Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Starheim, Åge (81 - 100 av 109)
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:609 (2007-2008)

    Innlevert: 06.02.2008

    Sendt: 07.02.2008

    Besvart: 14.02.2008 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Eg går ut frå at statsråden er kjend med at i Sogn og Fjordane, som i store delar av landet elles, har dei fleste kommunane store vanskar med å ha eit tilfredsstillande tilbod til eldre rehabiliterings- og avlastingspasientar på grunn av at sjukehusa no er pålagt tidlegare utskriving av denne pasientgruppa. Ser ikkje statsråden behov for å setje i gang tiltak av øyremerka midlar for å styrke tilbodet til nemnde pasientgruppe?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:483 (2007-2008)

    Innlevert: 16.01.2008

    Sendt: 17.01.2008

    Besvart: 24.01.2008 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

    Eg viser til mitt spørsmål nr. 408, datert 18.12.07, og til brev frå FørdeGården AS, datert 10.01.08, der det går fram at FørdeGården AS har gitt nytt tilbod om redusert husleige til Lotteri- og stiftelsestilsynet, datert 22.12.06, altså før februar 2007. Siste tilbod frå FørdeGården AS vil medføre redusert husleige i høve flytting på ca. 7 mill. kr. over ein femårsperiode. Vil opplysningane i brev frå FørdeGården AS, datert 10.01.08, medføre at statsråden tek initiativ til å forlenge leigeavtala med FørdeGården AS?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til landbruks- og matministeren

    Dokument nr. 15:460 (2007-2008)

    Innlevert: 10.01.2008

    Sendt: 11.01.2008

    Rette vedkommende: Miljø- og utviklingsministeren

    Besvart: 18.01.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

    Regjeringa har beslutta at det skal utbetalast kompensasjon til grunneigarar og kommunar i Trillermarka i Buskerud på 135 millionar kroner. I Sogn og Fjordane har det også vorte verna områder, vassdrag og laksefjordar, noko som hindra verdiskaping for lokale grunneigarar og kommunar, utan at desse har fått kompensasjon eller tilstrekkeleg kompensasjon. Vil statsråden ta initiativ til at grunneigarar og kommunar i Sogn og Fjordane og andre fylker får erstatning på same måte som i Buskerud?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:408 (2007-2008)

    Innlevert: 18.12.2007

    Sendt: 20.12.2007

    Besvart: 02.01.2008 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

    Eg viser til mitt spørsmål nr. 1086, datert 24.05.07, vedr. samlokalisering av statlege, fylkeskommunale og kommunale kontor i Førde. Noverande utleigar til Lotteri- og stiftelsestilsynet har kome med eit nytt skriftleg tilbod om forlenga leige, der basisleiga er redusert frå 1.082,00 til 600,00 pr. m2, ein reduksjon på nesten 50%. Vil statsråden ta initiativ til at leigeavtala med noverande utleigar vert forlenga, då leigeprisen ifølgje nytt tilbod frå noverande utleigar vil ligge svært langt under leigepris på nybygg?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:404 (2007-2008)

    Innlevert: 18.12.2007

    Sendt: 18.12.2007

    Besvart: 09.01.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Bygdefolk i Lavik i Sogn og Fjordane har engasjert seg sterkt for å få ein lett og fin vegtrasé frå Lavik ferjekai, i staden for at det vert lagt opp til å blande mjuke trafikantar og gjennomgangstrafikk på denne vegstrekninga. Vegvesenet har sjølve konkludert med at utbetring av noverande vegline opp frå ferjekaia ikkje tilfredsstiller kravet til stamvegstandard. Vil statsråden engasjere seg for at tilkomstvegen til Lavik ferjekai får ei løysing og eit lineval som tilfredsstiller kravet til stamvegstandard?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:384 (2007-2008)

    Innlevert: 13.12.2007

    Sendt: 13.12.2007

    Besvart: 20.12.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

    Elkem Solar har utbyggingsplanar i Svelgen. Dette vil bety eit stort løft for Svelgen og Bremangerområdet, ein kommune som er råka av sterk nedgang i folketalet. Etableringa er avhengig av god infrastruktur, som ikkje er til stades i dag. Industrisamfunn som Årdal og Høyanger har tidlegare fått fleire titals millionar frå Regjeringa til etableringar. Kan statsråden kontakte Elkem Solar for å avklare viljen til etablering i Svelgen dersom Regjeringa syter for nødvendig utbygging av infrastrukturen i dette området?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:360 (2007-2008)

    Innlevert: 07.12.2007

    Sendt: 10.12.2007

    Besvart: 14.12.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Råning/råkøyring i tettbygd strøk er eit stort problem mange stadar i landet. I fjor haust vart det starta ein fellesaksjon mot råkøyring og støy på Rv. 55 gjennom Sogndal sentrum. 300 underskrifter vart samla inn. Kravet var nedsett fartsgrense, frå 50 til 40 km/t, og fartsdempar på denne strekninga. Aksjonistane får ikkje respons frå nokon overordna myndigheit på aksjonen. Kan statsråden ta kontakt med rette myndigheit slik at aksjonistane til denne aksjonen får svar, og slik at det vert teke ei beslutning i saka?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

    Dokument nr. 15:340 (2007-2008)

    Innlevert: 05.12.2007

    Sendt: 05.12.2007

    Besvart: 17.12.2007 av finansminister Kristin Halvorsen

    Sogndal kommune i Sogn og Fjordane har i fleire år innkravd eigedomsskatt på feilaktig grunnlag frå mange næringsdrivande. Desse har betalt avgifta i den tru at ho var innkravd etter gjeldande reglar. Etter nokre år viste det seg at grunnlaget var feil, noko som kommunen også erkjente. Likevel nekta kommunen å tilbakebetale feilaktig innkravd eigedomsskatt, og meiner dette er forelda. Synes statsråden at det er rett av ein kommune å ikkje tilbakebetale feilaktig innkravd eigedomskatt, ikkje minst av moralske grunnar?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til barne- og likestillingsministeren

    Dokument nr. 15:271 (2007-2008)

    Innlevert: 22.11.2007

    Sendt: 23.11.2007

    Besvart: 30.11.2007 av barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen

    Barnevernet er etter det ein kjenner til ikkje særleg prioritert av mange kommunar. Dette medfører eit dårleg fagmiljø, opphoping av saker, og i mange tilfelle ei slett sakshandsaming. Det er også svært liten vilje i desse kommunane til å inngå samarbeid, på tross av at slikt samarbeid har vore anbefalt av sentrale styresmakter. Kva vil statsråden gjere for å tvinge fram ei sterkare satsing på barnevern i kommunane?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:264 (2007-2008)

    Innlevert: 21.11.2007

    Sendt: 22.11.2007

    Besvart: 29.11.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Den 14.11.06 stilte eg statsråden spørsmål om manglande helgeberedskap ved regionale flyplassar. Svaret frå statsråden var at ho ville leggje vekt på å finne gode og praktiske løysingar som sikrar god regularitet ved flyplassane også i helgane. Etter det ein kjenner til manglar det framleis helgeberedskap ved våre regionale flyplassar, med dei store samfunnsøkonomiske konsekvensane dette kan få for dei reisande. Meiner statsråden at lovnaden om å finne løysingar som sikrar god regularitet ved flypl. også i helgane er haldne?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:213 (2007-2008)

    Innlevert: 13.11.2007

    Sendt: 14.11.2007

    Besvart: 23.11.2007 av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

    Ein er kjend med at fleire kommunar i Sogn og Fjordane vil kome til å betale "fallskjermar" til ordførarar som er blitt kasta/ikkje gjenvalgt etter siste kommuneval. Synes statsråden at dette er rett bruk av offentlege midlar, når kommunane slit med å tilsetje nok folk til dei lovpålagte oppgåvene?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:171 (2007-2008)

    Innlevert: 07.11.2007

    Sendt: 08.11.2007

    Besvart: 14.11.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Helse Førde har føreteke dramatiske kutt ved akuttberedskapen i Sogn og Fjordane. No kan det sjå ut som at det er ambulansetenesta som står for tur. Responstida i utkantane i fylket er allereie i dag altfor høg. Ved ytterlegare strukturendringar, som administrasjonen no arbeider med, vil tryggheitsfølelsen verte dramatisk svekka. Kva vil statsråden som sjukehuseigar gjere for å hindre strukturendringar innanfor ambulansetenesta i Sogn og Fjordane?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:109 (2007-2008)

    Innlevert: 24.10.2007

    Sendt: 25.10.2007

    Besvart: 01.11.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Trafikken på ferjestrekninga Lote-Anda har auka enormt dei siste åra. Altfor mange gonger har bilar måtta stå igjen på begge sider pga. altfor liten ferjekapasitet. Dette betyr at det fortast mogleg må på plass ny og større ferje på denne strekninga, noko som etter det ein er kjend med også må medføre ombygging/utviding av ferjekaiane. Kva føretek statsråden seg for å snarast syte for at det vert eit tilfredsstillande ferjesamband mellom Lote-Anda, med ferje og ferjekaier som har stor nok kapasitet?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:28 (2007-2008)

    Innlevert: 04.10.2007

    Sendt: 04.10.2007

    Besvart: 15.10.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Eg viser til sak S. nr. 217, handsama av Stortinget 13. 06. 06 vedr. disp. frå yrkestransportlova for personar over 70 år. I "Komiteens merknader" vert det m.a. vist til: "Dette flertall viser til statsrådens uttalelse om at hun så snart som mulig vil komme tilbake til Stortinget om saken med eventuelle forslag til endringer." Kva er status på departementet sitt arbeid i denne saka?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1201 (2006-2007)

    Innlevert: 12.06.2007

    Sendt: 12.06.2007

    Besvart: 18.06.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

    Helse Førde stenger fødeavdelinga i Lærdal i sommar, og skuldar på ferieavvikling og økonomi. Helseministeren har i pressemelding sagt at ho ikkje aksepterar stenging av fødeavdelingar med økonomi som grunngjeving. Kva vil statsråden gjere for at fødeavdelinga i Lærdal ikkje vert stengt i sommar?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til justisministeren

    Dokument nr. 15:1120 (2006-2007)

    Innlevert: 30.05.2007

    Sendt: 31.05.2007

    Besvart: 11.06.2007 av justisminister Knut Storberget

    Stortinget har vedteke oppretting av sivil helikopterredningsteneste i Florø, utan at vedtaket er gjennomført. Departementet sendte 25. april 2007 ut brev og opplyste at tre selskap er prekvalifisert, men at den vidare prosessen med anbodsutlysing er no til vurdering mot utførsel i egenregi. Utførsel i egenregi er brot med stortingsvedtak. Sidan 25. april 2007 har saka stått stille. Vil statsråden syte for at det vert snarleg framdrift i saka i tråd med vedtak i Stortinget om sivil helikopterredningsteneste i Florø?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:1086 (2006-2007)

    Innlevert: 24.05.2007

    Sendt: 24.05.2007

    Besvart: 01.06.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

    Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF) har sendt ut konkurransegrunnlag for eit nybygg på 5 500 kvm. Formål: samlokalisere statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar, som i dag leiger lokalar kvar for seg, og der dei besøkjande til desse kontora har lite med kvarandre å gjere. Konsekvensane er ein sannsynleg auke av husleige for desse etatane på opp mot 3,5 mill. kr pr. år, og at det vert ståande mykje tomme lokalar i Førde. Synes statsråden at dette er fornuftig bruk av skattepengar?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fornyings- og administrasjonsministeren

    Dokument nr. 15:532 (2006-2007)

    Innlevert: 02.02.2007

    Sendt: 02.02.2007

    Besvart: 09.02.2007 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

    Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF) har sendt ut konkurransegrunnlag der det vert bede om tilbod på nybygg på 55 00 kvm. Formålet er å samlokalisere statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar. Resultatet er at det vert ståande enorme tomme lokalar i Førde, og offentlege midlar vert nytta til å øydeleggje for privat initiativ. Vil statsråden gå inn for å hindre ei rasering av eigedomsnæringa i Førde, ved å syte for at det vert sett i verk ei konsekvensutgreiing av den planlagde offentlege utbygginga?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:368 (2006-2007)

    Innlevert: 18.12.2006

    Sendt: 18.12.2006

    Besvart: 04.01.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Etter at Posten flyttet sin omlastingssentral frå Florø til Ålesund, har verksemder i Nordfjord kome utanfor den såkalte garantisona. Konsekvensane er at ein ikkje er garantert levering før kl. 09.00 neste morgon. Ifølgje verksemder i dette området har dette fått alvorlege konsekvensar for dei. Kva vil statsråden gjere for at verksemder i Nordfjord kan kome innanfor garantisona, slik at dei er garantert at Postens ekspressleveransar over natt vert levert dei før kl. 09.00 neste morgon?
  • Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:200 (2006-2007)

    Innlevert: 14.11.2006

    Sendt: 15.11.2006

    Besvart: 24.11.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Dersom våt snø legg seg samstundes på dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane, og det samstundes er helg, risikerer dei reisande til og frå fylket å stå utan flytilbod i fleire dagar. Årsaka til dette er manglande helgeberedskap blant teknikarane, noko som også kan gå på sikkerheita laus. Kva vil statsråden gjere for å unngå helgestenging ved våre regionale flyplassar grunna våt snø på rullebane, og manglande helgeberedskap blant teknikarane som kan løyse "våt-snø"-problema ved desse flyplassane?