Helge André Njåstad (FrP) [12:02:21 ] (leiar i komiteen og
ordførar for saka): I denne saka er det ein samla komité som står
bak innstillinga. Det er sjølvsagt ein styrke i saker som handlar
om dei aller mest uheldige i dette landet, dei som er komne skikkeleg
dårleg ut, som me har eit felles ansvar for å stilla opp for.
Rettsvederlagsordninga er ei ordning som ligg
direkte under Stortinget, og som er laga nettopp for at enkeltpersonar
skal kunne få ein skjønsmessig kompensasjon frå staten når dei er
påførte skade eller ulempe som ikkje har vorte dekt innanfor dei
meir ordinære ordningane.
For året 2024, som denne rapporten handlar
om, er det motteke 510 søknader om vederlag, mot 584 året før. Dei
aller fleste søknadene har gjeldt svikt i barneverntenesta og mangel
ved skulegang. Det vart utbetalt totalt 31,8 mill. kr i rettsvederlag
frå staten i fjor, som er 2 mill. kr meir enn i 2023.
Det er viktig at alle i denne salen, som er
ombod overfor innbyggjarane, kjenner til denne ordninga, og gjerne
òg kan visa dei som denne ordninga er aktuell for, vidare til å
kunna søkja vederlag i saka si.
Utover det viser eg til årsrapporten og til
innstillinga frå ein samla komité.