Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
President: Magne Rommetveit
Presidenten: Representanten Kari Kjønaas Kjos, som har vore permittert, har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:
For Aust-Agder fylke: Arne Thomassen
For Hedmark fylke: Johan Aas
For Hordaland fylke: Leif Audun Sande
Det ligg føre to permisjonssøknader:
frå Senterpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Kjersti Toppe frå og med 4. juni og inntil vidare
frå Venstres stortingsgruppe om permisjon for representanten Abid Q. Raja i tida frå og med 5. juni til og med 7. juni for å ta del i OSSEs arrangement for ekspertgruppa for terrorførebygging i Sarajevo
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
For Akershus fylke: Solveig Schytz
For Hordaland fylke: Hans Inge Myrvold
Presidenten: Hans Inge Myrvold er til stades og vil ta sete.
Statsråd Anniken Hauglie la fram 2 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Presidenten: Presidenten gjer framlegg om at det vert valt ein setjepresident for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten gjer framlegg om Kari Kjønaas Kjos. Andre framlegg ligg ikkje føre, og Kari Kjønaas Kjos er samrøystes vald som setjepresident for dagens møte.
Før sakene på dagens kart vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at Stortingets møte i dag fortset ut over kl. 16 til kartet for i dag er ferdig handsama.