Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Fiskaa, Ingrid (1 - 20 av 101)
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:1888 (2023-2024)

    Innlevert: 26.04.2024

    Sendt: 26.04.2024

    Til behandling

    Noreg har oppnådd gode resultat med å dele erfaringar innan mellom anna skatt og forvalting av naturressursar med utviklingsland gjennom Kunnskapsbanken. Frå 2024 er ikkje Kunnskapsbanken ein eigen post på bistandsbudsjettet, og Olje for Utvikling skal avviklast i løpet av året. Korleis blir erfaringane og kontaktane som er oppnådd gjennom Kunnskapsbanken bruka vidare, og korleis vert kunnskapsprogramma prioritert med ressursar  framover?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:1807 (2023-2024)

    Innlevert: 19.04.2024

    Sendt: 19.04.2024

    Besvart: 25.04.2024 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    Utviklingsministeren skriv i Panorama at Noreg skal vera ein brubyggar mellom det det globale Sør og Nord i det internasjonale skattesamarbeidet. Men Noreg sitt skriftlege innspel til rammene for ein ny skattekonvensjon i FN er snarare ein blåkopi av OECDs gamle posisjon enn ei bru til det store fleirtalet av utviklingsland. Korleis vil statsråden sikra utviklingsland sine interesser når Noreg har handa på rattet for ein ny skattekonvensjon i FN?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:1771 (2023-2024)

    Innlevert: 16.04.2024

    Sendt: 16.04.2024

    Besvart: 23.04.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Eg ber om at forsvarsministeren svarer på dei tidlegare spørsmåla mine om pågripinga av muraren Muhammad Naseem i Afghanistan 17. september 2007.
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1762 (2023-2024)

    Innlevert: 12.04.2024

    Sendt: 15.04.2024

    Besvart: 23.04.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Den danske regjeringa endrar reglane for godkjenning av eksport av F-35-delar til USA ved å vurdere kvar forsending opp mot risikoen for brot på krigens folkerett. Vil utanriksministeren ta same grep og vurdere risikoen for at F-35-delane som eksporterast til USA seinare blir brukt i krigsbrotsverk av Israel?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:1747 (2023-2024)

    Innlevert: 12.04.2024

    Sendt: 12.04.2024

    Besvart: 19.04.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Andøya flystasjon skal bestå som militær flystasjon, ifølgje regjeringas forslag til langtidsplan for forsvarssektoren. Vil regjeringa då gjera om vedtaket om at Avinor skal overta drifta, slik at dei tilsette ikkje mistar jobben og pensjonen, og Forsvaret mistar verdifull kompetanse?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1662 (2023-2024)

    Innlevert: 05.04.2024

    Sendt: 05.04.2024

    Besvart: 15.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Bane NOR oppgir at målet om at 9 av 10 tog skal vera i rute er bakgrunnen for det reduserte rutetilbodet på Jærbanen og Sørlandsbanen. Kven har bestemt at dette målet skal vera styrande, og er statsråden einig i at dette målet skal overstyra andre omsyn og mål?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1643 (2023-2024)

    Innlevert: 02.04.2024

    Sendt: 02.04.2024

    Besvart: 08.04.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Vil utanriksministeren be Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om å etterforska Israels angrep på Shifa-sjukehuset i Gaza, og stilla pengar og personell til disposisjon?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1608 (2023-2024)

    Innlevert: 22.03.2024

    Sendt: 22.03.2024

    Besvart: 09.04.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Kan utanriksministeren svara på om Ukraina har sagt dei vil granska påstandane om at dei har brukt antipersonellminer, og vil regjeringa følgja opp dette spørsmålet overfor Ukraina i anten det neste intersesjonelle møtet eller tilsynskonferansen som finn stad seinare i år i Kambodsja?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:1553 (2023-2024)

    Innlevert: 15.03.2024

    Sendt: 15.03.2024

    Besvart: 22.03.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Forsvarsmaterielle (FMA) har inngått ein avtale med tausheitsklausul. Er det særlege årsaker til at FMA nyttar seg av ein slik klausul i dette tilfellet, og kva er desse årsakene i så fall?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1528 (2023-2024)

    Innlevert: 13.03.2024

    Sendt: 13.03.2024

    Besvart: 20.03.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Då Den internasjonale domstolen opna folkemordsak mot Israel starta regjeringa ei intern gransking for å sjå om Noreg på nokon måte kan seiast å vera medskuldig dersom Israel vert dømt for folkemord. Ein månad har gått sidan regjeringa annonserte at dei skulle gjera gjennomgangen. Kva har kome fram i granskinga så langt, og når vil Stortinget bli informert om funna?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:1488 (2023-2024)

    Innlevert: 08.03.2024

    Sendt: 08.03.2024

    Besvart: 14.03.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Er 940 millionar dei totale kostnadene med etablering av Luftforsvarets skulesenter på Værnes?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1483 (2023-2024)

    Innlevert: 08.03.2024

    Sendt: 08.03.2024

    Besvart: 18.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Meiner samferdselsministeren at det er greit å krevja bompengar på eksisterande vegar for å finansiera nye motorvegar, når det viser seg at folk ikkje er villige til å betala bompengane på den nye vegen?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1407 (2023-2024)

    Innlevert: 01.03.2024

    Sendt: 01.03.2024

    Besvart: 08.03.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Regjeringa vedtok for snart to år sidan at varer produsert på okkupert palestinsk område skal merkast, men nyleg uttrykte statsministeren at merking ikkje er obligatorisk. Kva er gjeldande politikk fra regjeringa når det gjeld handel med varer frå okkupert område, og vil Noreg, i lys av det norske ICJ-innlegget, endra handelspolitikk overfor dei okkuperte områda?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1277 (2023-2024)

    Innlevert: 16.02.2024

    Sendt: 19.02.2024

    Besvart: 26.02.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Statlege selskap er forplikta til å vita om varene deira blir brukt av aktørar som bryt humanitærretten. Kva vil næringsministeren gjera for at statlege våpenselskap skaffar seg kunnskap om kvar våpenkomponentar endar opp, og vil ministeren sørga for openheit om selskapa sine aktsemdsvurderingar?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1168 (2023-2024)

    Innlevert: 07.02.2024

    Sendt: 07.02.2024

    Besvart: 13.02.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Utanriksministeren har uttrykt at han ikkje trur på sanksjonar. Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer eller stiller Israel i ein særeigen kategori?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1122 (2023-2024)

    Innlevert: 02.02.2024

    Sendt: 02.02.2024

    Besvart: 12.02.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Korleis vil regjeringa legga press på israelske styresmakter for å avlysa angrepsplanane på Rafah?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:1104 (2023-2024)

    Innlevert: 31.01.2024

    Sendt: 01.02.2024

    Besvart: 08.02.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

    Vil utanriksministeren fordømma angrepa mot Rojava og krevja at Tyrkia stansar desse?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren

    Dokument nr. 15:958 (2023-2024)

    Innlevert: 18.01.2024

    Sendt: 19.01.2024

    Besvart: 23.01.2024 av energiminister Terje Aasland

    Sokndalsvassdraget er ei av landets beste lakseelver og er av høg verdi for naturmangfald, turisme og lokal verdiskaping. Vil statsråden legga avgjerande vekt på desse forholda i vurderinga av klagen på avslaget om utbygging av kraftverk i sideelva Ålgårdselva, og når vil klagen bli behandla?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:939 (2023-2024)

    Innlevert: 17.01.2024

    Sendt: 18.01.2024

    Rette vedkommende: Samferdselsministeren

    Besvart: 25.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Vil regjeringa følga opp Statens vegvesen og underleverandørane deira for å hindra vidare plastforsøpling i sjøen i samband med bygginga av Rogfast?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:887 (2023-2024)

    Innlevert: 10.01.2024

    Sendt: 10.01.2024

    Besvart: 18.01.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Vil forsvarsministeren sørga for at tilsette og soldatar ikkje må frysa når dei oppheld seg i Forsvaret sine bygg?