Stortinget - Møte tirsdag den 12. juni 2007 kl. 15.22

Dato: 12.06.2007

Dokumenter: (Innst. S. nr. 266 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 63 (2006-2007))

Sak nr. 15

Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endring i kringkastingsavgifta for 2007 og omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK

Talere

Votering i sak nr. 15

Presidenten: Etter ønske fra familie- og kulturkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver gruppe og 5 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Espen Johnsen (A) [23:21:40]:(ordførar for saka): Det er eit breitt fleirtal i komiteen som sluttar seg til proposisjonen frå Regjeringa om endringar i lisensinnkrevjinga og reduksjon i kringkastingsavgifta for 2007.

Lisenssaka har vore diskutert fleire gonger i løpet av vinteren og våren. Bakgrunnen har vore at NRK i førre stortingsperiode blei pålagd å leggje om sine rekneskapsrutinar, slik at periodane for innbetaling av lisensen skulle følgje kalenderåret. Grunnen var at NRK blei pålagd moms.

I budsjettet for i år følgde stortingsfleirtalet dette opp og vedtok at omlegging av lisensinnkrevjinga skulle følgje kalenderåret, mens lisensbetalarane skulle betale like mykje som før, på same tid som før, og få sjå like mykje fjernsyn som før.

Lisensbetalarane skulle med andre ord ikkje merke nokon forskjell, sjølv om rekneskapsførselen i NRK blei endra.

Eg vil framleis hevde at det hadde vore fullt mogleg å gjennomføre det Stortinget vedtok før jul i fjor, utan at det på nokon måte ville gått ut over eller ramma fjernsynssjåarane på nokon måte. Departementet var også innstilt på det.

Når det likevel viste seg at dei økonomiske konsekvensane for NRK sin del ville bli så store som NRK sa dei ville bli, var det rett av Regjeringa å leggje fram ei ny sak for Stortinget.

Det justerte forslaget Regjeringa har kome med, varetek i det vesentlege dei føresetnadene regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti la til grunn – med unntak av at vi framover må betale lisensen innan 31. januar og 31. juli, og at det for 2007 blir ein rabatt i lisensen på 346 kroner.

Ein sikrar NRK sin økonomi og likviditet, og ein sikrar at TV-sjåarane får sjå like mykje fjernsyn som før, og til same pris. Det er det aller viktigaste.

Det er eit breitt fleirtal, alle partia med unntak av Framstegspartiet, som no står bak den nye modellen for lisensinnkrevjing og den reduksjonen i kringkastingsavgifta for 2007 som Regjeringa har foreslått.

Ulf Erik Knudsen (FrP) [23:23:46]: De er vel godt kjent i denne sal at Fremskrittspartiet ønsker en omorganisering av NRK og en reduksjon og på sikt en avvikling av lisensen. Jeg skal la det forholdet ligge i denne sammenheng.

De endringer som var planlagt når det gjaldt lisensen, skapte betydelig usikkerhet i desember–januar. Vi tolker det slik at fremlegget som vi nå behandler, vil rydde opp i dette. Men Fremskrittspartiet mener at lisensbetalerne ikke skal svi for den rentesmellen som kommer. Riktignok er det bare 5 kr pr. lisens det er snakk om, men for Fremskrittspartiet handler dette også om en prinsipiell tilnærming.

Jeg tar derfor opp det forslaget som er å finne i innstillingen.

Presidenten: Representanten Ulf Erik Knudsen har tatt opp det forslaget han refererte til.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 15.

(Votering, se side 3550)

Votering i sak nr. 15

Presidenten: Under debatten har Ulf Erik Knudsen satt fram et forslag på vegne av Fremskrittspartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget samtykker i at for 2007 skal kringkastingsavgiften for fjernsynsmottakere være 1 623 kroner eksklusiv merverdiavgift.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillingen fra komiteen.

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i at for 2007 skal kringkastingsavgifta for fjernsynsmottakarar vere 1 628 kroner ekskl. meirverdiavgift.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet ble innstillingen bifalt med 81 mot 23 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 00.09.40)