Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Starheim, Åge (21 - 40 av 109)
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:724 (2011-2012)

    Innlevert: 25.01.2012

    Sendt: 30.01.2012

    Besvart: 03.02.2012 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    Eg viser til vedlagte resolusjon som vart vedteken på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane FrP den 22.01.12. Resolusjonen omhandlar manglande openheit i Helse Førde og trugsmål mot tilsette, som på pasientane sine vegne seier i frå om uheldige hendingar ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Vil statsråden, som den øvste ansvarleg for helseføretaka, sjå på nemnde forhold i Helse Førde, og syte for at leiinga i føretaket oppfører seg korrekt overfor sine tilsette?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:361 (2011-2012)

    Innlevert: 29.11.2011

    Sendt: 30.11.2011

    Besvart: 12.12.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Statens vegvesen har lagt fram Konseptvalutgreiing for strekninga Skei-Ålesund, der dei foreslår å leggje E39 i tunnel under Utvikfjellet, vidare med bru over til Svarstad, og vidare tilkopling til Kvivsvegen. Vil statsråden sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune får refundert investeringsmidlar som vert nytta på FV60 Olden-Innvik dersom SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei-Ålesund?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:109 (2011-2012)

    Innlevert: 19.10.2011

    Sendt: 20.10.2011

    Besvart: 31.10.2011 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    Helsedepartementet har tidlegare lagt opp til eit nært samarbeid mellom sjukehusa på Eid og Volda. No registrerar vi at det kan skje store strukturelle endringar ved sjukehuset i Volda, som følgje av store underskot ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Ser ikkje statsråden at det då er nødvendig å reversere planane om nedlegging av fødeavdelinga og akuttberedskapen ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid for at befolkninga i Nordfjord skal få eit like godt sjukehustilbod som i resten av landet?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:12 (2011-2012)

    Innlevert: 04.10.2011

    Sendt: 05.10.2011

    Besvart: 10.10.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    I dag er det ikkje lov å parkere på parkeringsplassar merka for handikappa for køyretøy som institusjonar disponerar p.g.a. at slike parkeringsbevis ifølgje byråkratiet skal skrivast ut til personar og ikkje institusjonar. Bilane til rehabiliteringssentra vert i hovudsak bruk til å køyre pasientar til sjukehus, kontrollar og til treningsturar eller andre trengande tilfeller. Vil statsråden ta initiativet til å endre regleverket slik at også institusjonar og rehabiliteringssenter kan få slike parkeringsbevis?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1642 (2010-2011)

    Innlevert: 15.06.2011

    Sendt: 16.06.2011

    Besvart: 22.06.2011 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    Eg viser til Inns. 422S (2010-2011) der fleirtallsinnstillinga gjer det klart at det skal vere anestesi-beredskap ved sjukehuset på Nordfjordeid. Styreformann i Helse Vest har uttalt til NRK Sogn og Fjordane at vedtak om nedlegging av ortopedi ved sjukehuset på Nordfjordeid skal gjennomførast. Meinar ikkje statsråden ut i frå fleirtallsinnstillinga i Nasjonal helse- og omsorgsplan, som vart vedteken på Stortinget i går, at dei aktivitetane som er på sjukehuset på Nordfjordeid i dag skal vidareførast også i framtida?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1461 (2010-2011)

    Innlevert: 23.05.2011

    Sendt: 24.05.2011

    Rette vedkommende: Miljø- og utviklingsministeren

    Besvart: 07.06.2011 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

    Ei kommune i Møre og Romsdal vil tvinge fleire grunneigarar til å avstå grunn til kommunalt byggefelt. Området vert i dag nytta til gardsbruk. Kommunen har iflg. grunneigarane ikkje henvendt seg til dei for dialog. Grunneigarane har no fått brev frå kommunen der det går fram at kommunen har bestilt arkeologar til graving i veke 35. Er dette ein framgangsmåte frå kommunen si side overfor grunneigarane som statsråden er samd i, og er dette ein framgangsmåte som er i tråd med regelverket, og kven må betale arkeologane for utgravinga?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:1273 (2010-2011)

    Innlevert: 14.04.2011

    Sendt: 15.04.2011

    Besvart: 26.04.2011 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

    Eit element som selskapet Stad Skipstunnel hadde med i starten var ein parallell vegtunnel med tverrslag til skipstunnelen for kvar 200 m. Dette for å auke sikkerheita ved kollisjon eller havari i tunnelen ved at det var rømingsvegar for kvar 200 m, samt meir effektiv bygging av tunnelen. Når det no ser ut til at det vil ta tid før det vert oppstart og bygging av tunnelen, vil statsråden vurdere om det bør takast inn i planen for tunnelen bygging av ein side- og sikkerheitstunnel, som også kan nyttast til vegtunnel?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1264 (2010-2011)

    Innlevert: 14.04.2011

    Sendt: 15.04.2011

    Besvart: 03.05.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    I Sogn og Fjordane er det sett til sides 156 mill kr. som m.a. skulle nyttast til veginvesteringar og vegvedlikehald. Trass i sterkt forfall, har ikkje fylkeskommunen klart å oppretthalde dagens vegstandard, sjølv om dei hadde tilgjengeleg midlar til dette. Fylkesrådmannen skuldar på dårleg kapasitet hos vegstyresmaktene. Vil statsråden syte for at vegstyresmaktene utarbeider planer i god tid, slik at dei ligg i forkant av både prioriterte investeringar og vedlikehald av vegnettet i sine respektive fylker?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1186 (2010-2011)

    Innlevert: 05.04.2011

    Sendt: 06.04.2011

    Besvart: 27.04.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

    Fleire brukarar har motteke pålegg frå Hareid kommune om å knyte seg til kommunal vassleidning, på tross av at dei i alle år har hatt privat brønn. Det er føreteke vassprøver då ein av brukarane driv gardsbruk med mjølk og kjøtproduksjon, og tilbakemelding frå Mattilsynet er at vatnet er av ypparste kvalitet. Er statsråden samd i at kommunane kan tvinge brukarar med eigen brønn, som ifølgje vassprøver har godkjent vasskvalitet, til å koble seg til kommunale vassverk mot deira sin vilje?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1112 (2010-2011)

    Innlevert: 23.03.2011

    Sendt: 24.03.2011

    Besvart: 31.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Eg viser til mine spørsmål nr. 1269 frå 2010 og nr. 1026 av 2011 vedr. RV 13 Vangsnes-Vik. Når eg no på ny røyser spørsmål om denne vegstrekninga, er det pga. dei utfordringane Vik-samfunnet har inntil lang tunnel gjennom Vikafjellet er bygt. Kan statsråden bruke av dei overskytande vegmidlane frå 2010 til å forsere strekninga Vangsnes-Vik, slik at næringslivet og innbyggjarane i Vik kan ha ein sikker veg for å kome seg ut av kommunen, då vegen over Vikafjellet ofte er stengt på vinterstid?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1067 (2010-2011)

    Innlevert: 15.03.2011

    Sendt: 16.03.2011

    Besvart: 24.03.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

    I Sogn og Fjordane går det no ein debatt om å organisere framtidig pleie og omsorg i såkalla helsekommunar i interkommunale selskap for å møte utfordringar i samhandlingsreforma. Erfaringar med interkommunale selskap er at dei lever sitt eige liv utan politisk styring, og er noko av det mest udemokratiske styresett vi har. Er statsråden samd i at framtidig helse-, pleie- og omsorgstilbod vert organisert gjennom oppretting av interkommunale selskap slik at enkeltkommunane må fråskrive seg styringsretten?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1061 (2010-2011)

    Innlevert: 15.03.2011

    Sendt: 16.03.2011

    Besvart: 22.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Vegvedlikehaldet i Sogn og Fjordane førre vinter og sist vinter er ikkje tilfredsstillande. Statens vegvesen har motteke mange klager. Statens vegvesen har no inngått vedlikehaldsavtaler om vedlikehaldet på fylkesvegar og riksvegar i indre Sogn, som gjeld frå sept. 2011 til sept. 2012. Kan statsråden garantere at brukarane av desse vegane ikkje opplever same dårleg vinterstandard komande vinter som førre år og sist vinter, og kan statsråden garantere at Statens vegvesen foretar nødvendige kontrollar?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1026 (2010-2011)

    Innlevert: 09.03.2011

    Sendt: 10.03.2011

    Besvart: 16.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Eg viser til statsråden sitt svar på mitt spørsmål nr. 1269, datert 26. mai 2010. Spørsmålet gjaldt samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft om utbetring av RV 13 Vangsnes-Vik. Iflg. media i Sogn og Fjordane kan det no sjå ut som anbodet frå Vegvesenet er slik at det kostnadsmessig bort imot gjer det umulig å gjennomføre samarbeidet som statsråden i sitt svar stilte seg positivt til. Vil statsråden gripe inn i denne saka for å syte for at anbodet på utbetring av denne vegstrekninga får ei endra utforming?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1025 (2010-2011)

    Innlevert: 09.03.2011

    Sendt: 09.03.2011

    Besvart: 16.03.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

    I samband med komm.propen som vart lagt fram i 2009 vart det varsla å vurdere å gje tilskot til ressurskrevjande tenester for personar over 67 år. I statsbudsjettet for 2010 valte Regjeringa fortsatt å kun gje tilskot til personar under 67 år. Sandefjord kommune har ein brukar som er over 67 år og som pga. høg bemanning til denne brukaren har kommunen ca. 4,4 mill. kr. i lønnsutg. Kommunen får ikkje tilskot i det heile for denne brukaren. Meiner statsråden at dette er rett, og vil statsråden endre dette?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:825 (2010-2011)

    Innlevert: 03.02.2011

    Sendt: 04.02.2011

    Besvart: 11.02.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Vegvedlikehalde i Sogn og Fjordane førre og sist vinter er under ein kvar kritikk. Statens vegvesen har ansvaret for dette vedlikehaldet, men har sett dette ut på kontraktar. Enten er kontraktane for dårlege, eller så er kontrollen frå Statens Vegvesen for dårleg. Vil statsråden syte for å følje opp Statens Vegvesen, slik at kontraktane på vegvedlikehald tek høgde for tilfredsstillande vedlikehald, og syte for at Statens Vegvesen føretek nødvendige kontrollar i høve allereie inngåtte kontraktar?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:416 (2010-2011)

    Innlevert: 01.12.2010

    Sendt: 02.12.2010

    Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren

    Besvart: 10.12.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    Eg viser til vedteken samhandlingsreform, som skal trå i kraft frå 01.01.2012. Eg registrerar at det kjem fram stor usikkerheit, både hos lokalpolitikarar og byråkratar rundt omkring i landet angåande gjennomføring av reforma. På kva tidpunkt er forskriftene ferdig frå departementet, slik at kommunane får innsyn i både dei økonomiske og faglege ressursar som dei må få på plass for å gjennomføre reforma?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:369 (2010-2011)

    Innlevert: 25.11.2010

    Sendt: 26.11.2010

    Rette vedkommende: Justisministeren

    Besvart: 02.12.2010 av justisminister Knut Storberget

    Hva vil statsråden gjøre for å forebygge netterrorisme, og mener statsråden at dagens datasikkerhetssystemer i Norge er tilstrekkelige for å forebygge netterrorangrep mot Norge?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:283 (2010-2011)

    Innlevert: 12.11.2010

    Sendt: 15.11.2010

    Besvart: 22.11.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

    Eg viser til kommunelovas § 40, nr. 3, bokstav b, siste punktum, som gjeld kommunalt eller fylkeskommunalt tilsette med budsjettansvar, og om desse er inhabile eller ikkje ved handsaming av årsbudsjett og økonomiplan i folkevalt organ. Er statsråden samd i at kommunalt og fylkeskommunalt tilsette med budsjettansvar er inhabile ved handsaming av årsbudsjett og økonomiplan i folkevalt organ?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:266 (2010-2011)

    Innlevert: 10.11.2010

    Sendt: 11.11.2010

    Besvart: 17.11.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

    I svaret frå statsråden på mitt spørsmål nr. 127 vart det presisert at ingen sjukehus skal leggjast ned, og at sjukehuset på Nordfjordeid skal ha akuttberedskap innan indremedisin. Er statsråden samd i at ei slik avdeling som statsråden viser til i sitt svar på mitt spørsmål nr. 127 må ha overlegar innan medisin og kirurgi, sjukepleiarar, anestesilegar, anestesisjukepleiarar, samt lab. og radiologi?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:203 (2010-2011)

    Innlevert: 29.10.2010

    Sendt: 29.10.2010

    Besvart: 02.11.2010 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

    Eg viser til særreglar ved sal av fartøy som har deltakaradgang i fisket etter torsk, hyse og sei mv. for konvensjonelle havfiskefartøy og i fiske etter torsk, hyse og sei for fartøy som har mindre enn 500m3 lastevolum som fisker med konvensjonelle reiskap nord for 62 grader nord, dei såkalla fylkesbindingane som kjem til anvending ved kjøp/salg av fiskefartøy frå anna fylke enn Nord-Troms og Finnmark. Vil statsråden ta initiativet for å endre desse reglane, slik at kjøp/salg kan skje fritt i heile landet?