Presidenten: Det blir nokre endringar i den oppsette spørsmålslista, og presidenten viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt på representantane sine plassar i salen.
Presidenten gjer framlegg om at dei føreslåtte endringane i dagens spørjetime blir godkjende. - Det er vedteke.
Endringane var desse:
Spørsmål 4, frå representanten Ivar Kristiansen til olje- og energiministeren, blir teke opp av representanten Peter Skovholt Gitmark.
Spørsmål 6, frå representanten Ketil Solvik-Olsen til miljø- og utviklingsministeren, er overført til finansministeren som rette vedkomande.
Spørsmål 10, frå representanten Per Roar Bredvold til justisministeren, er overført til kultur- og kyrkjeministeren som rette vedkomande. Etter oppmoding frå kultur- og kyrkjeministeren blir dette spørsmålet flytta og svara på etter spørsmål 14, dvs. til slutt i spørjetimen.
Spørsmål 14, frå representanten Odd Einar Dørum til kunnskapsministeren, vil bli svara på av helse- og omsorgsministeren på vegner av kunnskapsministeren, som er bortreist.