Spørretimespørsmål m.m.

Liste over muntlige spørsmål og spørretimespørsmål fra representantene til statsrådene, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved møtets slutt.

Avgrens utvalget

Finn spørretimespørsmål etter

Widnes, Marie Lovise (21 - 40 av 73)

  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 04.03.1992

    Besvart: 11.03.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ein er kjend med at det i statsbudsjettet er avsett midlar til fullverdig ambulansetilbod i Førde. Det er gjeve signal frå Rikstrygdeverket som tyder på at dei vil inngå direkte forhandlingar med eitt einskild flyselskap, noko som verkar lite rettferdig. Vil Regjeringa syte for at vanleg praksis med utlysing og anbod vert fylgd?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kommunalministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 03.03.1992

    Besvart: 11.03.1992 av kommunalminister Kjell Borgen

    "Etter orkanskadane på kysten, har mange plutseleg fått nedsett erstat- ningssummane med opp til 50%. Forsikringsselskapa grunngjev reduksjonen med dårlege konstruksjonar eller elde. Det er uklårt kva staten har lova av bidrag. Slik avisene har gjengjeve det, spriker utsegnene, også frå statsråd og departement. Kan statsråden gje eit avklårande svar, så folk veit kva dei har i vente?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 21.02.1992

    Besvart: 26.02.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ventelistene ved sjukehusa er eit omdiskutert emne, og eit problem for samfunn og pasient. Gjestepasientbetalinga står sentralt i diskusjonen. For ei utnytting av sjukehuskapasiteten over fylkesgrensene, verkar det som ei bremse, som ikkje ser ut til å tene pasientane. Meiner statsråden at denne ordninga fører til ei fornuftig sjukehusdrift?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.02.1992

    Besvart: 12.02.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ved handsaming av revidert budsjett 1991 vart det løyvt pengar til forsking på krybbedød. Det har teke eit år å fordele desse pengane. Det er og løyvt pengar på budsjettet for 1992, og klårt understreka av sosialkomiteen at nettopp krybbedødsforskinga bør prioriterast. Korleis er 91-pengane fordelte, og kva slags oppfylgjing gjer ein for krybbedødsforskinga for 1992?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.01.1992

    Besvart: 05.02.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ei 76 år gamal kvinne orkar etter tretti års pleie av broren ikkje å ta han heim etter sjukehusopphald. Ho rømar huset, men kommunen får politiet til å bryte opp døra og etterlet mannen åleine. Slike hendingar vitnar om manglande rettar for eldre og uføre. Kva vil sosialministeren gjere for å sikre pleietrengjande og pårørande rett til menneskjeverdig handsaming?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til justisministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 31.01.1992

    Besvart: 05.02.1992 av justisminister Kari Gjesteby

    "Orkanherjingane på Nordvestlandet og forliset utanfor Runde aktualiserar vern ved ulykker og "føre-var"-tiltak. Hustadvika og Stad er av dei mest utsette sjøstykke i landet. Møre og Romsdal åleine har ca 6 000 fiskarar. Kystleia er sterkt trafikkert. Vil statsråden verke til at redningshelikopterbase på Vigra vert vurdert på nytt?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 09.01.1992

    Besvart: 15.01.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "I Sunnmørsavisene 7. januar 1992 kom jubelmeldinga om at Muritunet var godkjend som opptreningsinstitusjon i Møre og Romsdal. Frænabu, som så å seie alle brukarorganisasjonane støttar, fekk nei. Helsedirektoratets møte med Frænabu-folk 9. januar 1992 vart avlyst. Har departementet lagt vekt på brukarmedverknad og økonomiske grunnar i avgjerda, eller veg andre kriteria tyngre?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.12.1991

    Besvart: 08.01.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ein representant for eit legemiddelfirma er ifylgje avisene engasjert av Sosialdepartementet for å utgreie den framtidige kontrollen med legemiddel i Noreg. Meiner sosialministeren det er i pakt med forvaltningslova og god demokratisk skikk å bruke representantar for ein industri til å leggje premissane for kontrollen med den same industrien?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.12.1991

    Besvart: 11.12.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Etter reglane for betaling i institusjon kan kommunane trekkje opptil 85% av dei inntektene som ein klient har utover grunnbeløp og eit fribeløp. Det gjer at om lag alt av skattefritak i desember vert inndrege. Kva kan gjerast for at også dei som bur på institusjon kan få litt meir å kjøpe for i julemånaden?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 15.11.1991

    Besvart: 20.11.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ei ung kvinne med cerebral parese tok eksamen som hjelpepleiar i 1989. På grunn av sitt handikap, kunne ho ikkje gjennomføre praksis etter vanlege reglar. Unntaksreglane vart oppheva medan ho gjekk på skule. Liv Karin Valderhaug vart nekta godkjenning som hjelpepleiar etter to års utdaning. Er dette i tråd med statsråden sitt syn på habilitering og rehabilitering?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 23.10.1991

    Besvart: 30.10.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Operasjonar på blødarar er kostnadskrevjande. Dette resulterer i lang ventetid og stans i den operative behandlinga i periodar. I ventetida må pasientane bruke faktorkonsentrat som vert betalt av Rikstrygdeverket. Kva kan gjerast for at pengane eller medisinane kan fylgje pasientane, og såleis korte ventetida og minske kostnadene og lidinga?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til barne- og familieministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1991

    Besvart: 05.06.1991 av barne- og familieminister Matz Sandman

    "Krisesentra må for ein stor del basere seg på gratis og friviljug innsats. Dei slit hardt for å halde det gåande, mellom anna for di kommunane ikkje er pålagde å betale tilskot. Det går også alt for lang tid, frå dei statlege midlane vert løyvde, til krisesentra får dei utbetalte. Korleis vil statsråden syte for betre ordningar, slik at dei som arbeider der ikkje gjev opp dette viktige arbeidet?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til forsvarsministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 30.05.1991

    Besvart: 05.06.1991 av forsvarsminister Johan Jørgen Holst

    "Dersom ein gut i sine første ungdomsår har brukt narkotiske stoff, men har sona og er heilt rehabilitert, vert han likevel nekta å avtene verneplikta. For somme kjennest dette som ei livslang straff. Dette verkar lite menneskjeleg i eit samfunn som har gamle kristne og humanistiske tradisjonar. Meiner statsråden desse unge bør få ein sjanse til å starte på nytt?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til kulturministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 08.05.1991

    Besvart: 15.05.1991 av kulturminister Åse Kleveland

    "Når statsetater orsakar seg for at dei ikkje fylgjer mållova, hevdar dei ofte at dei ikkje har tilsette som kan skrive nynorsk. Alle stats- tilsette i embets- og statstenestepostar der skriftleg utforming høyrer med, pliktar å nytte begge målformene, difor bør kravet til nynorskkunnskapar innskjerpast. Vil statsråden syte for at slikt krav vert innteke i alle stillings- utlysingar?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 25.04.1991

    Besvart: 08.05.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ifylgje oppslag i VG vil innsparingstiltaka i folketrygda ha konsekven- sar for titusenvis av pensjonistar, og dei som mister forsørgjartillegget vil bli ramma særskilt hardt. Generalsekretæren i Funksjonshemmedes Felles- organisasjon kaller endringane ein skamplett i folketrygda si historie. Ser statsråden noko problem i at folk på dette viset tykkjer seg svikta, og at trua på folketrygda kan rakna, slik at folk lit meir på private ordningar i staden?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 18.04.1991

    Besvart: 24.04.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Menneskje med dysleksi har store problem i dagleglivet, i jobb og samfunnsliv. Dei kan ha vanskar med å forstå viktige brev og kunngjeringar, regelverk og lover. Å svare skriftleg på brev, eller skrive søknader, fylle ut sjølvmeldingar med meire er mest uoverkomeleg. Finst det klåre reglar for økonomisk støtte til datautstyr, og korleis vert dei praktisert?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til fiskeriministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 17.04.1991

    Besvart på vegne av: Fiskeriministeren

    Besvart: 24.04.1991 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Stoppen i torskefisket trugar mange kystfiskarar, som ikkje kunne gå langt til havs for å fiske, og såleis ikkje fekk ta til på sesongen før nyleg. No er fisket stoppa og ryktet seier at heile felleskvoten er oppfiska. I så fall får korkje fiskarane på Vestlandet eller i Finnmark meir å fiske på. Kva kan fiskeriministeren gjere for å betre situasjonen for dei som vert stoppa midt i beste sesongen?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 19.03.1991

    Besvart: 10.04.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Ifylgje presseoppslag vart psykiatriske pasientar, epileptikarar og personar med Parkinsons sjukdom brukte som forsøksobjekt i mange år, i prosjekt som vart delfinansiert av CIA og det amerikanske forsvars- departement. Korleis vil sosialministeren handsame denne saka, og forhindre at slikt gjentek seg?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 07.03.1991

    Besvart: 13.03.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "I Dagbladet 7. mars 1991 vert det hevda at legemiddelindustrien driv med "smøring" av legar. Det vert hevda at dyre reiser, gåver og liknande skaper bindingar, som kan vere ein fåre for etisk standard og fagleg grunngjeving for utskriving av medisin. Vil sosialministeren undersøke tilhøva, og syte for at det ikkje utviklar seg til korrupsjonsliknande tilstandar?"
  • Spørretimespørsmål fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

    Spørretimespørsmål

    Datert: 05.03.1991

    Besvart: 13.03.1991 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

    "Fast tilsette legar kan no drive privat praksis frå kommunale kontor, dersom dei har avtale med kommunen. Mange legar driv i tillegg private konsultasjonar utanom kontoret. Dette kan føre til at kommunane misser inntekter, og at pasientgrupper vert samanblanda. Kva vil statsråden gjere for at kommunar og stat kan få oversyn og kontroll med ressursbruken ved deling av legetenesta?"