Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Starheim, Åge (61 - 80 av 109)
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1167 (2008-2009)

    Innlevert: 12.05.2009

    Sendt: 13.05.2009

    Rette vedkommende: Miljø- og utviklingsministeren

    Besvart: 19.05.2009 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

    På kysten i Sogn og Fjordane er det mange små øysamfunn. I desse kyst- og øysamfunna har fylkesmannen ei så restriktiv haldning til bygging i 100-metersbelte at det stoppar utbygging og vekst, noko som er godt dokumentert gjennom HAFS-Regionrådet. Vil statsråden syte for at fylkesmannen i Sogn og Fjordane handsamar regelverket i plan- og bygningslova på ein slik måte at det ikkje hemmar utvikling og vekst i kystkommunane i fylket, noko som umogleg kan vere Regjeringa sin intensjon?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:994 (2008-2009)

    Innlevert: 02.04.2009

    Sendt: 02.04.2009

    Besvart: 16.04.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Stortinget har tidlegare vedteke ei verneplan for å bevare ein del av vegnettet for framtida. No er vegen mellom Hardbakke og Krakhella foreslått verna. Dette er einaste vegen mellom fastlandet og kommunesenteret. Verninga vil medføre at vegen ikkje kan rustast opp til fullverdig standard og bruk for næringslivet og folk i Solund kommune. Meinar ikkje statsråden at staten burde kompensere resultatet av verninga av denne vegen med bygging av ein parallell ny funksjonell veg mellom Hardbakke og Krakhella?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:896 (2008-2009)

    Innlevert: 18.03.2009

    Sendt: 18.03.2009

    Besvart: 30.03.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Regjeringa satsar no store midlar på utbygging av jernbane i sentrale strøk. Denne utbygginga er i si heilheit finansiert av staten. I Sogn og Fjordane må derimot deler av vegutbygginga finansierast med bompengar. Ser ikkje statsråden urettferdigheita i at vegnettet ikkje vert fullfinansiert av staten i fylke som Sogn og Fjordane og andre, som ikkje har jernbane?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:675 (2008-2009)

    Innlevert: 09.02.2009

    Sendt: 10.02.2009

    Besvart: 18.02.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Det er stor frustrasjon hos verksemder og folk i Vik angåande stenging/ nattestenging av Vikafjellet på vinterstid. Eg viser til tidlegare initiativ frå politisk hald og andre i Vik for å halde fjellet døgnope. Eg vil også vise til brev frå Samferdsledepartementet, datert 22.08.07, til ordføraren i Vik kommune, der statsråden skriv at ho vil kome tilbake til døgnope fjell i årlege budsjett, utan at dette har skjedd. Vil statsråden syte for at det snarleg vert sett av midlar til å halde Vikafjellet døgnope?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:611 (2008-2009)

    Innlevert: 28.01.2009

    Sendt: 29.01.2009

    Besvart: 05.02.2009 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Departementet har iverksett ei konsekvensutredning om samfunnsøkonomien i Stad Skipstunnel. Denne skulle vere levert departementet før jul 2008. Statssekretær Vidar Ulriksen har uttalt seg til media om at utredninga ikkje vert ferdig før etter Stortingsvalet i år. I dag kunne NRK Sogn og Fjordane opplyse at Kystdirektøren meinte press utanfrå kunne resultere i hurtigare ferdigstillelse av denne utredninga. Vil statsråden syte for at utredninga vert ferdig slik at den kan handsamast i Stortinget i denne perioden?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:91 (2008-2009)

    Innlevert: 15.10.2008

    Sendt: 16.10.2008

    Besvart: 24.10.2008 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

    Som statsråden er kjend med gjennom regionrådet i Nordfjord har Helse Førde gjennomført ei ortopediplan som slår uheldig ut for pasientane i Nordfjord-regionen. Nordfjord sjukehus har høg kompetanse innanfor ortopedi, og har fram til no kunne ha gjennomført dei aller fleste inngrep innanfor dette området. Ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus får no ikkje lov til å behandle pasientar som treng traumehandtering. Vil statsråden tillate at slike uverdige forhold rammar store pasientgrupper i Nordfjordregionen?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:73 (2008-2009)

    Innlevert: 13.10.2008

    Sendt: 13.10.2008

    Besvart: 20.10.2008 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

    Gjennom media har vi siste dagane høyrt at direktøren i Helse Vest har høgare lønn enn statsministeren. Vi har også fleire gonger høyrt om svært høge lønningar til andre leiarar i helseføretaka. Samtidig høyrer vi at helseføretaka har til dels store underskot på drifta, noko som går ut over pasientbehandlinga. Kva syn har statsråden på lønnsforholda til administrative leiarar i helseføretaka?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1564 (2007-2008)

    Innlevert: 22.09.2008

    Sendt: 23.09.2008

    Besvart: 30.09.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Frå Ingvar Olsen, 6977 Bygstad, er det sendt eit brev til samferdselsministeren, datert 08.03.08, vedrørande Nikkino borerigg. Det er sendt purring om svar på dette brevet 14.04.08, 28.04.08, 18.06.08 og 16.07.08, utan at avsendar av første brevet har fått svar frå samferdselsministeren. Vil statsråden syte for at Ingvar Olsen får eit snarleg svar på sitt brev til Samferdselsdepartementet, datert 08.03.08?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1197 (2007-2008)

    Innlevert: 30.05.2008

    Sendt: 30.05.2008

    Besvart: 10.06.2008 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Eg viser til brev frå Sogn og Fjordane FrP sendt til styret i Helse Førde v/styreleiar, datert 30.05.08, der dei stiller nokre spørsmål og påpeikar mangel på heilheitstenking. Kopi av brevet er også sendt statsråden. Vil statsråden, som foretaksmøte på denne bakgrunn instruere Helse Førde til å gje Sogn og Fjordane FrP ei grundig utredning og svar før nytt styremøte i Helse Førde 20.06.08 på dei spørsmål som er stilt i ovannemnde brev?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1165 (2007-2008)

    Innlevert: 27.05.2008

    Sendt: 28.05.2008

    Besvart: 04.06.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    6. mai vedtok Stortinget samrøystes å gje dispensasjon for personar over 70 år for å kunne køyre persontrafikk mot vederlag. Saka er ute på høyring. Høyringsfrist 15.09.08. På spørsmål ved handsaminga av saka svarte statsråden at ho ville arbeide for at dei som no må slutte å køyre, ikkje må vente lenge før dei kan forsetje i yrket sitt. Vil statsråden ta initiativ slik at dei som er nær ved å fylle 70 år, og for dei som har fylt 70 år kan få dispensasjon, slik at dei kan forsetje slik køyring utan opphald?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:1127 (2007-2008)

    Innlevert: 20.05.2008

    Sendt: 20.05.2008

    Besvart: 27.05.2008 av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Rådmannslag er ein interesseorganisasjon som ikkje er pliktige til å offentleggjere sine rekneskap. Dette har vist seg å vere svært uheldig, og kan resultere i spekulasjonar om "snusk" i rådmannslaga sin aktivitet. Vil statsråden ta initiativ til at det vert utarbeidd klare retningslinjer for slik verksemd, slik at rådmannslag vert pålagt å offentleggjere sine rekneskap for å belyse sin aktivitet?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1003 (2007-2008)

    Innlevert: 28.04.2008

    Sendt: 29.04.2008

    Besvart: 09.05.2008 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Ambulansane i Sogn og Fjordane er ikkje utstyrt for å kunne setje i gang Trombolyse-behandling av pasientar med hjarteinfarkt, som dei kan i Møre og Romsdal, og som er medisinsk begrunna som svært livreddande. Dei ansvarlege for ambulansetenesta i fylket forsvarar mangelen på dette med for høge kostnadar. Vil statsråden ta initiativet overfor Helse Førde, for å medverke til at Trombolyse-behandling vert tilgjengeleg i ambulansane i Sogn og Fjordane, ikkje minst ut ifrå fylket sine klimatiske og geografiske forhold?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:982 (2007-2008)

    Innlevert: 23.04.2008

    Sendt: 24.04.2008

    Besvart: 30.04.2008 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

    Den enkelte kommune har liten innverknad når det gjeld etablering av asylmottak. Vil statsråden ta initiativ slik at lokale myndigheiter kan få høve til å belyse konsekvensane av etablering av asylmottak før UDI gjer endeleg vedtak, og gje kommunestyra ein vetorett mot slik etablering?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:970 (2007-2008)

    Innlevert: 21.04.2008

    Sendt: 22.04.2008

    Besvart: 29.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Av ulike grunnar er ferjer ute av drift på ferjestrekningar i Sogn og Fjordane, og ferjer frå andre ferjesamband må overførast som naudløysing, eller når det er to ferjer som trafikkerar strekninga, vert det igjen berre ei ferje. Dette er svært uheldig for dei reisande på dei ferjestrekningane som vert råka. Vil statsråden ta initiativet til at det i anbodsutlysingane vert stilt krav om at anbydar må stille med reserveferje som straks kan setjast inn i dei sambanda som vert råka av at ferja er ute av drift?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:903 (2007-2008)

    Innlevert: 07.04.2008

    Sendt: 08.04.2008

    Besvart: 15.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    I ein rutinekontroll har ein oppdaga at brua på E39 gjennom Byrkjelo sentrum ikkje toler belastninga av tyngre køyretøy, og må forsterkast. Vegbredda er no redusert frå dagens seks meter til fem meter, som ei mellombels løysing. Det kan ta mange månader før brua er opprusta til to fulle køyrebaner. Vil statsråden syte for at det vert løyvd ekstraordinære statlege midler til å ruste opp denne brua, slik at kostnadane til dette ikkje går ut over andre vegprosjekt i Sogn og Fjordane?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:892 (2007-2008)

    Innlevert: 04.04.2008

    Sendt: 07.04.2008

    Besvart: 15.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Statens Vegvesen har i anbodsutlysinga på ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika sett krav om at minstestandard for storleik av ferja til 35 personbilar, som er ein reduksjon på 11 bilar til dagens ferje. Oppstart er sett til 1. januar 2011. Alle politiske parti i Solund har i brev til Statens Vegvesen, datert 02.04.08 gjeve uttrykk for at dei ikkje kan godta anbodsutlysinga. Vil statsråden ta initiativet overfor Statens Vegvesen for å påverke endring av anbodsutlysinga i tråd med Solund kommune sitt ønskje?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

    Dokument nr. 15:759 (2007-2008)

    Innlevert: 06.03.2008

    Sendt: 06.03.2008

    Besvart: 14.03.2008 av finansminister Kristin Halvorsen

    I media er det stadfesta at i 2009-budsjettet vil avgiftene på drivstoff få ein ytterlegare auke. Dette vil ramme næringslivet i Sogn og Fjordane. For transport av varer inn og ut av fylket vil dette medføre alvorleg auke i kostnadane for næringslivet. Ønskjer statsråden, ved å føreta slik auke på drivstoffavgifta, å medverke til ei rasering av næringslivet i Sogn og Fjordane og resten av distriktsfylka?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:749 (2007-2008)

    Innlevert: 05.03.2008

    Sendt: 05.03.2008

    Besvart: 12.03.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    I vinter har det som på same tid i alle år vore mange stengingar av Vikafjellet. For næringslivet og folk i Vik er dette svært negativt, og det kan også vere til fare for sikkerheita for folk i Vik. Før det vert bygt lang tunnel gjennom Vikafjellet må ein rekne med stengingar av fjellet, men etter det folk i Vik meiner, er fjellet stengt langt meir enn det som var nødvendig dersom det var politisk vilje til å gjere noko med dette. Vil statsråden ta initiativ til ordningar som kan hindre unødvendige stengingar av Vikafjellet?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:660 (2007-2008)

    Innlevert: 14.02.2008

    Sendt: 14.02.2008

    Besvart: 26.02.2008 av olje- og energiminister Åslaug Haga

    SFE har i nært samarbeid med grunneigarane utarbeidd og sendt søknad om ein vindpark på fjellet ved Borgundvåg i Selje kommune, Sogn og Fjordane. Av dei 43 grunneigarane er det berre 2 som ikkje har underteikna grunnavtale med SFE. SFE og grunneigarane er samde om å leggje lina frå fjellet og langs vegen, og forbi tettstaden Leikanger i kabel. Vegen til fjellet vil også auke moglegheitene til landbruksmessig utnytting av området. Vil statsråden ta initiativ overfor NVE slik at denne søknaden snarleg vert handsama av NVE?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:651 (2007-2008)

    Innlevert: 12.02.2008

    Sendt: 13.02.2008

    Besvart: 15.02.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    I Soria Moria-erklæringa står det m.a.: "Riksveiferjene er å regne som en del av vegnettet, og utgiftene for de som benytter disse bør reduseres. Regjeringen vil bedre rabattordningene og utrede om enkelte strekninger kan gjøres gratis." Kva har statsråden sett i gang av arbeid for å utrede om enkelte ferjestrekningar i landet kan verte gratis?