Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Ringstad, Jorunn (1 - 13 av 13)
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:861 (2004-2005)

    Innlevert: 08.06.2005

    Sendt: 09.06.2005

    Besvart: 17.06.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide

    I samband med val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal, har det i mange år vore eit stort lokalt engasjement. Særleg har motstand mot alternativ Nord vore sterk. Då denne prosessen har teke lang tid, har det og komme nye og endra opplysingar til sidan Miljøverndepartementet sist gav si tilråding om traséval. Vil miljøvernministeren no ta initiativ til ny handsaming av denne saka, ut frå nye opplysingar knytt til miljøkonsekvensane ved alternativ Nord?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:860 (2004-2005)

    Innlevert: 08.06.2005

    Sendt: 09.06.2005

    Besvart: 16.06.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

    I samband med val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal, har fleire alternativ vore utreda. Etter at det var gjort vedtak om alternativ Nord, på grunnlag av tilråding frå Miljøverndepartementet, er det kome fram at dette alternativet vil krevje heile tre gonger så mykje landbruksareal som dei andre alternativa. Kva vil landbruksministeren gjere for å hinder tap av mykje jordbruksareal i denne saka?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:291 (2004-2005)

    Innlevert: 07.12.2004

    Sendt: 08.12.2004

    Besvart: 14.12.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Vil statsråden ta kontakt med dei involverte partar for å finne ei mellombels løysing på problema knytt til tunnelane på E134 over Haukeli og liknande strekningar, slik at næringslivet unngår dei akutte problem som ein no står overfor?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til helseministeren

    Dokument nr. 15:284 (2003-2004)

    Innlevert: 20.01.2004

    Sendt: 20.01.2004

    Besvart: 22.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Førde har snart fått bygd ferdig ei ungdomspsykiatrisk avdeling til 35 mill. kr for å kunne prioritere ungdom med psykiske problem i fylket. Regjeringa har ofte hevda at psykiatrien er deira satsingsområde når det gjeld helse. Kva vil statsråden gjere i sambande med det ungdomspsykiatriske tilbodet i Sogn og Fjordane, som er det einaste fylket utan ein eigen psykiatrisk avdeling for ungdom?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:215 (2003-2004)

    Innlevert: 12.12.2003

    Sendt: 15.12.2003

    Besvart: 19.12.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Det har i den seinare tida vore fokus på midtdelarar på vegane. Dette er eit tiltak som klart viser seg å redusere ulykker på belasta strekningar. På E6 ved Melhus har ein jobba aktivt for å kunne få midtdelarar. Her har det kome svar om at vegen er for smal for at ein kan nytte betongrekkverk som midtrekkverk. Kva er grunngjevinga for at ein ikkje her vil vurdere å nytte vaierrekkverk, då dette både er mindre plasskrevande og ei billigare løysing?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:16 (2003-2004)

    Innlevert: 06.10.2003

    Sendt: 07.10.2003

    Besvart: 10.10.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Forhandlingane mellom Posten og representantar for lokalaviser i samband med varsla auke av porto, er no sluttført. Kva vil statsråden gjera overfor Posten når ein ser dei konsekvensane den varsla auke får for lokale og regionale aviser, og kven skal ta ansvaret for at mangfaldet av lokalaviser skal kunne overleve?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:410 (2002-2003)

    Innlevert: 21.03.2003

    Sendt: 24.03.2003

    Besvart: 31.03.2003 av miljøvernminister Børge Brende

    Sør-Varanger kommune arbeider for å få til ein mellomriksveg Noreg-Finland over Pasvik. Sambandet vil vere viktig for å oppretthalde busetjing og skape arbeidsplassar i dette grenseområdet. Det viser seg at arbeidet med vegen kan kome i konflikt med planane for å utvide verneområda i Øvre Pasvik. Korleis vil behandlingsmåten og framdrifta vere når det gjeld utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark, og vil Regjeringa ta omsyn til planane for ny mellomriksveg når vernetiltaka blir avgjort?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:312 (2002-2003)

    Innlevert: 13.02.2003

    Sendt: 14.02.2003

    Besvart: 24.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Det har blitt gjennomført store omorganiseringar i Statens vegvesen frå 1. januar 2003. Tempoet i endringane har vore høgt, og det kjem meldingar om at det er driftsproblem innanfor delar av den nye organisasjonen. Korleis er status for omorganisering av Vegvesenet?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:7 (2002-2003)

    Innlevert: 04.10.2002

    Sendt: 04.10.2002

    Besvart: 14.10.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

    Frå 19. august i år er distriktskontora i Hedmark, Oppland og trøndelagsfylka slegne saman. Kulturministeren har gjeve uttrykk for at det skal leggjast vekt på erfaringane med desse samanslåingane i Regjeringa si tilråding til Stortinget om eventuelle endringar i talet på distriktskontor. Korleis vil statsråden sikre at dette ikkje berre vert ei kvantitativ gransking, men ein rapport der lyttarane vert spurde og gitt høve til å kome med ev. glede/misnøye ved dei nye sendingane?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:280 (2001-2002)

    Innlevert: 21.03.2002

    Sendt: 22.03.2002

    Besvart: 03.04.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Blir noko gjort for å sikre at NMT 450 blir oppretthalde inntil andre mobilnett er tilstrekkeleg bygd ut over heile landet?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:114 (2001-2002)

    Innlevert: 14.01.2002

    Sendt: 15.01.2002

    Besvart: 22.01.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Posten Norge BA har nyleg gått inn for å leggje ned nye 40 postkontor. Aksepterer Regjeringa Posten Norge BA si grunngjeving om at nedlegging av postkontor er ein konsekvens av auka utbytte frå staten, og vil Regjeringa gripe inn for å hindre at ei ny gruppe postkontor blir lagt ned?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:407 (2000-2001)

    Innlevert: 23.05.2001

    Sendt: 25.05.2001

    Besvart: 31.05.2001 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

    Samferdselsminister Terje Moe Gustavsen sa i svaret sitt i muntleg spørjetime 16. mai at ein har vurdert einskilde dispensasjonssøknader i forhold til Posten sitt konsesjonskrav om å tilby basistenesta post til/fra utlandet i Post i Butikk. Vi ber om å få oversikt over kva dispensasjonssøknader det blir vist til, og vil samferdselsministeren ta omsyn til samferdselskomiteen sin klare understreking av at det ikkje skal lempast på servicekrava slik dei er fastsatt i konsesjonen?
  • Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til justisministeren

    Dokument nr. 15:52 (1996-97)

    Innlevert: 06.12.1996

    Sendt: 06.12.1996

    Besvart: 12.12.1996 av justisminister Anne Holt

    "Etter tarifforhandlinger skal politi- og lensmannsbetjenter overføres fra Lr 8 til Lr 12 etter den enkelte tjenestemanns kompetansegivende tjeneste/utdanning. Jeg har bragd i erfaring at godkjenningskriteriene som blir lagt til grunn blir praktisert svært ulikt mellom de enkelte politidistrikt. Hva vil Justisdepartementet foreta seg for å innføre lik og rettferdig praktisering av godkjenningskriteriene, og vil Statsråden medvirke til at de som har utdanning fra lensmannslinja på Politihøgskolen, og denne linjes utvidede fagkrets med tvangsfullbyrdelse i forhold til politilinjen, også blir overført til Lr 12.?"