Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Røys, Heidi Grande (1 - 20 av 33)
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til justisministeren

    Dokument nr. 15:882 (2004-2005)

    Innlevert: 14.06.2005

    Sendt: 15.06.2005

    Besvart: 23.06.2005 av justisminister Odd Einar Dørum

    Advokat Sjur Vinje uttaler til NRK Sogn og Fjordane at praksisen kva gjeld å vurdere retten til fri rettshjelp er strengare hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, enn andre stader. Advokaten har lang erfaring med utlendingssaker, og hevdar med bakgrunn i si fartstid at fylkesmannen i fylket er generelt strengare ved skjønnsvurderinga av fri rettshjelp enn embeta elles i landet. Vil statsråden gjere noko for ei vurdering av praksisen, og kva vil han gjere for å sikre lik handsaming frå fylke til fylke i slike saker?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:701 (2004-2005)

    Innlevert: 19.04.2005

    Sendt: 20.04.2005

    Besvart: 27.04.2005 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

    NRK har lagt fram årsrapport for 2004 utan å omtale bruken av nynorsk i innslaga. Sidan NRK ikkje sjølv rapporterer på bruken av nynorsk i si årsmelding, kan kultur- og kyrkjeministeren gi ei oversikt over måloppnåing på bruk av nynorsk i NRK, samla og i dei ulike redaksjonar/avdelingar, og å gi ei vurdering av om dette temaet burde vere av dei faste punkta som skal omtalast i NRK sin årsrapport, m.a. ved å rapportere erfaringar med Nynorsk mediesenter?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til justisministeren

    Dokument nr. 15:680 (2004-2005)

    Innlevert: 13.04.2005

    Sendt: 13.04.2005

    Besvart: 18.04.2005 av justisminister Odd Einar Dørum

    Eg viser til spørsmål frå Elisabeth Røbekk Nørve av 18. februar 2005 og justisministeren sitt svar av 28. februar 2005 vedkommande redningshelikopterbasen i Florø. Departemenet skriv at ein tar sikte på utlysing av anbodet i EØS-området så snart som mogleg i vår, og at det vil ta 18 månader frå kontrakt er tildelt til tenesta kan starte opp. Er anbodet sendt ut, kortid vil arbeidet med oppbygginga av sjølve basen i Florø skje, og kor lang tid reknar ein med å bruke på oppbygginga?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:541 (2004-2005)

    Innlevert: 22.02.2005

    Sendt: 22.02.2005

    Rette vedkommende: Finansministeren

    Besvart: 28.02.2005 av finansminister Per-Kristian Foss

    Kommunal- og regionalministeren og andre regjeringsmedlemer har fleire gongar hevda at Regjeringa har brukt 2 kr på offentleg velferd for kvar krone som er brukt på skattelette. Kan statsråden gje ei detaljert oversikt som viser korleis dette reknestykket kjem fram, og at svaret gir ei tilvising til aktuelle kapittel og post i statsbudsjettet, splitta opp på ulike budsjettår?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:334 (2004-2005)

    Innlevert: 15.12.2004

    Sendt: 15.12.2004

    Besvart: 29.12.2004 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

    I Irland dekker staten alle kostnader ved algegiftkontroll, i Danmark må dei som haustar skjel betale to øre pr. kg og i Spania og Canada betalar dyrkarane avgift pr. omsett vare. I Noreg er det ein kostnad på ca. 4 000 kr for giftanalyse, bakterieanalyse og algeanalyse for eit haustingsløyve som varer i 10 dagar. Avgifta er til stor ulempe for næringa, og gjer det vanskeleg å utvikle denne. Kva er statsråden sitt syn på storleiken på avgiftene i skjelnæringa, og kva tiltak vil han komme med for å utvikle næringa?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:303 (2004-2005)

    Innlevert: 09.12.2004

    Sendt: 09.12.2004

    Rette vedkommende: Moderniseringsministeren

    Besvart: 17.12.2004 av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer

    I Dagens Næringsliv 8. desember 2004 vert det vist ei oversikt over offentlege arbeidsplassar, endringar frå 2002 til 2003 (kjelde: SSB og Telemarksforsking). Sogn og Fjordane ligg øverst på tabellen kva gjeld tap av arbeidsplassar, med 524, og Oslo ligg i motsett ende av tabellen med størst auke i tal statlege arbeidsplassar med 1952. Kva er årsaka til den store reduksjonen i Sogn og Fjordane og auken i Oslo, og korleis heng dette saman med Regjeringa sin politikk om utflytting av statlege arbeidsplassar?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til barne- og familieministeren

    Dokument nr. 15:104 (2004-2005)

    Innlevert: 22.10.2004

    Sendt: 22.10.2004

    Besvart: 05.11.2004 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

    Kva konkret er gjort for å styrke lærarane sin kompetanse når det gjeld det å gi barn og unge tryggleik i høve til eigen kjønnsidentitet, spesielt i høve til homofil identitet?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:886 (2003-2004)

    Innlevert: 08.09.2004

    Sendt: 08.09.2004

    Besvart: 16.09.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

    Administrerande direktør i Helse Førde har tilsett ein tidlegare kollega som ny økonomidirektør i Helse Førde. Stillinga var ikkje lyst ut. I staten og kommunane er det lovfesta at stillingar skal lysast ut, men ikkje, etter det eg forstår, i statlege føretak. Kva er helseministeren sitt syn på at tilsetjingar av sentrale stillingar i eit helseføretak skjer utan utlysing, og vil helseministeren legge fram forslag om å lovfeste utlysing av stillingar i helseføretaka?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:523 (2003-2004)

    Innlevert: 18.03.2004

    Sendt: 19.03.2004

    Besvart: 26.03.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

    Ei kvinne som søkjer opphaldsløyve har fått avslag frå UDI med følgjande grunngjeving: "Søknaden er ikke vurdert i forhold til utlendingsforskriften § 37 sjette ledd, da søker ikke har blitt mishandlet av sin ektefelle." I kva grad er psykisk mishandling grunnlag for å vurdere ein søknad om opphald etter utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd, og i kva grad vert slik mishandling frå familiemedlemmer av ektefelle vurdert ved handsaming av søknader?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

    Dokument nr. 15:423 (2003-2004)

    Innlevert: 24.02.2004

    Sendt: 24.02.2004

    Besvart: 27.02.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

    Regjeringa vart i Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004) beden om å raskast mogleg utforme forslag til ordning der heile, eller deler av bransjar kan betale gradert arbeidsgivaravgift, fordi dei driv verksemd som ikkje er i aktuell eller potensiell konkurranse med verksemder i andre land i EØS-området. Døme på slike kan vere offentlege verksemder eller ikkje-kommersielle verksemder. Kor langt har Regjeringa komme i arbeidet med å utforme ei slik ordning, og kva framdriftsplan arbeider Regjeringa etter?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:370 (2003-2004)

    Innlevert: 11.02.2004

    Sendt: 12.02.2004

    Besvart: 19.02.2004 av miljøvernminister Børge Brende

    Statoilraffineriet på Mongstad har årlege utslipp på 1 000 tonn svovel. Med dominerande vindretning frå sørvest, spreier dette seg nordover Vestlandskysten, til eit område som er kjenslevart for ureining. Påkjenninga frå Mongstad tilsvarer eit årleg forbruk av 7 000 tonn kalkmjøl, til ein verdi av 12-15 mill. kr ferdig spreidd. I kva grad kan Statoil Mongstad bli pålagt gjennom konsesjonsvilkåra gitt av SFT å betale for sin del av kalkinga i utvalde område i Nordhordaland, Ytre Sogn, Ytre Sunnfjord?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:337 (2003-2004)

    Innlevert: 04.02.2004

    Sendt: 05.02.2004

    Besvart: 09.02.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

    I svaret på Karin Andersen sine budsjettspørsmål av 20. oktober 2003 svarer kommunal- og regionalministeren 29. oktober 2003 m.a. med ein tabell som syner statleg sysselsetjing på kommune og fylkesnivå pr. 1. mars 2000 og 1. mars 2003. Tabellane viser relativ store tal under omgrepet "uspesifisert komm.", utan at det er nærare gjort greie for kva som ligg i dette. Kan statsråden gi eit oversyn og forklaring på kva stillingar som ligg i "uspesifisert komm.", og kvifor desse stillingane berre er i kolonne for 2000?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:294 (2003-2004)

    Innlevert: 22.01.2004

    Sendt: 23.01.2004

    Besvart: 30.01.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Sidan 1997 har Statens vegvesen i Sogn og Fjordane hatt avtale med Alarmsentralen 110 i Florø om overvaking av dei mange tunnelane i fylket. I praksis vil det sei at alarmsentralen vert varsla med ein gong nokon anten har løfta røyret av ein naudtelefon eller fjerna brannslokkingsapparatet inne i tunnelane. No har Statens vegvesen sagt opp denne avtalen. Fleire brannsjefar fryktar at omlegginga vil gå utover tryggleiken i tunnelane. Korleis vurderer statsråden tryggleiken i tunnelane i Sogn og Fjordane?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til helseministeren

    Dokument nr. 15:282 (2003-2004)

    Innlevert: 19.01.2004

    Sendt: 19.01.2004

    Besvart: 22.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Den nybygde ungdomspsykiatriske avdelinga i Førde står ferdig og skulle etter planen ha kome i full drift frå årsskiftet. Pengemangel fører til at avdelinga likevel ikkje vil kunne kome i full drift før i 2005, ifølgje direktøren for psykisk helsevern i Helse Førde. Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet som manglar denne type psykiatrisk avdeling for ungdom. Psykiatri har vore Regjeringa sitt satsingsområde. Kva vil statsråden gjere for at avdelinga skal komme i drift snarast?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

    Dokument nr. 15:176 (2003-2004)

    Innlevert: 28.11.2003

    Sendt: 01.12.2003

    Rette vedkommende: Nærings- og handelsministeren

    Besvart: 08.12.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Innovasjonsundersøkinga 2001 kartlegg innovasjonsmønstre i norske verksemder. I undersøkinga vert det m.a. spurt om hinder for innovasjon. Kan statsråden, med utgangspunkt i resultata frå denne undersøkinga, gi ei vurdering av i kva grad mangel på kapital synest å vere eit hinder for innovasjon for verksemder lokalisert i distrikta (A, B og C området) samanlikna med D og E områda, og gi òg gi ei vurdering av kva hinder for innovasjon som er mest framtredande i ulike regionar og næringar?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:97 (2003-2004)

    Innlevert: 04.11.2003

    Sendt: 04.11.2003

    Besvart: 11.11.2003 av miljøvernminister Børge Brende

    I svar på finanskomiteen ved SV sin fraksjon av 13. oktober 2003 sitt spørsmål omkring nedlegginga av kartkontoret i Sogn og Fjordane, skriv Miljøverndepartementet i sitt svar: "Forslaget frå Statens kartverk er basert på ei fagleg og heilskapleg vurdering, kor forslaget frå ei intern arbeidsgruppe er eit av fleire element i prosessen." Kva er dei andre elementa, og korleis vil statsråden forklare at kontoret i Sogn og Fjordane har eit rekruttering- og kompetanseproblem slik kartverksjefen påstår?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til arbeids- og administrasjonsministeren

    Dokument nr. 15:782 (2002-2003)

    Innlevert: 25.09.2003

    Sendt: 26.09.2003

    Besvart: 03.10.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

    Kleven Florø-Førde har denne veka sendt oppseiing til 350 tilsette, noko dei hevdar kunne vore unngått om den gamle permitteringslova hadde gjelde. Verksemda har før i år sagt opp 212 tilsette på grunn av ordretørke. I revidert nasjonalbudsjett vedtok eit samla storting at Regjeringa i forskrift kan gi unntak frå 26-vekersregelen for enkelte næringar. Kva er grunnen til at Regjeringa har vald ei heilt ny ordning, framfor å gå tilbake til den gamle "52- vekersregelen" for dei næringane som søkjer om unntak?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:671 (2002-2003)

    Innlevert: 16.06.2003

    Sendt: 16.06.2003

    Besvart: 24.06.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

    Statsråden skriv i underteikna svar på spørsmål nr. 503 at det ikkje er grunnlag for ein ekstraordinær gjennomgang av soneinndelinga av det distriktspolitiske virkeområdet no. Kva er då grunnen til at Regjeringa likevel har føretatt ein gjennomgang, og peika ut fire kommunar i sone D, som skal få tilgang til alternativ til den differensierte arbeidsgivaravgifta, og kva er det som er særskilt med situasjonen i desse fire kommunane samanlikna med andre kommunar i sone D?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

    Dokument nr. 15:528 (2002-2003)

    Innlevert: 07.05.2003

    Sendt: 07.05.2003

    Besvart: 12.05.2003 av finansminister Per-Kristian Foss

    I rapporten frå arbeidsgruppa nedsett av Finansdepartementet for å sjå på organisering av toll- og avgiftsetaten si ytre forvaltning, er det ikkje gitt noko vurdering knytte til tollkontoret i Florø. Er høyringsuttalene frå m.a. Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune i det heile tatt registrert og vurdert av arbeidsgruppa, eller var ikkje gruppa merksam på dei innkomne uttalene knytte til Florø?
  • Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:503 (2002-2003)

    Innlevert: 28.04.2003

    Sendt: 28.04.2003

    Besvart: 08.05.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

    Det distriktspolitiske virkeområdet er fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet. Kva kommunar som inngår i dei ulike sonene for støtte, har direkte konsekvensar for kor SND har høve til å medvirke med finansiering innan visse ordningar. I forskriftene frå 1. januar 2000 vart ei rekkje kommunar flytta frå prioriteringsområde C til D. I samband med bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift, vil soneinndelinga vere svært sentral. Vil statsråden ta initiativ til ny gjennomgang av soneinndelinga?