Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Fiskaa, Ingrid (41 - 60 av 105)
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:3071 (2022-2023)

    Innlevert: 01.09.2023

    Sendt: 01.09.2023

    Besvart: 07.09.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    I snart tjue år har me diskutert behovet for internasjonale skattereglar. Global fattigdom og ulikskap aukar, men utviklingsland taper framleis langt meir pengar på skatteparadis enn det dei får i bistand. Med dei afrikanske landa i ryggen kjem FNs generalsekretær med ein svært tydeleg beskjed til haustens generalforsamling: Det trengst ein skattekonvensjon i FN no. Vil regjeringa aktivt støtta opp om generalsekretærens rapport på FNs generalforsamling, og vil regjeringa ta til orde for å vedta eit forhandlingsmandat?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:3069 (2022-2023)

    Innlevert: 01.09.2023

    Sendt: 01.09.2023

    Besvart: 08.09.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

    Mener statsråden at det er rett å hindra folk i å arbeida når dei er innvilga supplerande stønad, eller vil statsråden bidra til at alle skal få moglegheit til arbeid med inntekt - også flyktningar som kom hit med nedsett funksjonsevne, og som er innvilga supplerande stønad?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2910 (2022-2023)

    Innlevert: 18.08.2023

    Sendt: 18.08.2023

    Besvart: 25.08.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Vil regjeringa gjera det mogleg for fleire typar organisasjonar innan helsefrivilligheit å søka om tilskot?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:2908 (2022-2023)

    Innlevert: 18.08.2023

    Sendt: 18.08.2023

    Besvart: 25.08.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

    Kva gjer regjeringa for å auka ombruken i samfunnet, og vil regjeringa ta initiativ til at alle kommunar skal ha ombruksmottak?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2845 (2022-2023)

    Innlevert: 11.08.2023

    Sendt: 11.08.2023

    Besvart: 16.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Unge palestinske fotballspelarar vart nekta visum til årets Norway Cup, etter rotete og villeiande prosessar i UDI og med uklare grunngivingar. Kan regjeringa forklara kvifor fotballjentene frå Ramallah ikkje fekk visum, og vil regjeringa ta nødvendige grep for at fotballspelarar frå Palestina får ei ryddig og føreseieleg behandling av UDI, slik at dei kan delta på Norway Cup neste år?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:2843 (2022-2023)

    Innlevert: 11.08.2023

    Sendt: 11.08.2023

    Besvart: 21.08.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland

    Planane om høgspentlinje i luftspenn mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær møter sterk motstand. Store naturverdiar og ei viktig turistnæring står på spel. Bygging av høgspentlinjer i lufta gir heller ingen norske arbeidsplassar, i motsetning til sjøkabel, der Noreg har teknologi og kompetanse i verdsklassen. Vil regjeringa sørga for ei uavhengig utgreiing av sjø- og jordkabel som alternativ til luftspenn?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2789 (2022-2023)

    Innlevert: 04.08.2023

    Sendt: 04.08.2023

    Besvart: 11.08.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    USA prøver no ut ei ordning der amerikanske palestinarar kan få reisa visumfritt og enkelt til Palestina. Vil regjeringa gjera det same for norske palestinarar?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:2787 (2022-2023)

    Innlevert: 04.08.2023

    Sendt: 04.08.2023

    Besvart: 11.08.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    I sommar var me vitne til den varmaste dagen nokosinne, og fattige folk flyktar frå heimstadene sine fordi det ikkje lenger går an å leva av den uttørka jorda. Den 5. oktober møtest verdas donorland for å fylla på FNs grøne klimafond for perioden fram til 2027. Enkelte land har allereie annonsert bidraga sine for å motivera verdas rike land til å grava djupt i lommene. Kor mykje kjem Noreg til å auka sitt bidrag til det grøne klimafondet GCF med i neste periode?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2735 (2022-2023)

    Innlevert: 30.06.2023

    Sendt: 30.06.2023

    Besvart: 07.07.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    Det iranske regimets grufulle straffemetodar fortset med full styrke. Så langt i år har 353 menneske blitt avretta og ein stor del av desse var kurderar og balucherar. Dette veit me fordi modige menneskerettsorganisasjonar dokumenterer regimets overgrep. Dokumentasjonen er avgjerande for straffeforfølging av dei ansvarlege. Iran Human Rights og Hengaw Organisation for Human Rights er eksempel på slike organisasjonar, som blir drivne av frivillige. Vil utanriksministeren gje økonomisk støtte til slike organisasjonar?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2685 (2022-2023)

    Innlevert: 28.06.2023

    Sendt: 29.06.2023

    Besvart: 07.07.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    Det hastar å regulera autonome våpensystem. Ti år med diskusjonar i FNs Våpenkonvensjon i Genève har ikkje ført fram, men no har 90 land, mellom andre allierte europeiske land som Nederland og Spania, tatt til orde for ei juridisk bindande regulering. Trass i at den internasjonale debatten har skote fart, er det uklart kva den norske regjeringa meiner skal til for å regulera desse våpna. Kva er regjeringa sin plan for regulering av våpensystema, og vil utanriksministeren utvikla norske posisjonar slik andre allierte har gjort?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:2627 (2022-2023)

    Innlevert: 22.06.2023

    Sendt: 22.06.2023

    Besvart: 29.06.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Eg viser til svar på spørsmål 2507, om operasjonen utført av norske styrkar i Afghanistan i 2007, der målet var å ta til fange ein Taliban-leiar. Når – og korleis – vart Task Force 51/Forsvarets spesialkommando (FSK) første gong klar over at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem, og ikkje Taliban-leiaren Qari Nejat, og når og korleis vart Forsvarsdepartementet klar over dette?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:2507 (2022-2023)

    Innlevert: 11.06.2023

    Sendt: 12.06.2023

    Besvart: 19.06.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    I 2007 gjennomførte norske styrkar ein større operasjon i Afghanistan der målet var å pågripa ein Taliban-leiar. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange. Kva opplysningar fekk departementet frå Forsvarets spesialkommando (FSK) om identiteten til den pågripne mannen og om han var målet for operasjonen, og kva for identitet vart oppgitt i rapporten laga av FSK i etterkant av operasjonen, ein såkalla Post Operations Report?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:2356 (2022-2023)

    Innlevert: 26.05.2023

    Sendt: 30.05.2023

    Besvart: 06.06.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Kva har regjeringa gjort for å forsikra seg om at det ikkje er atomvåpen om bord på hangarskipet Gerald R. Ford når det no seglar i norske farvatn, og har regjeringa kommunisert det norske synet om at Noreg skal vera ei atomvåpenfri sone i samband med besøket av hangarskipet?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:2352 (2022-2023)

    Innlevert: 26.05.2023

    Sendt: 26.05.2023

    Besvart: 05.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

    I Lindesnes kommune går det no ein planprosess der det som mest sannsynleg er eit mineraluttaksprosjekt blir framstilt som eit prosjekt for hamn og industriområde med plan om produksjon av fundament til flytande havvind. Korleis stiller regjeringa seg til godkjenning av prosjekt som ville vore underlagt konsesjonsplikt frå Direktoratet for Mineralforvaltning dersom det ikkje var feilaktig definert som hamn og industriområde?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:2311 (2022-2023)

    Innlevert: 23.05.2023

    Sendt: 23.05.2023

    Rette vedkommende: Næringsministeren

    Besvart: 01.06.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Utviklingsministeren skriv i svaret på det tidlegare spørsmålet mitt om Norfund sitt søksmål i ICSID mot Honduras at slike tvisteløysingsmekanismar kan vera utfordrande både konstitusjonelt og politisk. Noreg har fem mellomstatlege avtaler som inkluderer slike investor-stat tvisteløysingsklausular, deriblant med Chile og Peru. Vil utviklingsministeren ta initiativ til at Noreg avsluttar desse avtalene?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2277 (2022-2023)

    Innlevert: 16.05.2023

    Sendt: 19.05.2023

    Besvart: 30.05.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    28. mai er andre runde i det tyrkiske presidentvalet. Det er stor bekymring for valfusk. Kva vil utanriksministeren gjere for å forhindre arrestasjon av kritiske journalistar og opposisjonelle fram mot andre valrunde, og vil utanriksministeren bidra til internasjonale observatørkorps og støtte tyrkiske organisasjonar som arbeider for at andre valrunde vert fritt og demokratisk?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:2177 (2022-2023)

    Innlevert: 09.05.2023

    Sendt: 10.05.2023

    Besvart: 16.05.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

    Dei formelle avtalane mellom norsk og amerikansk etterretning, kalt NORUSA-avtalane, er hemmelege. Den første vart inngått alt i 1952. Avtalen var hemmeleg då, og er framleis hemmeleg meir enn 70 år seinare. Vil regjeringa bidra til offentlegheit om etterretningsavtalane mellom Noreg og USA?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

    Dokument nr. 15:2151 (2022-2023)

    Innlevert: 05.05.2023

    Sendt: 08.05.2023

    Besvart: 15.05.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

    Det statlege utviklingsfondet Norfund har stemna Honduras i den internasjonale stat-investor tvisteløysingsmekanismen ICSID. Regjeringa har sagt opp avtaler med europeiske land med stat-investor tvisteløysingsmekanisme og statsrådens eigne partikollegaer har ved ulike høve uttala seg særdeles kritisk til private selskaps høve til å stemne statar med grunnlag i politisk regulering. Var utviklingsministeren orientert før søksmålet vart reist og kva meiner ministeren om at den statlege utviklingsaktøren nyttar seg av ICSID?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2137 (2022-2023)

    Innlevert: 05.05.2023

    Sendt: 05.05.2023

    Besvart: 12.05.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    Vil utanriksministeren fordømma og/eller gi ein tydeleg reaksjon mot tyrkiske styresmakter sine aksjonar mot kurdiske journalistar og folkevalde i forkant av valet 14. mai, og korleis vil utanriksministeren bruka diplomatiske og offentlege kanalar til å hindra ei ulovleg nedstenging av det kurdiske opposisjonspartiet People's Democratic Party (HDP)?
  • Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:2092 (2022-2023)

    Innlevert: 28.04.2023

    Sendt: 02.05.2023

    Besvart: 09.05.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

    Sivilbefolkninga i Sudan står midt i skotelden mellom dei stridande generalane. Krigsbrotsverka er mange og humanitær tilgang er svært vanskeleg. Fattige naboland, som Tsjad, mottar mange krigsflyktningar. Kva gjer regjeringa for å sikre humanitær tilgang inn til Sudan, og vil regjeringa finansiere humanitær hjelp til flyktningane som no kjem til Tsjad og andre naboland?