Presidenten: På grunn av det høge
talet spørsmål som skal svarast på, finn
presidenten å måtte meddele at han med heimel
i forretningsordenens § 53 nr. 3 siste ledd har bestemt
at det berre vil bli gitt høve til eitt tilleggsspørsmål
etter at hovudspørsmålet er svara på.
Dette er nødvendig for at vi skal kunne bli ferdige med
dagens kart innafor den tida som er fastsett for føremiddagens
møte.
Vidare vil presidenten meddele at det blir
nokre endringar i den oppsette spørsmålslista.
Presidenten viser i den samanhengen til den oversikta som er omdelt
på representantane sine plassar i salen, og gjer framlegg
om at dei føreslåtte endringane i dagens spørjetime
blir godkjende. – Presidenten ser det som vedteke.
Endringane var desse:
Spørsmål 13, frå representanten
Laila Kaland til landbruksministeren, er trekt tilbake.
Spørsmål 14, frå representanten
Per Roar Bredvold til landbruksministeren, vil bli svara på av
fiskeriministeren på vegner av landbruksministeren, som
er bortreist.
Spørsmål 15, frå representanten
Bjørn Hernæs til landbruksministeren, må utsetjast
til neste spørjetime, då statsråden er
bortreist.
Spørsmål 18, frå representanten
May-Helen Molvær Grimstad til justisministeren, er trekt
tilbake.
Spørsmål 19, frå representanten
Helene Falch Fladmark til justisministeren, vil bli teke opp av
representanten Berit Kvæven.
Spørsmål 24, frå representanten
Inge Lønning til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren,
vil bli svara på av arbeids- og administrasjonsministeren
som rette vedkomande. Etter oppmoding frå arbeids- og administrasjonsministeren
blir dette spørsmålet flytta og svara på før
spørsmål 46, som skal svarast på av same
statsråd. Spørsmål 24 vart svara
på etter spørsmål 46.
Spørsmåla 43, 44 og 45, frå etter
tur representantane Jan Petter Rasmussen, Torbjørn Andersen
og Signe Øye til miljøvernministeren, må utsetjast
til neste spørjetime, då statsråden har
sjukdomsforfall.