar kr.

Fleirtalet i komiteen konstaterer at dei auka utgiftene til pensjonar som kommunesektoren har hatt i 2001, om lag er dekte inn som følgje av auka skatteinntekter. Meirinntektene kan brukast til å finansiere dei auka pensjonskostnadene. Med bakgrunn i dette forholdet skulle det derfor ikkje vere behov for noka ekstraløyving for 2001.

Mindretalet i komiteen peiker no på at kommunesektoren treng ytterlegare 0,5 milliardar kr for å dekkje dei auka kostnadene til pensjon, og viser til notat frå Kommunenes Sentralforbund. Det blir fremma forslag om ei tilleggsløyving på 0,5 milliardar kr på statsbudsjettet for 2001.

Mindretalet viser til notatet frå Kommunenes Sentralforbund der ein meiner at realverdien av inntektene i kommunesektoren i 2001 framleis er om lag 0,5 milliardar kr lågare enn det som blei stipulert i revidert nasjonalbudsjett.

Eg vil peike på at Kommunenes Sentralforbund ikkje har teke kontakt med Stortinget for å fremme krav om slik ekstraløyving som mindretalet no foreslår.

Vurderinga av saka som kommunal- og regionalministeren har gitt, er utarbeidd etter at notatet frå Kommunenes Sentralforbund av 19. november 2001 låg føre. Eg legg til grunn at alle relevante moment er tekne omsyn til, inkludert innhaldet i det sistnemnde notatet. Fleirtalet i komiteen kan ikkje sjå bort frå den framstillinga og det talmaterialet som Regjeringa har presentert for Stortinget.

Den saka som vi no behandlar, gjeld auka pensjonsutgifter i 2001. Arbeidarpartiet meiner det er funne ei tenleg løysing i saka gjennom tilrådinga frå komiteen. Det inneber derimot ikkje at den økonomiske situasjonen for kommunar og fylkeskommunar er problemfri. Det finst ein ubalanse i kommuneøkonomien. Derfor meiner Arbeidarpartiet at Regjeringa bør utarbeide ei oversikt over den og komme tilbake til Stortinget med tiltak for å rette opp ubalansen. Eg viser i den samanhengen til merknadene våre i komiteinnstillinga om budsjettet for neste år.

Auka pensjonsutgifter vil truleg skape problem i kommuneøkonomien også neste år. Eg legg derfor til grunn at Regjeringa følgjer utviklinga nøye og kjem tilbake til Stortinget med ein grundig gjennomgang av saka i revidert nasjonalbudsjett for 2002.

Eg vil med dette tilrå den innstillinga som ligg føre frå komiteen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) (leiar for komiteen):Det er den økonomiske situasjonen generelt i kommunar og fylkeskommunar og dei manglande moglegheitene ein dermed har til å ta uventa kostnader, som gjer at eg har funne det nødvendig å fremma dette forslaget, og det er fordi det her er snakk om pensjonskostnader som må dekkjast inn. Då den økonomiske situasjonen er som den er, vil ei slik inndekking går ut over andre utgifter, det vil gå ut over tilbod til barn, unge og eldre.

Det heiter i forslaget mitt:

«Den økonomiske situasjonen skulle vore såpass robust at både kommunar og fylkeskommunar kunne dekka svingingar i utgiftene. Når dette ikkje er tilfelle utan at det må kuttast i tenestetilbodet, må Regjeringa og Stortinget gripa inn.»

Det er ein ubalanse, det veit vi alle, mellom dei oppgåvene som kommunane i dag har, og dei midla som er til disposisjon. Difor har òg mange kommunar vendt seg både til departementet, vil eg tru, og til Stortinget, i den situasjonen dei no er komne opp i. Eit av breva er frå Glåmdal Regionråd. Dei fortel at når kjøpekrafta i Kommune-Noreg blir høgare en føresett i statsbudsjettet, blir dette gjenstand for nøye vurdering og – slik ein kommune ser det – «alltid inndratt». Når det motsette er tilfellet, må det – nok ein gong slik ein kommune ser det – eit svært stort påtrykk til før ein i det heile er villig til å vurdera problemstillinga. Dei viser òg til kva som skjedde på slutten på 1980-talet. Premiane til KLP vart sette ned i fleire omgangar. Konsekvensen av dette var at staten i neste omgang reduserte sine overføringar til kommunane i statsbudsjettet. Dei bed om at den same metodikken òg blir nytta denne gongen. Dei kallar det ein truverdig og heilskapleg politikk.

Det siste eg har registrert på kommunesektoren, er at eit samrøystes formannskap i Stavanger har gjort vedtak om å be staten bidra til å dekkja desse uventa kostnadene, og det er etter initiativ frå Arbeidarpartiets gruppeleiar i Stavanger. Det er altså eit samrøystes vedtak.

Så til situasjonen i Kommune-Noreg, som Reidar Sandal ryddig har gjort greie for. Stoltenberg-regjeringa oppjusterte skattar og inntekter med 1,7 milliardar kr. Bondevik II-regjeringa føretok ei ytterlegare oppjustering med 1,2 milliardar kr til, dvs. at det er meirinntekter på 2,9 milliardar kr. Så går det òg tydeleg fram av eit svar frå Finansdepartementet på spørsmål nr. 153 frå Senterpartiets stortingsgruppe og av brev til komiteen frå statsråd Solberg at det ikkje er alle kommunane som får like stor del av desse inntektene. Slik er fordelinga sjølv om ein har inntektsutjamning. Så har KS påvist i eit brev – det er innteke i innstillinga, så eg refererer ikkje det, det er teke inn i ein merknad frå mindretalet – at uansett auka skatteinngang er det her eit meirbehov på 0,5 milliardar kr for 2001.

Når det gjeld situasjonen i 2002, er eg glad for at både den førre og den noverande regjeringa varslar ein gjennomgang av den, og at ein vil gi melding tilbake til Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det støttar heile komiteen opp om.

Det det handlar om no, er ei løysing for 2001. Det har heile hausten blitt sagt mykje frå denne talarstolen både frå Arbeidarpartiet, frå regjeringspartia og frå oss andre om behovet for eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø, om behovet for ei verdig omsorg og òg om behovet for dei midlane som skal til i ein slik samanheng. Eg finn det passande å sitera eit ordtak som lyder slik: «Hvor viljen er til stede, finnes alltid en vei.»

Det å vedta eit forslag i dag om å løyva 500 mill. kr ekstra til kommunesektoren, fordelt med 360 mill. kr til kommunane og 140 mill. kr til fylkeskommunane, ville openbert ikkje auka aktiviteten i Kommune-Noreg. Det ville openbert ikkje gitt press i økonomien. Det ville heller ikkje hatt så svært mykje å seia for oljefondet, der ein ikkje har brukt midlar i samsvar med budsjettet i 2001. Men det ville gitt mange kommunar i dette landet moglegheit til å betra situasjonen på høgst nødvendige område, som fleire lærarar, fleire sjukepleiarar, støttekontaktar og tilrettelagd undervisning. Det ville gitt fleire funksjonshemma og foreldre til funksjonshemma moglegheit til ein betre og tryggare kvardag. Kanskje kunne ein òg håpa at det for nokon hadde hatt innverknad i forhold til nivået på barnehageprisar og på eigendelen i SFO.

Det er trist å konstatera: Fleirtalet ville ikkje. Det var ikkje vilje. Senterpartiet og SV har her peika på ein veg, men vi har dessverre ikkje fått fleirtalet med oss.

Eg tek med dette opp mindretalsforslaget frå Senterpartiet og SV.

Presidenten: Magnhild Meltveit Kleppa har tatt opp det forslaget hun refererte til.

Karin Andersen (SV): Det er noen gledelige ting i denne saken. Det ene er at det har vært en såpass stor skatteinngang som kommunesektoren får lov å beholde. Det er veldig nødvendig. En kan jo tenke seg hvordan det hadde sett ut hvis det ikke hadde skjedd.

Så er det fra flertallets side også en erkjennelse av at det er en stor ubalanse i kommunesektoren, som det også er blitt sagt fra talerstolen i dag fra Arbeiderpartiet. Det er en positiv ny vri som vi forventer oss mye av når saken skal få sin endelige behandling i revidert nasjonalbudsjett. Det å gi en tilleggsbevilgning i dag vil ikke på noen måte vanskeliggjøre den gjennomgangen som skal foretas i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett. Det vil bare være en annen forutsetning som ligger til grunn, at kommunesektoren har fått dekt noen flere av sine udekkede utgifter. Det vil man sjølsagt måtte ta hensyn til i en slik gjennomgang.

På den andre sida vil det for kommunesektoren åpenbart innebære enda større problemer ikke å få denne tilleggsbevilgningen nå. Man kan ikke unnlate å ta hensyn til de realitetene som ligger i de bevilgningene man allerede har fått. Ingen vet hva som vil komme i revidert nasjonalbudsjett. Det gis noen løfter og noen henvisninger til at det skal komme økninger, men jeg tror de fleste kommuner vet at de må se summen før de kan begynne å bruke den, og at de vil være forsiktige med å legge for mye i de løftene som er gitt i dag.

En slik løsning som mindretallet har skissert, vil derfor være en stor fordel for kommunesektoren og for de oppgavene den har – som er utgangspunktet for saken – og vil ikke vanskeliggjøre verken Regjeringens eller Stortingets arbeid med den store gjennomgangen som skal foretas til våren. Det er derfor trist at det ikke vil bli flertall for forslaget.

Vi har merket oss de løftene som er gitt med hensyn til gjennomgangen til våren, og vi vil følge med, slik at de forutsetningene som er lagt til grunn, da blir oppfylt.

Per Sandberg (FrP): Det vi i bunn og grunn egentlig debatterer, er et tariffavtalespørsmål – hvorvidt kommunene skal tilby en egen pensjonsordning i det hele tatt.

At de aller fleste kommunene overlater til Kommunenes Sentralforbund å forhandle om tariffavtaler, er – prinsipielt og praktisk – kommunenes eget problem. Fremskrittspartiet mener at det både er mulig og ønskelig at hver enkelt kommune forhandler for seg. Det ville ha avdekket den dynamikken som er i et fritt arbeidsmarked, og bidratt til en differensiering av lønn og pensjonsgoder.

Når kommunene først har satt seg i den situasjonen at de tilbyr pensjonsordninger, er det fritt opp til kommunene selv å velge om de skal opprette egne pensjonskasser eller tilslutte seg KLP eller private forsikringsselskaper. At kommuner som frivillig har tilsluttet seg KLP, og som frivillig har inngått avtale om regulering av premiebetalingen, nå får en ekstraregning, påkaller prinsipielt ikke andres oppmerksomhet. Et eventuelt ekstra tilskudd til kommunene for å dekke denne ekstraregningen, slik det her er foreslått, fratar egentlig kommunene ansvaret for egen økonomi. De kommunene som imidlertid har vært våkne, og som har andre ordninger, skal altså ikke få noe av dette tilskuddet.

Jeg må få si at denne såkalte ekstraregningen tross alt er svært liten i forhold til en kommuneøkonomi på over 200 milliarder kr. Jeg har sett private selskaper greie å foreta større omstillinger, for å si det slik. Og jeg er heller ikke enig i de argumentene som går på at denne regningen er «uventet». Den burde kommunene selvfølgelig ha tatt høyde for i sine tidligere budsjetter og regnskaper. Denne ekstraregningen vil over tid formodentlig motsvares av et ekstraordinært, lavere premiegrunnlag, når man får større oppgang i de verdipapirer og aksjer som pensjonsselskapene har i sin portefølje. Og hvis så skjer, tror jeg ikke vi vil motta et unisont krav eller ønske fra Kommune-Norge om å få lov til å betale tilbake penger til staten.

Staten bør gripe inn når kommunene har satt seg i en slik situasjon. Det er Fremskrittspartiet enig i. Men da må vi gjøre grep som gjelder de primæroppgavene som kommunene tross alt har, og som er lovpålagt. Vi må endre finansieringssystemet for de lovpålagte oppgavene – slik Fremskrittspartiet foreslår.

Reidar Sandal (A): Eg føler behov for å rette opp ei openberr misforståing.

Representanten Sandberg framstilte det slik at dei 2,9 milliardar kr som kommunesektoren får behalde i 2001, og som dei kan bruke til å dekkje auka pensjonskostnader, berre skulle kome dei til gode som har pensjonsordning i KLP. Han uttrykte seg på ein slik måte at ein kunne oppfatte bodskapen hans slik.

Eg vil for ordens skuld berre gjere oppmerksam på at dei auka skatteinntektene – i den storleiken som eg nemnde – går til kommunane, uavhengig av kva slags pensjonsordning dei har.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg finn òg grunn til å gjera merksam på at når det gjeld mindretalsforslaget om ei tilleggsløyving på 500 mill. kr til kommunane og fylkeskommunane, går det fram av måten dette forslaget er formulert på, at dette skal løyvast under kap. 571 og kap. 572, rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, under posten Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning.

Det blir heilt feil, slik som representanten Per Sandberg her framstiller det, at dette er ei ekstraløyving som går til dei kommunane som er medlemmer av KLP. Dette er meint å gå på rammene til alle kommunar. Det betyr òg at dei kommunane som ikkje har hatt utgifter direkte til ekstra pensjonskostnader – for dei finst – sjølvsagt får moglegheiter til å bruka desse midlane på ein annan måte.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8.

(Votering, se side 1200)

Votering i sak nr. 8

Presidenten: Under debatten har Magnhild Meltveit Kleppa satt fram et forslag på vegne av Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Forslaget lyder:

«I statsbudsjettet for 2001 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.PostFormål:Kroner
571Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571):
60Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med 360 000 000
frå kr 29 795 916 000 til kr 30 155 916 000
572Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572):
60Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning, vert auka med 140 000 000
frå kr 16 407 182 000 til kr 16 547 182 000»
Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 8:19 (2001-2002) – forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om at kommunane og fylkeskommunane blir tilført ekstra midlar for 2001 som fylgje av auka pensjonskostnader – vert å leggje ved protokollen.

Votering:Ved alternativ votering mellom innstillingen og forslaget fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet bifaltes innstillingen med 82 mot 21 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.34.00)