Stortinget - Møte tirsdag den 11. juni 2019

Dato: 11.06.2019
President: Eva Kristin Hansen
Dokumenter: (Innst. 360 L (2018–2019), jf. Prop. 107 L (2018–2019))

Innhold

Sak nr. 5 [12:53:33]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i kommuneloven 2018 (retting av inkurier m.m.) (Innst. 360 L (2018–2019), jf. Prop. 107 L (2018–2019))

Talere

Presidenten: Etter ynske frå kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten føreslå at taletida vert avgrensa til 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil presidenten føreslå at det – innanfor den fordelte taletida – vert gjeve anledning til inntil fem replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og at dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Det er vedteke.

Ove Trellevik (H) [] (ordførar for saka): Den 22. juni i fjor vedtok me ny kommunelov. Saka me i dag behandlar, er av meir teknisk karakter, med retting av små inkuriar og for å sikra god samanheng med anna regelverk. Det er ein samla komité som står bak innstillinga. Eg vil takka komiteen for raskt å få på plass dei nødvendige endringane. Me set dermed punktum for eit langt lovarbeid både i departementet og her i Stortinget. Til hausten vil den nye kommunelova tre i kraft i samband med konstitueringa av dei nye kommunestyra. Det står att for meg på vegner av komiteen å få ønskja Kommune-Noreg lykke til med ny kommunelov.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 5.