Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Berg, Hallgrim (41 - 60 av 64)

  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.11.1990

    Besvart på vegne av: Kulturministeren

    Spørsmålet er trukket tilbake

    "Vil departementet ta initiativ til å gå gjennom lovreglar og avtale- verk med sikte på å fjerne unødige og kostnadskrevjande bindingar for norsk scenekunst?" (Trukket)
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 29.11.1990

    Fremsatt av: Arne Skauge (H)

    Besvart: 09.01.1991 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Gudmund Hernes

    "Styresmakter, foreldre, elevar og studentar har i dag ingen uavhengig faginstans til å kunne samanlikne standard, effektivitet og eksamensvitnemål mellom norske og utanlandske utdanningssystem. Kva vil statsråden gjera for å få til ordningar, til dømes gjennom eit europeisk organ, som kan utvikle slike påkravde evalueringsoppgåver?" (Tatt opp av Arne Skauge)
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og kirkeministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.11.1990

    Besvart: 21.11.1990 av kultur- og kirkeminister Åse Kleveland

    "I mange år har fagforeiningane greidd å hindre at ferdigspelte teatersuksessar i hovudstaden når ut til eit større publikum gjennom fjernsynet. Finn statsråden det rett og rimeleg at slike kulturgode vert flest mogeleg til del, og kva vil ho gjera for å setja fortgang i prosessen?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 26.10.1990

    Besvart: 14.11.1990 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Ei overnattingsbedrift utanfor allfarveg i Hallingdal blir meldt til politiet av miljøavdelinga i Buskerud dersom ikkje eigaren riv ned opplys- ningsskilt som er avgjerande for næringsdrifta. Kva kan departementet gjera for å praktisera § 15 i naturvernlova med lempe, slik at ikkje næringsdrivande i utkantane misser levebrødet sitt?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 17.10.1990

    Besvart: 24.10.1990 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Eit fleirtal i Stortinget har bede om oppdatering av Gardermoen som alternativ for ny hovudflyplass for Oslo-området. Førebels oversyn kan tyde på kostnader kring 20 milliardar kroner. Dersom det er rett at dei totale kostnadsrammene kjem i nærleiken av denne summen, vil statsråden gje Stortinget grunnlag for ny gjennomgang av flyplass-saka på fritt grunnlag?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og kirkeministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.05.1990

    Besvart: 06.06.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

    "Norsk Utvandrarmuseum på Hamar har unike oppgåver både av nasjonal og internasjonal art. Eit nybygg er ein føresetnad for at institusjonen skal kunne utvikle seg og fylle målsetjingane sine. Kva kan statsråden gjera for å medverka til å få planane realiserte?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til miljøvernministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 20.04.1990

    Besvart: 02.05.1990 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "I Hol i Hallingdal vil nokre bygdefolk starte eit pukkverk, som det er stor trong for. Statens forurensningstilsyn og departementet har nekta konsesjon. Er det meininga at § 11 i forurensingslova skal kunne nyttast til å hindre samfunnsgagnleg næringsverksemd, når miljøulempene - som i dette høvet - er særs små?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.03.1990

    Besvart: 04.04.1990 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Nasjonale og internasjonale finansieringsselskap er interesserte i å bygge flyplass på Hurum, kostnadsfritt tilbakelevert til staten etter 25-30 driftsår. Føresetnaden er høve til innsyn i dei værdata, underlagsdokument og den målemetodikk og resultat-tolking som er nytta på Hurum som grunnlag for Hafnor-rapporten. Vil statsråden sørge for at dette komplette materialet vert stilt til disposisjon for interessentar?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og kirkeministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 22.03.1990

    Besvart: 28.03.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

    "Det er strid om kor vidt midla i Norsk Kassettavgiftsfond skal gå til vederlag for pop-artistar, eller om fondet skal vera ein aktiv reidskap i norsk musikk- og kulturliv. Kva meiner statsråden om dette, og vil departementet eventuelt vurdera endringar i retningslinene for tildeling?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til utenriksministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.02.1990

    Besvart: 21.03.1990 av utenriksminister Kjell Magne Bondevik

    "Store skogareal i Israel er i seinare tid brende ned som ledd i palestinsk terrorverksemd. Resultatet er økonomisk og økologisk katastrofe. Korleis vil utanriksministeren markere dei norske synspunkta på desse ugjerningane?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Besvart: 01.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Av pressa går det fram at godstransporten på store delar av Bergens- banen skal over på veg. Dette verkar uforståeleg sett frå miljøsida, og det skapar i tillegg ei lang rekkje andre problem på og langs Rv7. Korleis vurderer statsråden denne saka?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til samferdselsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Besvart: 01.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Kontrolltilsynet med norske skiheisar er monopolisert. Årsavgiftene er tårnhøge samanlikna med liknande tenester i andre alpin-land. Vil statsråden opne for nyordningar på denne marknaden, slik at omsynet til tryggleik og økonomi kan sameinast på ein betre måte?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.05.1989

    Besvart: 24.05.1989 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "Steiner-skolen i Drammen vil kjøpe ein eldre bygning som er godt tenleg for føremålet. Saka er tilrådd av byplankontoret og Riksantikvaren. Men søkjaren får ikkje tilskott frå departementet, med den grunngjeving at tilskott berre kan gjevast til nybygg og ikkje til ombygging eller kjøp av bygning. Vil statsråden revurdera denne konkrete saka og ta initiativ til eit meir fornuftig regelverk?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og vitenskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 24.05.1989

    Besvart: 24.05.1989 av kultur- og vitenskapsminister Hallvard Bakke

    "Norsk skriftkultur treng styrkingstiltak. Både i 1987 og 1988 ba Stortinget om at departementet skulle setja ned eit utval som i samanheng kan vurdera problem vedrørande skriftspråk, litteraturformidling, støtte- ordningar, arbeidsvilkåra for forfattarane, bibliotekstellet, osv. Oppgåva er særs omfattande og krev eit allsidig samansett utval. Når vert utvalet oppnemnt og sett i arbeid?" (Tas opp av representanten Per-Kristian Foss)
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og vitenskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.04.1989

    Spørsmålet er trukket tilbake

    "Seljord kommunestyre har vedteke at vaksne folk ikkje skal få leige filmer for vaksne, sjølv om dei er godkjende av Statens Filmkontroll. Meiner statsråden at vedtaket er i samsvar med prinsippa om ytrings- fridom og lik tilgang på kulturtilbod i distrikta?" (Trukket)
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og vitenskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 12.04.1989

    Besvart: 12.04.1989 av kultur- og vitenskapsminister Hallvard Bakke

    "Oppslag i Vårt Land om at eit stort tal nærradioar står i fare for å miste konsesjonen, avslører store problem som følgje av den pålagte reklameavgifta. Kva tiltak vil statsråden vurdere for å gjera det lettare for nær- radioane å overleva og utvikle seg?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Besvart: 08.02.1989 av justisminister Helen Marie Bøsterud

    "Enorm auke i turismen i Hemsedal - med eit folketal til tider som i ein mellomstor norsk by - og lange fråstandar til politi, gjer at mange kjenner uro ved utviklinga. Meiner departementet at tida snart er komen for å skilja ut Hemsedal som eige lensmannsdistrikt?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til næringsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.11.1988

    Besvart: 30.11.1988 av næringsminister Finn Kristensen

    "Nordmenn legg at dobbelt så mykje pengar ute som utlendingar legg att her. Som det best utbygde heilårs reiselivsområdet i landet har Buske- rud fylke søkt om at også "Hallingdal/Øvre Numedal" skal reknast som "nasjonalt satsingsområde" med sikte på auka valutainntekter. Meiner departementet at dette distriktet fyller dei krava som er lagde til grunn for slike satsingsområde?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og vitenskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 16.11.1988

    Besvart: 16.11.1988 av kultur- og vitenskapsminister Hallvard Bakke

    "I 1988 har mange produksjons- og sendeselskap for fjernsyn gått konkurs eller blitt avvikla, då det utan reklame ikkje er driftsgrunnlag for lokale fjernsynsaktivitetar utanfor NRK. Kvifor har statsråden ikkje villa at norsk lokal-TV skal få utviklings- vilkår, og frå kva tidspunkt vil han at dette kulturmediet skal få ei effek- tiv finansieringsform?"
  • Spørretimespørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kultur- og vitenskapsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 16.11.1988

    Besvart: 16.11.1988 av kultur- og vitenskapsminister Hallvard Bakke

    "Norsk filmproduksjon er plaga med støtteordningar og regelverk som er unødig kostnadsdrivande, samstundes som privat risikovillig kapital ikkje blir stimulert til å ta sin del av finansieringa. Vil statsråden ta initiativ for omleggingar som kan føre til større rasjonalitet, fleire konkurrerande produksjonsmiljø og breiare finansie- ringsansvar på dette området?"