Stortinget - Møte torsdag den 11. juni 2009 kl. 10

Dato: 11.06.2009

Dokumenter: (Innst. S. nr. 276 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 3 (2008–2009))

Sak nr. 8 [20:48:28]

Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen for 2008

Talere

Votering i sak nr. 8

Reidar Sandal (A) [20:48:57] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Statsrekneskapen for 2008 er delt i to. For det første inneheld han ein løyvingsrekneskap som viser dei samla løyvingane og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Ein finn der òg for utgiftspostane sin del ei oversikt over overførte løyvingar frå 2007 til 2008, og overførte løyvingar frå 2008 til 2009.

Statsrekneskapen inneheld òg ein kapitalrekneskap. I han finn ein ei oversikt over staten sine eigedelar. Denne delen av rekneskapen er òg omfatta av gjelda og eigenkapitalen til staten.

Meldinga inneheld dessutan ei oversikt over garantiansvar, tilsegns- og forhandlingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

Av rekneskapen til staten finn ein at dei samla inntektene i 2008 var på 1 182,6 milliardar kr. Utgiftene utgjorde 778,6 milliardar kr. Då er lånetransaksjonane ikkje rekna med. Nettoinntekter frå petroleumsverksemda i fjor var 415,9 milliardar kr. Desse inntektene blei overførte til Statens pensjonsfond – Utland, slik som regelverket tilseier.

Det oljekorrigerte underskotet var på 11,8 milliardar kr.

Så nokre poeng som knyter seg til Statens pensjonsfond. Det samla overskotet i fondet i fjor var 510,6 milliardar kr. Av dette utgjorde Statens pensjonsfond – Utland 505,3 milliardar kr. Samla sett blei rekneskapen over Statens pensjonsfond gjort opp med eit overskot på 507,2 milliardar kr i fjor.

Ved utgangen av fjoråret var dei bokførte verdiane i Statens pensjonsfond – Utland 2 279,6 milliardar kr. Det er 261,1 milliard kr meir enn ved utgangen av 2007.

Eit aktuelt spørsmål vil gjerne vere: Kvifor opererer ein med store overskot i presentasjonen av Statens pensjonsfond når 2008 har vore det dårlegaste året i fondet si historie? Det er eit legitimt og etter mi oppfatning òg eit fornuftig spørsmål. Til det er å seie at statsrekneskapen blir ført i samsvar med innarbeidd praksis. Det inneber m.a. at endringar i verdsetjinga av formuesobjekt ikkje blir rekna med som inntekt.

Statens pensjonsfond – Utland hadde store inntekter i fjor, som eg allereie har gjort greie for.

Utgiftene utanom petroleumsverksemda blei i fjor 11,6 milliardar kr høgare enn rekna med i saldert nasjonalbudsjett. Hovudforklaringane finn vi i at utgiftene til folketrygda blei over 7 milliardar kr høgare enn rekna med, kompensasjonen for meirverdiavgift til kommunane blei 2,2 milliardar kr høgare enn lagt til grunn, tilskotet til helseføretak auka med 4,2 milliardar kr, og andre postar er reduserte med netto ca. 2 milliardar kr.

Statsrekneskapen viser at inntektene utanom petroleumsverksemda blei 36,2 milliardar kr høgare enn rekna med i saldert nasjonalbudsjett. Den viktigaste forklaringa på dette er at skatte- og avgiftsinngangen blei 30 milliardar kr høgare enn lagt til grunn. Den andre store posten som forklarar inntektsauken, er utbytte av aksjar med 3,7 milliardar kr.

Statsrekneskapen for 2008 er svært gledeleg lesing. Det viser at landet vårt har ein svært solid økonomi, og det må vere eit privilegium for ein finansminister å kunne presentere eit slikt dokument for Stortinget. På denne bakgrunn og på bakgrunn av den kunnskapen vi har fått gjennom St.meld. nr. 3 for 2008–2009 og rettebrevet frå finansministeren, datert 29. mai i år, er det ein prestasjon av dei sjeldne at Framstegspartiet i innstillinga skriv:

«Disse medlemmer er av den oppfatning at statsregnskapet for 2008 dokumenterer Regjeringens manglende evne til å forvalte norske ressurser på en best mulig måte.»

Eg konstaterer at Framstegspartiet sjølvsagt er isolert med synspunktet sitt i denne saka, sjølvsagt er dei det. Grunnen må vere at utsegna manglar sakleg grunngjeving.

Per Olaf Lundteigen (Sp) [20:55:35]: Statsregnskapet får liten oppmerksomhet, etter min vurdering altfor liten oppmerksomhet, for det er et viktig dokument som kan medvirke til styring og erkjennelse – altså et styringsverktøy.

Det oljekorrigerte underskuddet ble 24,6 milliarder kr lavere enn anslått i saldert nasjonalbudsjett for 2008. Som saksordføreren refererte til, er inntektene 36,2 milliarder kr høyere, mens utgiftene bare er 11,6 milliarder kr høyere. Det er store avvik, men det er ikke rart at det er det. Det er et regnskap for et turbulent år, et regnskap for et år som startet med inntektsøkninger som var fenomenale for staten i forhold til budsjettert, og som avsluttet med utgiftsøkninger som var helt spesielle.

Jeg er rimelig sikker på at dette er det siste året i en periode med høyere budsjetterte inntekter enn det som blir økningene på utgiftssida. 2009 kommer til å bli enda vanskeligere, og ikke minst 2010. Vi er inne i et år og går inn i et nytt år hvor det blir store avvik mellom budsjett og regnskap. Det som da er jobben vår, er å prioritere statens utgifter godt, at vi er målrettede i de utgifter vi har, og stimulerer langsiktig, privat atferd, slik at vi kan komme igjennom den turbulente perioden med et land som står bedre rustet, ved at en lærer av den krisen en går igjennom, og slik kan sikre solide statsfinanser også framover.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.

(Votering, sjå side 3599)

Votering i sak nr. 8

Komiteen hadde tilrådd:

St.meld. nr. 3 (2008–2009) – statsrekneskapen for 2008 – blir å leggje ved protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.